Der sat han. Midt på føremiddagen, på stovegolvet.
Tårene trilla nedover kinna til Knut Grønvik.
Det var ikkje slik livet skulle bli.
Han, av alle, skulle ikkje ende opp i ein kjeda einebustad i Bærum. Han nærma seg førti år, hadde ein 9 til 4-jobb og tidsklemma klemte delar av livsgleda ut av han.
Det skyhøge rentenivået som etterfulgte jappetida og eit nytt huslån førte til økonomisk stress. Identiteten som radikal og motkulturell var strippa vekk. Truslivet var på sparebluss.
Så skjedde det som presten har fått oppleve mange gonger gjennom det sytti år lange livet. I det han har kjent seg som mest hjelpelaus har Gud møtt han.
Med seg frå slike møte har han ei nøkkelsetning som har festa seg. Desse gøymer han på, og let dei prege livet vidare.
Der, på stovegolvet, i den kjedelege einebustaden, slo det ned ei setning i hovudet hans med stor kraft: «Viss du ikkje kan leve som ein Jesu disippel i eit heilt vanleg hus i ein vegstubb i Bærum, så har du ingenting å seie til naboen din».
Han innsåg at det neppe kunne vera viljen til Gud at alle rekkehus og tettbygde strøk skulle bli tømt for folk. Han måtte finne ein måte å vera ein Jesu disippel i dette «nye livet».
Folk flest bur trass i alt i vanlege hus i vanlege vegstubbar.
---
Knut Grønvik
- 70 år
- Prest, pensjonist, skribent og grafisk designar
- Har skrive andakter i Vårt Land sidan 80-talet
- Ein av grunnleggjarane av dei kristne rørslene Korsvei og Oase.
- Født på Fjellhaug i Oslo. Budde her i nokre år før familien flytta til Hurdal
- Bur i Lommedalen i Bærum kommune
- Gift med Brita, har fire barn og fire barnebarn
- Aktuell med ny bok til hausten: Ledetråder: bibel, bønn og øvelser for jul påske og pinse saman med Ulla Käll
---
Budde med familien i kollektiv
Fem år før opplevinga på stovegolvet stod Grønvik og kikka på akkurat desse to rekkene med identiske hus, før han peika på dei og proklamerte: «Slik vil eg aldri bu».
Sjølv budde han langs den same vegen, nokre kilometer lenger inn i skogen frå det vesle bustadfeltet.
På ein tidlegare husmannsplass med granskog på alle kantar låg «Fredens bolig». På jordflekkane rundt blei det dyrka grønsaker, og her var høner, grisar og kaninar.
Eg sa vel ikkje at eg var fullkommen, men eg synest eg hadde mykje på stell
— Knut Grønvik
I tillegg til Knut Grøvik med kone og tre barn, budde det ein annan småbarnsfamilie og eit knippe andre der.
Bufellesskapet var eit ektefødd barn av Jesusvekkinga som rulla over Vesten med full styrke på 70-talet.
Unge, brennande menneske fann vegen til Jesus, og delte bodskapen med liv, lyst og eit tidsrett uttrykk: med sandalar på føtene, langt hår, kassegitar og plakatar med slagord.
I kollektivet, eller kommuniteten som dei etter kvart kalla det, delte dei måltid, bøn og praktisk arbeid. Den avsidesliggjande, forfalne eigedomen trong mykje kjærleik.
– Eg var ganske blåst
Småbarnsfamilien hadde små inntekter, få utgifter, og knapt nok økonomiske bekymringar.
Grønvik var sikker på at dei hadde funne si livsform. Han var ikkje oppteken av pengar, han levde motkulturelt, bad jamleg og han meinte å forstå kva kyrkja trong.
– Eg sa vel ikkje at eg var fullkommen, men eg synest eg hadde mykje på stell. Eg gav jernet for Jesus.
«Eg var ganske blåst», er derimot dommen han feller med framtidas sjølvransakande auge.
Eit kjent Vårt Land-namn
I over 35 år har Grønvik vore å finne spaltene til Vårt Land som andaktsskribent. Han var journalist i avisa tidleg på nittitalet då spalta du les no, Min tro, fyrst starta opp. Så konseptet er han godt kjent med.
Men den intuitive responsen til å stille som intervjuobjekt kjem tydeleg fram på telefonen, sjølv om den blei framført med varme: «Eg ser ikkje på meg sjølv som ein passande kandidat. Dessutan veit lesarane alt om trua mi frå før».
Han lovar likevel å tygge på det. Ikkje lenge etter ringjer han tilbake.
– Eg har ikkje så mykje å seie om trua mi. Men eg kan seie relativt mykje om Jesus.
Han vil gjerne møtast i Lommedalen kyrkje. Dagen etterpå passar fint.
Tidsklemme og pendlarbøn
Kyrkja ligg fritt til, på toppen av ein kolle. I bakgrunnen høyrer ein det jamne bruset av ei lita elv. På ein benk utanfor sit Grønvik. Han er sommarleg kledd, i blåmønstrete, korterma skjorte.
Ein av grunnane til at han vil treffast akkurat her, er den store rolla denne kyrkjelyden og dette kyrkjerommet har spela for trua hans.
I etterkant av erkjenninga frå stovegolvet prøva han seg fram for å finne ein ny form på truslivet.
Han fekk tips om å bruke pendlartida i bilen til å be. Men den største delen av svaret for Grønvik låg i å ta del i den lokale kyrkjelyden.
Det å berre kunne gå på gudstenester og ta imot nattverden, utan å ta på seg store mengder ansvar og arbeidsoppgåver, betydde mykje.
---
4 raske
- Gud er: God
- Eg klarar meg ikkje utan: Jesus
- Boka alle må lesa: Vend deg om i glede av Edin Løvås
- I gravferda mi vil eg ha denne songen: «No stig vår song, vår takk til Gud» av Edvard Hoem
---
Dette sit han att med frå bedehus-oppveksten
For verv og eit stort engasjement hadde prega mykje av livet til hurdølingen. Han er mellom anna ein av grunnleggjarane bak dei to kjente, kristne rørslene, Oase og Korsvei.
Og alt frå fødselen av var Grønvik på fast grunn, i kristeleg forstand. Han blei født heime i leilegheita til foreldra i Oslo, nærmare bestemt på Fjellhaug skular, eigd av Misjonssambandet.
– Med meg frå oppveksten har eg ei djup Jesus-glede, fortel han med entusiasme.
Gleda over å vera eit barn av Gud sit framleis i. Og medan andre fortel om oppvekst på bedehuset prega av svoveltaler og ei djup redsle for dei evige flammar, sat Grønvik att med at han gleda seg stort til at Jesus skulle koma att.
Det var akkurat som om tidsspennet mellom han og oss, mellom Jesus i sandalar og hippiar i sandalar ikkje var der
— Knut Grønvik
Men teologisk har han gradvis skilt veg med sambandsopphavet. Han blei født same året som Ole Hallesby heldt si kjente helvetestale.
– No, sytti år etter, heller eg sterkt i retning av at Gud til slutt vil klare det ein truleg må vera Gud for å få til: Å halde saman fullkommen kjærleik og fullkommen rettferd.
Tok 18 år før han blei ordinert
Grønvik er husvarm, og finn fram ballerinakjeks og kaffi. I ti år var han prest her i kyrkja, sjølv om han presiserer at han til saman har sete meir i kyrkjebenkane enn han har stått bak preikestolen.
Det gjekk 18 år frå han fullførte studiane ved MF vitenskapelig høyskole til han søkte biskopen om å bli ordinert.
Ambisjonen med teologistudiet var ikkje å bli prest. Men etter å ha jobba både som grafisk designar, reklamemann og journalist slo det han: «det er predikant du er, Knut».
Han gjev uoppfordra ei grundig omvising i arbeidskyrkja frå 1995. Han kjenner symbolikk, historie og materialval ut og inn. Men stadig oppdagar han nye, finurlege detaljar.
Som mønsteret i skifergolvet som skal førestille filleryer for å gje ei kjensle av å ha komme inn i ein heim.
Eller korleis nokre av glasprismene felt inn i altarveggen er lagt i eit mønster som knyt dei saman med små, mørke fliser i golvet bakover i kyrkjeskipet. Dei knyt himmel og jord i hop.
Men han har også eigenopplevde forteljingar knytt til interiøret. Han går målretta mot den eine rada med stolar. Snik seg forbi tre av dei og set seg ned.
Her, på rad fire, stol fire frå venstre, hadde han ein av sine sterkaste møte med Jesus.
Opplevinga på stol fire, rad fire
Det nærmar seg eit kvart århundre sidan det skjedde. Men likevel kan han kjenne ein svak straum av den same kjensla fylle kroppen når han sit der og fortel om opplevinga.
Nok ein gong skjedde møtet i ein vanskeleg periode. Bak han låg eit år med mykje tungsinn og depresjon. Livet var travelt, med mykje arbeid og press. Det var ikkje heilt uvanleg at han duppa av då han ei sjeldan gong sette seg ned i meir enn ti minutt. Som under ei gudsteneste.
Han vakna av at ei kvinne byrja å syngje ein spiritual, ei afroamerikansk salme.
«I heard my mother say, give me Jesus».
Neste frase kjente han stemte overeins med hans eige liv:
«Dark midnight was my cry, give me Jesus».
Men då kvinna song vidare var det som om heile songen trefte han med ei veldig kraft, og strøymte inn i kroppen hans:
«In the morning when I rise, give me Jesus».
Han blei sitjande og skjelve.
Vakna i song
– Ho trefte nerven i det som var utfordringa mi. Eg vakna tidleg om morgonen og grua meg til dagen.
Dagen etter vakna han av at han song. Eller kanskje byrja han å syngje i det han vakna?
Han veit ikkje heilt.
Men songen var ei Kingo-salme faren stadig drog i gong i barndommen, då dei skulle ha ei høgtideleg stund: «Skriv deg Jesus på mitt hjerte, du min konge og min Gud! At ei lyst ei heller smerte, deg formår å slette ut».
Opplevinga kallar han eit omdreiningspunkt. Det hjelpte han å koma tilbake til forankringa i livet: Ynsket om å fylgje Jesus.
Og noko av svaret på korleis det kan sjå ut i dag har han funne i Korsvei-rørsla sine fire vegvisarar: Søkje Jesus Kristus, byggje fellesskap, leva enklare og fremme rettferd.
– Det blir me aldri ferdige med, og det er det fine med det.
Han opplever at mange, også vener, synest at han har halde på med mykje rart oppgjennom livet. Men for hans eigen del synest han alt har dette som ein raud tråd.
– Eg har mange erfaringar bak meg som eg av min beste vilje berre kan seie at har å gjera med at Jesus lever. At det finst ei kraft i oppstoda og nærværet hans no.
– Men det betyr ikkje at eg har fått dreisen på så mykje anna, skundar han å leggje til med eit smil.
Eit usystematisk trusliv
Grønvik kan kjenne på at han ofte ikkje får heilt til dette med bøn. Sjølv om han har vore mykje på retreat og gjort gode erfaringar med Jesusmeditasjon, kallar han truspraksisen sin «veldig usystematisk».
Systematikk er generelt eit omgrep han sjeldan får til å stemme overeins med seg sjølv.
Det beste rådet han har fått om bøn er å be slik ein kan, ikkje slik ein ikkje kan. Han trur mange går rundt og tenkjer at dei bør be på ein annan måte, at det skal vera meir «out of this world».
– Eg er så glad for dei gongene eg får til å be, og der eg greier å vera konsentrert ei stund. Også tenkjer eg at bøn også er desse glimta av Gud, eller kommunikasjonen med han, som skjer stadig vekk.
Eg har mange erfaringar bak meg som eg av min beste vilje berre kan seie at har å gjera med Jesus lever
— Knut Grønvik
Blir alle frelst?
At Gud er god, er ei setning som har vore sann for Grønvik heilt frå han fekk ho innprenta på sundagsskulen på bedehuset. Og då gjev denne tankjerekka meining for den pensjonerte presten: Gud ynskjer at alle skal bli frelst, kvifor skal Han då ikkje klare å få det til?
Dessutan heng det godt i hop med håpet og trua på at det skal koma ei ny jord.
Det er her det livslange engasjementet Grønvik har for miljø, klimakrise og naturtap kjem inn. Tanken om at frelsa skal gjelde alt det skapte, inkluderer natur, dyr og menneske.
– Viss Gud sin frelsesplan er å samanfatte alt i Kristus, alt i himmel og på jord, vil ikkje Gud då til slutt også frelse alle menneske, enten dei trur på han eller ikkje?
Jesus og hippiar i sandalar
Også ungdomstida i «Guds Fred», den armen av den norske Jesusvekkinga som Grønvik høyrde til, handla om det livslange prosjektet med å fylgje Jesus.
– For oss i ettertida kan det verke litt eksotisk med denne radikale rørsla?
– For oss som stod midt oppi det så var det den mest naturlege sak i verda, kontrar presten.
Det var noko i gleda og begeistringa over ein levande Jesus og det han kunne utrette som appellerte.
For medan bedehusrørsla i større grad forkynte at ein skulle vende om i sorg over si eiga synd, forkynte den amerikanske Jesusbylgja at ein skulle vende seg om i glede.
– Me såg på oss sjølve som Jesu disiplar. Og det var akkurat som om tidsspennet mellom han og oss, mellom Jesus i sandalar og hippiar i sandalar ikkje var der.
Onkel Tygga og livet utan Gud
Det er vanskeleg for Grønvik å sjå for seg korleis livet hans hadde blitt, hadde han ikkje vore kristen. Til det har det forma for mykje.
– Tvert imot har eg i det siste tenkt mykje på kor takksam eg er for at eg trur på Gud. For det gjer livet rikare.
– Du tenkjer ikkje at det har forhindra deg i gjera visse ting?
– Kanskje, men det ville vore destruktive ting.
Han tenkjer seg litt om, og kjem til å tenkje på ein av songtekstane til «onkel Tygga» som han som liten kalla den kjente kristne diktaren Trygve Bjerkreim. Han var nærmaste nabo på Fjellhaug.
«Han tek ikkje glansen av livet, den Frelsar som kallar på deg. Fyrst då kan for alvor du leva, når han får deg fylja på veg»
– Det hadde han sanneleg rett i.