Religion

Dei viktige augevitna

TOLVTE SØNDAG I TREEINIGHEIT: Kvinnenes rolle i Lukas-evangeliet er ikkje eintydig.

I tida som no kom, drog Jesus omkring og forkynte i byar og landsbyar og bar fram den gode bodskapen om Guds rike. Dei tolv var med han, og nokre kvinner som hadde vorte lækte for vonde ånder og sjukdomar.

Det var Maria med tilnamnet Magdalena, som sju vonde ånder hadde fare ut av, Johanna, som var gift med Kusa, ein forvaltar hos Herodes, og Susanna og mange andre. Med alt det dei eigde, tente dei Jesus og dei tolv.

Lukas 8,1–3

Tekstblikk: Dei viktige augevitna

Hans Johan Sagrusten, teolog, prest, bibelomsetjar og forfattar

Sagrusten

Dei fire evangelia viser oss eit rikt og mangfaldig bilete av dei menneska som følgde Jesus. Dei fortel at Jesus kalla dei fyrste læresveinane på stranda av Galileasjøen (Mark 1,16–20). Lenger ut i evangelia står forteljinga om da Jesus valde ut tolv læresveinar og kalla dei apostlar (Mark 3,13–19). I Lukasevangeliet står det i tillegg at Jesus valde ut syttito andre læresveinar (Luk 10,1 og 17) – eller sytti, alt etter kva for gamle manuskript ein les. Blant desse syttito har det truleg vore fleire kvinner (Richard Bauckham, Jesus and the Eyewitnesses, 2006).

Teksta vår kan ved fyrste augekast sjå ut som eit uviktig overgangsavsnitt frå ein del av evangeliet til ein annan. Men teksta er viktig. Ho er den fyrste av mange tekster som uttrykkjeleg nemner ei gruppe med kvinner som følgde Jesus på vegen. Det står ikkje kor mange dei er, men andre stader i evangelia blir det sagt at det var «mange» kvinner som følgde han (Mark 15,41). Vi les òg om nokre framståande menn som var tilhengarar av Jesus i det stille, som Nikodemus og Josef frå Arimatea (Joh 3,1 og 19,38). Kanskje er Kusa, mannen til Johanna i teksta vår, ein av desse hemmelege tilhengarane?

Blant alle desse tilhengarane står gruppa med kvinner i ei særstilling. For kvinnene blir dei fremste vitna til tre viktige hendingar i evangelia: Dei blir nemnde som augevitne da Jesus døyr på krossen (Luk 23,49), da han blir gravlagd (23,55) og da dei finn den tomme grava (24,1 og 10). Denne sentrale rolla som augevitne er påfallande, ikkje minst fordi kvinner i samtida ikkje var rekna som like gode vitne som menn i rettssaker (Josefus, Antiquitates 4.8.15). Den sentrale rolla til kvinnene verkar difor autentisk og ekte.

Når Lukas skriv at dei «tente Jesus og dei tolv», bruker han ordet diakoneín. Ordet antydar at dei støtta Jesus og læresveinane med pengar, eller at dei sørgde for mat og hjelp i arbeidet med menneska som dei møtte. Ordet er det same som blir brukt om «tenesta ved borda» i samband med at dei fyrste diakonane i kyrkja vart innsette (Apg 6,2).

Prekenblikk: Glemme og gjemme

Lena Caroline Stordalen, prest og sjelesørger, Frogner menighet i Oslo.

Lena Caroline Stordalen

I dagens tekst nevnes tre kvinner ved navn. Totalt nevnes ti kvinner ved navn i Lukasevangeliet. Det høres ut som en del, helt til man får tilsvarende tall for menn: 133.

Bibelforskerne Jane D. Schaberg og Sharon H. Ringe skriver i Women’s Bible Commentary at Lukas’ strategi er å framstille kvinner som takknemlige, stillfarne, og støttende overfor menns lederskap – for å oppfordre kvinner til å oppføre seg nettopp slik.

Dette kan ha blitt gjort for å berolige de romerske styresmaktene, mener de to professorene, ettersom kvinnene i kretsen rundt Jesus var mer frigjorte enn de romerske kvinnene (men ikke mer enn enkelte av de jødiske, som forskerne mener hadde både økonomisk frihet og mulighet til å studere Toraen). Lukas er også det eneste evangeliet hvor apostlene betegner kvinnenes beretning om den tomme graven som «løst snakk».

Hva med i dag? Hvilke stemmer høres godt, og hvilke nedtones? Selv om arbeid for likestilling og mot diskriminering har kommet langt, så er vi ikke i mål. På vei mot større forståelse er nysgjerrighet og åpenhet helt nødvendig: At flere stemmer får plass, og at vi ikke gjemmer hverandre bort.

I dagens GT-tekst i Jesaja 49 står det: «Kan en kvinne glemme sitt diende barn, en omsorgsfull mor det barnet hun bar? Selv om de skulle glemme, skal ikke jeg glemme deg. Jeg har tegnet deg i mine hender.»

Ingen av oss er glemt av Gud. La oss heller ikke glemme, eller gjemme, hverandre.

---

Bibelbetraktninger

  • Hver onsdag får du bibelbetraktninger for helga. De er skrevet ut fra søndagens tekster, hentet fra tekstrekkene som blant annet Den norske kirke bruker. Iblant er den gammeltestamentlige teksten i fokus.
  • Tekstblikket gir fagkunnskap om bibelteksten, og er skrevet av en bibelviter. Prekenblikket angir noen punkter til inspirasjon for forkynnelse over teksten.
  • Våre skribenter er: Ellen Aasland Reinertsen, Hans Johan Sagrusten, Hilde Brekke Møller, Marianne Kartzow, Håkon Sunde Pedersen, Ole Jakob Filtvedt, Karl Olav Sandnes, Ingunn Aadland, Ingrid Brækken Melve, Lena Stordalen og Åste Dokka.

---

Lena Stordalen

Lena Caroline Stordalen

Lena Caroline Stordalen er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion