– Gud vil lage ein veg om du held døra open

– Eg kunne aldri hatt på meg det der, seier studieveninna til Zara Mohammed og peikar på sjalet hennar.

Dei er begge muslimar og studerer juss i Skotland.

– Fordi då ville eg aldri fått ein jobb, la ho til.

Zara snur seg sjølvsikkert til venninna.

– Vel, eg ville aldri hatt den jobben.

Haustsola kryp innover kapellet i Kirkens hus i Oslo. Når den treff sjalet til Zara Mohammed skin det i det grøne tekstilet.

Ho hugsar godt korleis situasjonen og tida på universitetet var, det var på denne tida ho tok valet om å dekkje til håret.

– Eg trur det er eit av dei største vala i livet mitt, for det endra livet mitt.

Zara Mohammed - Min Tro.

For henne vart valet om å ha på sjal eit statement etter ei lang reise i trua.

Som ung student kunne ho aldri sjå føre seg at ho skulle vere i den rolla ho er i dag.

Første kvinnelige – og yngste nokonsinne

I naborommet til kapellet sit det folk frå forskjellige religionar i møter.

Det europeiske rådet for religiøse leiarar er samla i Oslo for å diskutere korleis religionane saman kan jobbe for fred og rettferd i verda.

Zara er invitert som gjest.

Ho er yngre enn dei fleste med sine 32 år, men har markert seg fleire stader.

I 2021 vart ho vald som leiar for The Muslim Council of Britain, ein mangfaldig paraplyorganisasjon for muslimar i Storbrittania.

Det same året vart ho også peika ut som ei av 25 håpefulle kvinner av britiske Vogue.

– I utgongspunktet er det vilt at ei ung kvinne frå Skotland vart vald til dette, seier ho og ler.

Zara er nemleg den første kvinnelege og den yngste leiaren for rådet.

– Eg trur eg er utvald fordi Gud meiner eg skal vere her.

Zara Mohammed - Min Tro.

Ein sosial sommarfugl

Bakgrunnen hennar har vore ein viktig del av kvifor ho er der ho er i dag.

Med skotsk aksent fortel Zara om oppveksten i det ho skildrar som ein vanleg, muslimsk familie, i Glasgow.

– Vi er ganske skotske.

Ho smiler medan ho fortel om ein fin oppvekst i ein mangfaldig by, med foreldre som lærte ho at trua deira handla om å vere raus.

– Mor mi sa alltid at det ikkje har noko å seie korleis ein ser ut på utsida, vi bør behandle alle like, uansett utsjånad, religion eller bakgrunn.

Når Zara ser tilbake på barndommen hugsar ho at foreldra gav mat til dei fattige og at det alltid var fokus på å vere god mot dei rundt seg.

---

Zara Mohammed

  • 32 år
  • Fødd og oppvaksen i Glasgow i Skotland
  • Aktiv og personleg truande muslim
  • Utdanna jurist
  • Tredjegenerasjons innvandrar frå Pakistan
  • Første kvinnelege og yngste leiar for The Muslim Council of Britain

---

Når ho tenkjer tilbake på korleis ho sjølv var som barn, skildrar ho seg som ein sosial sommarfugl.

Det kom godt med som den einaste muslimen på ein skule der alle rundt ho var kvite, men det var likevel ikkje alltid lett.

– Eg kunne vere venn med alle, men eg mangla kjensla av å høyre til.

Etterkvart kom tida då ho skulle starte å studere og ho gjekk nokre viktige år i møte.

Det var på denne tida ho følte at ho fann seg sjølv.

– Plutseleg går ein frå å vere fødd og oppvaksen i Glasgow som var utdanna og smart, til å verte ein frammand, ein religiøs.

—  Zara Mohammed

– Det var ei kraftfull reise

På universitetet stilte ho seg sjølv spørsmålet: kva er det eg trur på?

Det vart starten på ein lang prosess der ho ville finne ut kva ho trudde på.

– Eg hadde alltid vore veldig interessert i religion og hadde lese Koranen på engelsk.

Så byrja ho å setje seg inn i trua på ein akademisk måte. Dette snakka til ho, både akademisk og andeleg.

– Det forklarte meg at det var ein skapar og at det er ei meining med livet, men det gav meg også ei ro i hjartet.

Dette vart eit vendepunkt i trua til Zara.

Zara Mohammed - Min Tro.

– Det var ei kraftfull reise der eg fann meg sjølv gjennom å finne skaparen min.

Byrja å bruke sjal

Heime hadde ho vakse opp i ein tydeleg religiøs familie som fokuserte på faste, bøn og å vere god mot dei rundt seg.

Men på universitetet tok Zara eit aktivt val om å tru.

Dette ville ho markere. Ho ville verte ein synleg muslim og byrja å bruke sjal.

– For meg vart det ein augneblink der eg måtte bestemme kven eg ville vere.

Ho hadde no funne ut at ho trudde på ein gud som ville gi ho moglegheiter og danne vegen hennar.

- Å ta på sjalet var ein del av å finne svaret på spørsmålet eg stilte meg sjølv: kvifor er eg muslim?

Zara Mohammed - Min Tro.

Har sett begge sider

Det grøne sjalet som skin i sola er fasjonabelt og vakkert.

Ho veit godt korleis ho skal ta det på seg, og kjenner seg trygg og stolt når ho har det på seg.

Men det har teke fleire år å kome der ho er i dag.

– Eg trur eg var veldig klumsete, for eg visste ikkje heilt korleis eg skulle ha det på.

Ho fortel om at det i dag har blitt trendy og at det no er mange forskjellige typar sjal og måtar å ha det på seg.

– Eg hadde ikkje noko youtubar som viste meg korleis eg skulle gjere det, seier ho og ler.

---

Muslim Council of Britain

  • Den største paraplyorganisasjon for muslimar i Storbrittania
  • Grunnlagt i 1994
  • Fokuserer på å styrke og bygge muslimske miljø og initiativ
  • Sjølvstendig organisasjon
  • Over 500 medlemsorganisasjonar

---

Ikkje berre eit plagg

I starten var det fleire utfordringar som kom med sjalet.

– På den eine sida var det det praktiske: Ser eg bra ut? Gjer eg det riktig?

Men det var ikkje berre eit plagg.

– På den andre sida var det å deale med korleis folk såg på meg.

Zara fortel at ho merka tydeleg forskjell på korleis folk møtte ho med og utan sjalet.

– Plutseleg går ein frå å vere fødd og oppvaksen i Glasgow som var utdanna og smart, til å verte ein frammand, ein religiøs.

No hadde Zara blitt komfortabel og sikker i trua, men ho gjekk ei ny reise i møte.

– Eg kunne sjå at folk var ukomfortable. Det måtte eg bli komfortabel med. Det var vanskeleg.

Zara Mohammed - Min Tro.

Sjalet vart ikkje berre eit statement, det brakte også med seg frykt for Zara.

– Eg tenkte til dømes: Kjem eg til å verte angripen? Eg var mykje meir bevisst på meg sjølv, når det kom til tryggleik.

Etterkvart vart ho meir trygg i valet sitt og vart komfortabel med å bruke sjalet.

– No er det ein stor del av meg. Det gjev meg mykje verdigheit. Eg brukar ikkje berre sjalet, men eg representerer muslimar.

Ho fortel om ein episode på ei reise i London der ho møtte på ein valdeleg mann då dei skulle ta undergrunnen.

– Kollegaen min spurte om eg kanskje burde ta ein taxi.

«Nei, det er han som burde ta taxi. Han er problemet, ikkje eg», svarte ho kollegaen sin.

Ikkje god nok muslim

I sitt eige miljø, vart ho respektert for valet sitt.

Ho har vakse opp med ei mor som ikkje brukar sjal, men både ho familien var støttande.

– Mor mi sa «berre vet at no må du må ta ansvar for korleis du oppfører deg mot andre, men du er ikkje betre enn nokon andre».

Å bruke sjal kjem med eit ansvar. I fleire muslimske miljø vert det sett på som eit alvorleg val fordi ein vert ein representant for religionen sin i storsamfunnet.

For Zara er forståelsen for å vere både muslim med og utan sjal viktig.

– Eg var ein som ikkje hadde sjal og så brukte det, så eg forstår begge delar. Eg forstår kjensla av å ikkje vere muslimsk nok.

Ho fortel at uansett om ho gjorde alle tinga, ba og fasta, så såg ho ikkje ut som ein muslim.

Zara opplevde at folk i miljøet oppførte seg annleis mot ho når ho brukte sjalet, at nokon kanskje tenkte at det var meir riktig.

– Eg synst det var veldig urettferdig og ville gjere eit poeng ut av det. Ein bør ikkje dømme folk sine hjarter.

– Ja, dette er eit sjal, men eigentleg så er det jo Zara som er her.

Og erfaringane er ein viktig del av den ho er i dag.

– Eg trur at eg er ein betre leiar på grunn av historien min. At eg forstår at kulturen vår er diverse. Folk ser forskjellige ut, folk tek forskjellige val.

---

4 raske

  • Gud er: Stor og veldig
  • Eg kan ikkje leve utan: Mora mi
  • Boka alle burde lese: Don’t be sad av Ibn Kathir Al-Qarni
  • På gravsteinen min skal det stå: Ei som brydde seg

---

Hjelmen til ein organisasjon

– Ver forsiktig med kva du ynskjer deg.

Zara ler.

– Eg vart jo leiar.

Når ho vart meir bevisst på kven ho var og kva ho trudde på, følte Zara seg underrepresentert.

– Det er kanskje difor eg er i den posisjonen eg er i. Ikkje det at eg ville verte leiar, men eg såg aldri nokon som meg på TV på ein positiv måte.

Det ville ho gjere noko med.

Zara Mohammed - Min Tro.

– Eg hata faktumet at då det var ein forferdeleg historie på nyheitene var det alltid ein med gebrokken engelsk som ikkje formidla trua på ein god måte.

I tillegg sakna ho å sjå kvinner som ho sjølv ta sin plass.

Og med dette engasjementet vart ho vald ut til å vere den første kvinnelege og yngste leiaren for Muslim council of Britain.

– Ein del av driven min var kvifor skal eg ikkje vere der? Og å normalisere den eg er og vere ein del samfunnet som eg tilhøyrer.

Men rolla ho er i bringer med seg mykje ansvar.

– Eg er hjelmen til ein organisasjon som representerer eit trussamfunn som alltid er på nyheitene. Ja, det er vanskeleg og ja, det er mykje press og stress.

Og når folk forventar at ho skal vere ein god leiar er det ein ting som er vikitg for ho å hugse:

– Det er då trua er så viktig for meg. At eg må stole på trua og seie «Gud, okey, du plasserte meg her, kva skal eg gjere?»

– Eg trur eg er her fordi eg er meint til å vere her. Så det må vere noko eg kan gjere.

Og noko av det ho håpar å gjere, er å inspirere andre unge.

Zara Mohammed - Min Tro.

Knusar stereotypiar

– Mange prøver å fortelje oss kven vi treng å vere eller kven vi er, men det er opp til oss sjølv.

Ho seier til dømes at folk gjerne ikkje forventar at ho skal ha ein skotsk aksent når dei møter ho.

– Å knuse stereotypiane har vore den gøye delen av dette.

Sjølv om ho møter på mange utfordringar i rolla si og i kvardagen som muslim ser ho lyst på framtida.

– Eg trur å eige historien sin er med på å forme den, og Gud vil lage ein veg om du har døra open. Men ein må ha ein «attitude» av optimisme og vere håpefull.