– Det har vore ei tøff tid, men no er eg så klart glad, seier Svend Solheim til Agderposten.
Avisa meldte tysdag at kyrkjetenaren i Øyestad kyrkje no har fått tilbake jobben han mista i november 2023 etter ei langvarig personalkonflikt.
Det skapte merksemd tidlegare i år då biskopen avlyste alle ordinære gudstenester i Øyestad gamle kyrkje i Arendal kommune på ubestemt tid frå nyttår av. Det var konflikten som var bakteppe for avlysingane.
Kyrkja blei stengt for å «vareta eit forsvarleg arbeidsmiljø» sa Reinertsen til Vårt Land i februar.
Ynsket om eit kyrkjelydsmøte for å snakka om saka, blei avvist av soknerådet. Biskopen møtte likevel fleire representantar for gruppa av kyrkjemedlemer som var usamde i handteringa av saka.
Partane er einige
I mai opna ein på ny kyrkja for ordinære gudstenester, og det blei klart at dei tilsette i fellesrådet fekk juss-hjelp frå Fagforbundet.
Solheim har hatt ei lokal støttegruppe som har kjempa for at han skal få tilbake jobben, då dei meiner oppseiinga av han har vore usakleg. No kan det sjå ut som dei har fått støtte for sitt syn.
– Alle saker som får mykje mediemerksem er spesielt krevjande. No er me nøgde med å ha landa saka, seier leiar for Fagforbundet sitt kompetansesenter i Agder, Liv-Else Kallhovd, til Agderposten.
Ho vil ikkje utale seg om kva som gjekk gale då Solheim blei sagt opp.
Kyrkjeverja i Arendal, Bjørg Løhaugen, fortel avisa at Solheim og Arendal kyrkjelege fellesråd har funne ei løysing som båe partar stiller seg bak.
Biskop Stein Reinertsen skal ikkje ha vore involvert i forhandlingane, men seier til avisa at han har tillit til at løysinga ein no har komme fram til vil vareta dei tilsette i kyrkjelyden.