Religion

Desse har søkt på toppjobb i kyrkja i Oslo

DEN NORSKE KYRKJA: Seks kvinner og tre menn har søkt om å bli biskopen i Oslo sin nærmaste medarbeidar.

Denne veka byrja Ole Edvard Wold-Reitan i jobben som kyrkjerådsdirektør. Dermed er hans førre stilling som stiftsdirektør i Oslo bispedøme ledig.

20. august gjekk søknadsfristen ut, og ni personar har søkt om å få jobben.

Saman med bispedømerådsleiaren utgjer stiftsdirektøren og biskopen ein leiartrio i kvart bispedøme. Stiftsdirektøren er den daglege leiaren for administrasjonen til bispedømerådet, og den nærmaste medarbeidaren for biskopen.

Søkjarane:

  • Margrethe Skjeldstad (31), ressurspedagog
  • Helene Engh-Jansen (38), konsulent
  • Runar Andersen (53), avdelingsingeniør
  • Monica Newman (50), avdelingsdirektør for fellestjenester
  • Eldrid Eide Røyneberg (62), fungerande stiftsdirektør
  • Eigil Morvik (58), stiftsdirektør
  • Kvinneleg søkjar, unnateke frå offentleg innsyn
  • Kvinneleg søkjar, unnateke frå offentleg innsyn
  • Mannleg søkjar, unnateke frå offentleg innsyn

Vil ha jobben vidare

Eldrid Eide Røyneberg er fungerende stiftsdirektør inntil vidare, men ho er også blant søkjarane til å ha stillinga permanent.

Ho er ikkje den einaste med erfaring med oppgåvene til ein stiftsdirektør. På søkjarlista er også Eigil Morvik som i dag er stiftsdirektør i Tunsberg bispedøme.

Oslo bispedømeråd tek sikte på å tilsetje ny stiftsdirektør i løpet av september.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion