– Dagens KrF synest no meir opptekne av å vinna nokre veljarar frå Sp, enn å vinna saka. Det er trist.
Det seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp), til Vårt Land.
Ho reagerer på KrF-leiar Dag-Inge Ulstein sitt utspel i Vårt Land, der han skuldar Sp for dobbeltkommunikasjon om abort.
Han viser til at Senterpartiets statsrådar – Kjersti Toppe inkludert – har teke dissens mot regjeringas forslag om å utvida abortgrensa. På same tid tek Sp ut støtte til dagens abortgrense frå forslaget til nytt partiprogram.
– Den dissensen får ikkje noko særskild betydning, sa Ulstein til Vårt Land.
Kjersti Toppe likar ikkje utspelet frå partiet som ho ofte har samarbeidd med:
– Det synest viktigare for KrF no å sverta Senterpartiet enn å samla alle som faktisk er opptekne av å bevara dagens abortgrense i eit felles verdiopprør, seier Toppe.
Å stansa ny abortgrense er ikkje ei tapt sak. Me veit at Stortinget er delt i saka.
— Kjersti Toppe (Sp)
Abort-thriller på Stortinget
Ho åtvarar mot konsekvensane av KrF-kritikken.
– Eg begynner å bli ganske oppgitt over KrF sin strategi. Slik dei held på, er dei med å gjera det mindre sannsynleg at vårt felles syn på abort, vinn fram i Stortinget.
3. desember skal etter planen ny abortlov stemmast over i Stortinget. Få stemmer kan avgjera om lova går gjennom.
– Å stansa ny abortgrense er ikkje ei tapt sak. Me veit at Stortinget er delt i saka, seier Toppe.
Sp har fristilt sine representantar. Det betyr at dei kan stemma etter eige samvit, og ikkje er forplikta til partiprogram eller regjeringas forslag.
Også Frp har fristilt sine representantar.
– Om KrF fortset å kritisera Senterpartiet og partidissensen, vil det auke risikoen for at fleire representantar på Stortinget vil stemma for veke 18, seier Toppe.
Ho fryktar utspel frå KrF kan gjera at stortingsrepresentantar på vippen, kan enda opp med å stemma for ny lov.
– Om me som er einige, begynner å krangla, er det mindre sjanse for å lukkast. Me må unngå å eta våre vener.
Om program utan abort: – Dette er berre eit utkast
Det var Altinget som først meldte saka om at Sp tek ut støtte til abortlova, i nytt programutkast.
I dagens program har Senterpartiet formuleringar som støtter dagens abortlov og grensa ved veke 12.
Kjersti Toppe har lenge forsvara dagens abortlov.
– Kva tenker du om at dagens abortgrense er ute av forslaget til nytt partiprogram for Senterpartiet?
– Eg skulle gjerne sett at dagens abortgrense også var med i programutkastet, det hadde vore ein fordel. Men dette er berre eit utkast og det viktigaste er at Sp i regjering er tydeleg mot ei liberalisering, i tråd med dagens program, seier Toppe.
Inviterer til samarbeid
Kjersti Toppe strekker samstundes ut ei hand til Ulstein og KrF, med eit ønske om å samarbeida. Ho meiner dei to partia er sterkare som allierte når målet er å påverke dei representantane som enno ikkje har bestemt seg.
– Eg inviterer til samarbeid i den viktigaste verdisaka i dette storting. Mi dør er alltid open.
Barne- og familieministeren peiker på korleis Sp og KrF har samarbeida tidlegare i verdispørsmål, som saker rundt tidleg ultralyd og Nipt, eggdonasjon og tvillingabort.
– Eg utfordrar Ulstein til felles strategi og felles arbeid i storting for å få fram dei viktige stemmene og viktige argumenta.
---
Forslag til ny abortlov
- Regjeringa har lagt fram forslag til ny abortlov.
- I forslaget er grensa for sjølvbestemt abort heva frå veke 12 til 18.
- Abortnemndene blir fjerna, men «reformert», som det heiter. Ein ny type nemnd blir oppretta for å vurdere søknadar om abort etter veke 18.
- Kvinner får lovfesta rett til rettleiing og informasjon – både om dei ønsker abort eller vel å fullføre svangerskapet.
- Fosterreduksjon («tvillingabort») blir definert som abort, og blir sjølvbestemt til veke 18. Det vil seie at den gravide har rett til å avgjere om talet på foster skal reduserast.
- 3. desember skjer voteringa over forslaget, heiter det på Stortinget sine nettsider.
---