Store gravemaskinspor dannar ein veg gjennom det som ein gong var eit stort skogsområde mellom Fredrikstad og Sarpsborg. I enden av vegen møter ein noko av det som står igjen.
– Velsigna vere trea; furu, gran og osp.
Framfor ei lita forsamling på fire, står Ellen Hageman i lyngen mellom nokre tre.
På seg har ho prestekappa si, som har flekkar frå plantar, bær og jord. Denne skal bære preg av å ha blitt brukt i naturen og vert ikkje vaska.
Med klar stemme og henda strekt ut lyser ho velsigninga ho har skrive.
– Velsigna vere oss, menneska, som strever med å finne vår stad i heilskapen.
Aksjonen er over. Ho har vigsla skogen.
– No er det mot Guds vilje å gjere inngrep i denne skogen.
Aktivistisk liturgi
I det fjerne kan ein høyre maskiner som arbeider i området. Skogen ho står i har fleire raudlista artar og freda kulturminne. Likevel har inngrepa allereie starta.
Her er det planlagt å bygge næringsområde Viken Park og det skal byggast ned heile 700.000 kvadratmeter. Går det som utbyggar har planlagt, vil dette verte eit av dei største naturinngrepa i Noreg.
– Vi må vise at vi som kyrkje i dag kan forholde oss til heilagdommen til naturen.
Ellen ynskjer å bruke liturgien aktivistisk og på denne måten vise at klimakrisa er kopla til Gud.
– Det viser at det finnast nokre grenser, og desse grensene har vi tråkka over og det gjer vi heile tida.
Presten meiner at om ein trur at Gud har skapt verda, må ein engasjere seg når det gjeld klima.
– Gud græt når naturen lid.
Ho kler av seg den skitne kappa og legg den rett ned på den våte bakken.
– Er det greit å bruke liturgien på denne måten?
– I ein slik nødsituasjon vi er i no, tenkjer eg ikkje at det er det største problemet. Eg har tilført denne staden noko positivt, eg har jo ikkje køyrt rundt her og øydelagt.
Meiner kyrkja burde gjere meir
– No er det ei veldig sekulær forståing av krisa, men kyrkja har ikkje gått inn i tematikken om at naturen døyr.
Ho går bortover vegen og prøvar å unngå å tråke i sølepyttane.
– Kva skal vi som kyrkje gjere? Kor er Gud i dette?
Ho trur at mange menneske som går ut i naturen opplev den som heilag.
– Men viss ikkje kyrkja er i den tenkninga og brukar den aktivt kan det veldig godt hende at folk tyr til anna religion.
Likevel understrekar ho at det er mykje bra engasjement i kyrkja, og at mange tenkjer riktig, men at kyrkja har moglegheiten til å kome med noko anna.
Utfordrar Biskopen til aktivisme
Presten understrekar at det er mykje bra engasjement i kyrkja, og at mange tenkjer riktig, men at kyrkja har moglegheiten til å kome med noko anna og vere med å skape eit større engasjement.
– Eg meiner det er Biskopen burde gjort dette. Dette er ein måte kyrkja kan bruke liturgiane sine aktivistisk.
I eit gamalt, stort hus i Fredrikstad strekk sola seg inn eit stort vindauge. Utanfor er det planta fine blomar. Her bur biskop Kari Mangrud Alvsvåg og i nabobygget er kontoret hennar.
– Eg tenkjer at Ellen Hageman som enkeltperson har tilgang til verkemiddel som ikkje er eigna for ein Biskop.
Ho fortel at ho forstår Hageman sin søken etter kraftfulle verkemiddel, men fortel at kyrkja ikkje har liturgi for vigsling av naturområder og at ho difor ikkje kan gjere det.
– Eg let meg utfordre av hennar handlingar og ord og så vil eg ikkje kopiere.
Alvsvåg opplev at liturgien gir rom for å ta vare på engasjementet for naturen, men meiner ikkje at den skal bli brukt aktivistisk.
Medan Hageman meiner det må vere lov i krisa vi stå i no, peikar Alvsvåg på fleire utfordringar dersom ho skal gjere dette.
– Eg tenkjer det er så mykje som kjem i spel av både eigarskap til jordstykke, mangfaldsamfunnet og det at naturen tilhøyrer alle, ikkje Den Norske Kyrkja. Det er mykje som kjem i spel når ein tek i bruk eit slikt verkemiddel.
Men ho er einig i at det er viktig at kyrkja engasjerer seg.
– Det er veldig essensielt for kyrkja som trur at Gud har skapt naturen og at vi skal ta vare på den, og som ser at vi ikkje har klart det.
Biskopen fortel at kyrkja jobbar for å minske klimaavtrykket sitt, men seier at dei også kan gi meir rom for tematikken i gudstjenesta.
– Eg tenkjer og at som prestar og predikantar kan vi vere me då preike fram ein ærefrykt for naturen også.
Tilbake i skogen er Ellen på veg ut av skogen.
Ein gyllen moglegheit til å ta vare på spor frå aksjonen byr seg. Ho legg seg ned i den våte jorda i lastebilspora.
Ho reiser seg og på kappa er fleire flekkar med jord frå den vigsla skogen.