– Alt var ikkje betre før.
Runar Landro skjelv litt i stemmen.
Med blanke auge ser han utover forsamlinga på leiarkonferansen til Indremisjonsforbundet (ImF).
– Vi er ei gamal røyrsle, og vi har ikkje livets rett på grunn av vår historie, men vi kan ha livets rett om vi følgjer kallet.
– Amen, kjem det frå fleire i salen.
Straume Forum er fylt med leiarar i ulike generasjonar som følgjer engasjert med på Landro, leiaren for organisasjonen.
Han må ta fleire pausar når han talar til folket om det han opplever i organisasjonen.
– Gud kallar ImF på nytt og vi kan utgjere ein forskjell i Noreg og Europa.
– Vi er ei gamal røyrsle som i Guds under ser yngre ut på lenge.
Går ei ny tid i møte
Indremisjonsforbundet (IMF) har ei lang historie som starta då dei vart stifta i Bergen i 1898. Slagordet var “Med Guds ord til folket” og på bedehus langs bibelbeltet samla dei folk for å forkynne Gud ord.
Dette var lågkyrkjelege foreningar, og mange gjekk både på bedehusa og i kyrkja. Men dei siste åra har mykje endra seg i organisasjonen.
– Noko av den største forandringa er at vi har blitt fleire og fleire forsamlingar som tek ansvar for kristenlivet frå vogge til grav.
Landro fortel at mange foreningar har blitt til forsamlingar. Han forklarar at fleire bedehus har byrja å tilby fleire kyrkjelege handlingar som dåp, nattverdt, vigsel og gravferd. På grunn av dette, er det mange som no berre går på sitt lokale bedehus.
---
Indremisjonsforbundet (ImF)
- Grunnlagt i Bergen i 1898 med slagordet “Med Guds ord til folket”
- Bygger arbeidet på den Evangelisk Lutherske vedkjenninga
- Samanslutning av i alt 10 kretsar med rundt 850 underliggande forsamlingar, forenngar og lag.
- Har indremisjonsarbeid i rundt 450 bedehus på Vestlandet, Sørlandet og i Finnmark.
- Er heil- eller deleigarar av 24 skular (bibelskule, høgskule, bibelskule, vidaregåande, folkehøgskule og grunnskule)
---
Færre bedehus
– No kjem det lapskaus.
Jan Per Jonassen (73) fyk ivrig inn på kjøkkenet. Utanfor sit ein gjeng med damer og strikkar. Dei bur alle i Øygarden kommune utanfor Bergen, men har gått i kvart sitt bedehus, men fleire av desse bedehusa er no lagt ned.
– Då eg flytta til Sotra var det så mange bedehus at ein kunne gått tørrskodd mellom dei.
Tove Karin Dyvik Jonassen har sett bedehuset ho tilhøyrte på øya Misje verte lagt ned.
Kva tenkjer du om det?
– Eg syns det er heilt greit, for det er utviklinga.
Damene snakkar i munnen på kvarandre og fortel at det er viktig å nå ungdommen.
– Dei likar å samlast der det er fleire, seier Vigdis Morland.
Ei røyrsle blant ungdommane
På konferansen er det rundt 400 deltakarar. Den foregår i Straume forum og på Bildøy bibelskule.
I eit klasserom på bibelskulen sit ein gjeng ungdommar samla. Dei har blitt servert brus og snacks og har akkurat lytta til ImF-ung leiar Asle Steinbru snakke om ungt leiarskap.
– Vi opplever at ungdommane ønsker å ha ei tru som ikkje berre er eit symbol, men som faktisk er noko dei kan leve i.
På tredje rad i klasserommet sit Sara Nilsen (20), Eline Hellesøy (20) og Sigrid Skårnes Håland (19). Dei jobbar som miljøarbeidarar og assistentar på Framnes vidaregåande skule.
De gjekk sjølv på internatskulen, men fortel at dei merkar ei forandring i miljøet.
– Det har vore ein del kristen vekst på Framnes, seier Eline.
– Vi merkar at ungdommen har ein svolt etter å bli kjent med Gud, legg Sara til.
Sigrid skildrar det som ein vekkelse som har skjedd på skulen. Dei fortel at dei ser at det kule på skulen er å følgje Jesus.
Opplever vind i segla
– Vi har hatt ein del skulesatsing som har vore eineståande.
Landro trekk fram både KVS Lyngdal og Framnes KVGS som dømer.
– Vi opplever at nokre av våre vidaregåande skular har blitt reine disippelskular.
Landro fortel at internatskulane nesten vert som tre år på bibelskule.
– Der ser vi at unge menneske kjem til tru, det vert bevisstgjort og utrusta
– Vi opplever at det er vind i segla.
Vil bevare kallet
– Så det er håp for bedehusrøyrsla?
– Eg er ikkje så oppteken av å bevare bedehusrøyrsla.
Sjølv om den er kjent og kjær for mange i organisasjonen er Landro tydeleg på kva som er det viktigaste.
– Det som skal takast vare på er det som har livets rett, det som fungerer, det som når ut til menneske.
Som slagordet var i 1898, er det viktigaste for han at Guds ord kjem ut til folket.
– Vi ønsker å bevare det kallet vi hadde, den draumen vi hadde om at Noreg må få oppleve Jesus på ein levande måte og ein bærekraftig måte som gjer at det varar.