Religion

Store endringar for Oslo-kyrkja. No skal dei tilsetje to toppleiarar

DEN NORSKE KYRKJA: Dette blir viktig i jakta på to nye toppleiarar i Oslo bispedøme.

– Ingen av oss hadde rekna med at me skulle ut i så store prosessar så kjapt. Eg kunne gjerne sett at både Veiteberg og Wold-Reitan heldt fram hjå oss, men samstundes er dette eit høve for kyrkja i Oslo bispedøme til å få på plass eit nytt leiarteam som kan jobbe godt saman, seier leiar av Oslo bispedømeråd, Gard Sandaker-Nielsen.

Rådet han leiar blei vald i fjor haust, og skal sitje i ein fire år lang periode.

Det var i januar at Oslo-biskop Kari Veiteberg varsla at 2024 blir det siste året hennar som biskop. I desember går ho tilbake til jobben som bymisjonsprest i same by. Jakta på arvtakaren hennar i gang.

Men det er mange utskiftingar i leiinga i Den norske kyrkja for tida. For i mai blei det klart at Ole Edvard Wold-Reitan skal ta over som kyrkjerådsdirektør etter Ingrid Vad Nilsen.

Dermed blir hans tidlegare stilling som stiftsdirektør i Oslo bispedøme ledig.

Kirkemøtet 2024. Den norske kirke.

Saman med bispedømerådsleiaren utgjer stiftsdirektøren og biskopen ein leiartrio i kvart bispedøme.

Å skulle finne to toppleiarar på så kort tid er eit stort ansvar, seier Sandaker-Nielsen.

Det er bispedømerådet som tilset stiftsdirektøren, og dei har ansvar for å nominere kandidatar til ny biskop. Men sjølve tilsetjinga er det Kyrkjerådet som gjer.

Det som skjer i Oslo blir ofte synleg elles i landet. Det er viktig korleis kyrkja i Oslo blir leia og representert

—  Harald Hegstad

Kva gjer ein stiftsdirektør?

Tilsetjing av nye biskopar rundt i landet får mykje offentleg merksemd, men det same kan ikkje nødvendigvis seiast om stiftsdirektørane.

– Kor viktig er rolla som stiftsdirektør?

– Ein skal ikkje tenkje at rolla er mindre viktig fordi den ikkje synest like godt utad. Stiftsdirektøren har ei nøkkelrolle for å få ting til å skje, og for samarbeid og samhandling i heile bispedømet, og på tvers av bispedøme, seier Sandaker-Nielsen.

Han forklarar at stiftsdirektøren er den daglege leiaren for administrasjonen til bispedømerådet, og den nærmaste medarbeidaren for biskopen.

– I tillegg skal han setje i verk strategien og det bispedømerådet vedtek og ha ei arbeidsgjevarrolle for prestar, prostar og dei tilsette ved bispedømmekontoret.

20. august er fristen for å søkje på stillinga.

I stillingsannonsen kjem det fram at kyrkja leitar etter «ein god relasjonsbyggjar som er glad i kyrkja og har tru på oppdraget». Dei ynskjer seg også ein person med stor gjennomføringskraft og som er tydeleg og trygg i leiarrolla.

Eg håpar det blir ein person som verkeleg brenn for folkekyrkja og Oslo bispedøme

—  Gard Sandaker-Nielsen

Hegstad: – Det som skjer i Oslo blir synleg elles i landet

– Det som skjer i Oslo blir ofte synleg elles i landet. Det er viktig korleis kyrkja i Oslo blir leia og representert, seier kyrkjerådsleiar Harlad Hegstad.

Han påpeikar at det her, som alle andre stadar, er avgjerande å ha gode personar på plass.

Hegstad sit både i Oslo bispedømeråd og i Kyrkjerådet, og vil derfor vera involvert i båe tilsetjingane.

– Stiftsdirektøren har ei nøkkelrolle i å leggje til rette for at biskopen skal gjera ein god jobb, og for at bispedømerådet kan fungere godt, seier Hegstad.

– Kva blir viktig i jakta på ny biskop og stiftsdirektør?

– At dei finn ei bra arbeidsfordeling seg imellom og at dei saman med den valde leiaren av bispedømerådet leier arbeidet til kyrkja i bispedømet på ein god måte, seier Hegstad som påpeiker at dei to stillingane har veldig ulike oppgåver.

Ole Harald Hegstad og Ole Edvard Wold-Reitan. Sistnemnde ny direktør for Kyrkjerådet.

Kva treng Oslo?

Sandaker-Nielsen seier dei satsar på å tilsetje ny stiftsdirektør i løpet av september.

– Kva treng Oslo i desse toppleiarstillingane i kyrkja?

Det viktigaste er at me får ein ny biskop som kan peike på evangeliet og kyrkja sitt oppdrag. I tillegg treng me nokon som vil gjera kyrkja synleg og som skaper engasjement for ho, både i bispedømet og nasjonalt. Eg håpar det blir ein god leiar og ein person som verkeleg brenn for folkekyrkja og Oslo bispedøme.

– Stiftsdirektøren må vera ein person som mellom anna vil bidra til å styrke kyrkja sin plass i samfunnet, og som er ein god leiar som får ting til å skje gjennom andre, meiner Sandaker-Nielsen, som håpar det kjem inn mange gode søknadar på stillinga.

Sjølv om dei to prosessane ikkje kan samordnast, då dei blir tilsette av ulike organ, påpeiker bispedømerådsleiaren at dei to nye leiarane bør ha eit tett og godt samarbeide for at ting skal fungere optimalt.



Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion