Nyheter

KrF-Ulstein langar ut mot Sp for å droppa støtte til dagens abortlov

POLITIKK: I forslag til nytt Senterparti-program er støtte til dagens abortlov teke ut. Dag-Inge Ulstein (KrF) skuldar Sp for dobbeltkommunikasjon. Stortinget skal stemma over ny abortlov i desember.

– No går Senterpartiet i same grøft som Høgre. Det er overraskande, for KrF og Sp har tidlegare vore del av ein verdifellesskap.

Det seier Dag-Inge Ulstein, fungerande partileiar i KrF, til Vårt Land.

Senterpartiet droppar formuleringar om at partiet støtter dagens abortgrense ved veke 12, i utkast til nytt partiprogram. Det var Altinget som først meldte saka.

Høgre gjer det same i sitt programutkast. Begge partia viser til at ei ny abortlov skal stemmast over i Stortinget. Det synest ikkje Ulstein er nok.

– Eg trur veljarane forventar meir av parti. At partia ikkje berre legg opp verdipolitikken etter kor vinden bles.

Førebels dato for behandling av abortlova er sett til 3. desember i år. Det kjem fram på Stortingets nettsider.

Eg opplever at Sp ønsker å pressa stortingsrepresentantar i retning liberalisering.

—  Dag-Inge Ulstein, fungerande partileiar i KrF

Skuldar Sp for dobbeltkommunikasjon

KrF-Ulstein retter kritikken spesielt mot Senterpartiet, som sit i regjering. Då regjeringa la fram forslag til ny abortlov, der grensa for sjølvbestemt abort blir heva til veke 18, tok Senterpartiets statsrådar dissens.

– Det er dobbelkommunikasjon når Sp tek dissens i regjering, men samstundes tek ut abortgrensa frå programforslaget. Den dissensen får ikkje noko særskild betydning, seier Ulstein.

– Sp har lang tradisjon med å fristilla representantar i samvitsspørsmål. Er det ikkje ryddig at dei ikkje legg inn formuleringar om abortgrense før representantane skal stemma i Stortinget?

– Ved å ta ut abortgrensa er Sp med på å stadfesta ein narrativ om at abortforslaget til regjeringa er moderat. Eg opplever at Sp ønsker å pressa stortingsrepresentantar i retning liberalisering, seier Ulstein.

Eg ser ikkje for meg behov for å adressera abortlova i programmet, utan at det skjer noko dramatisk i Stortinget.

—  Senterpartiets nestleiar Anne Beathe Tvinnereim

Sp-Tvinnereim: «Det var meir ei praktisk tilnærming»

Senterpartiets nestleiar Anne Beathe Tvinnereim har leia programarbeidet i Senterpartiet. Ho svarar slik på kritikken frå Ulstein:

– Dette var ein merkeleg påstand frå Ulstein. Dagens program, der det står 12-vekerssgrense, gjeld i denne perioden, altså fram til neste val. Når dette nye programmet har trådt i kraft, vil Stortinget ha vedteke ny abortlov. Avhengig av korleis lova landar, vil partiet drøfta korleis abortlova eventuelt skal omtalast.

Tvinnereim peiker på at partiet først vedtar partiprogram etter voteringa i Stortinget.

– Bakgrunnen for at me ikkje har nemnt det, er at gruppa er stilt fritt. Og me skal ikkje ha vedtaket før i mars. Det var meir ei praktisk tilnærming, skriv ho til Vårt Land.

Ho skriv at ein må sjå an om det er behov for ei formulering om abort.

– Eg ser ikkje for meg behov for å adressera abortlova i programmet, utan at det skjer noko dramatisk i Stortinget.

Senterpartiets nestleder Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim har ledet programkomiteen. Foto: Javad Parsa / NTB

Om stortingsfleirtalet stemmer for fri abort fram til veke 18, vil Høgres programkomité foreslå at Høgre går inn for det same. Det seier leiaren av Høgres programkomité, Henrik Asheim, til Altinget.

Begge partia vedtek endeleg program under landsmøta i mars neste år.

Dette seier partia om abort i dagens program

I dagens program til Høgre og Senterpartiet står det formuleringar som støtter dagens abortlov.

Senterpartiet vil:

Videreføre dagens abortlov med selvbestemt abort frem til uke 12, og gjennomgå nemndenes arbeidsmåte, rolle og navn.

Høgre vil:

Høyre vil beholde dagens abortlov med selvbestemt abort til uke 12. Det er en lov som fungerer godt. Høyre mener dagens abortlov balanserer hensynet mellom kvinnens selvbestemmelse over egen kropp og fosterets rett til liv på en god måte.

Ein tredel av Stortinget er fristilt

Det er knytt stor spenning til avstemminga om ny abortlov. Forslaget treng støtte frå minst 85 representantar.

Ap, SV, Raudt, Venstre og MDG er venta å stemma for, dei har til saman 80 representantar.

Stortingsrepresentantane frå Framstegspartiet og Senterpartiet er fristilte, der dei kan stemma fritt etter eiga overtyding. Det betyr at 49 av 169 representantar – drygt 29 prosent av Stortinget – fristilt, melder NTB.

Høgre har førebels ikkje signalisert om dei vil fristilla sine representantar.

I august gjorde NRK ei teljing som viser at det er fleirtal for regjeringas abortforslag.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Per Anders Hoel

Per Anders Hoel

Per Anders Hoel har vært politisk journalist i Vårt Land siden 1990. Har også vært redaksjonssjef og administrativ redaktør i avisen. Har du tips om saker, send mail til per.anders.hoel@vl.no.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter