Det er torsdag i midten av juli, gradestokken har bikka tjue grader og Røde Kors-senteret Eidene på Tjøme er full av barnefamiliar på ferie. Familiane er her gjennom Ferie for alle, som er eit tilbod i regi av Noregs Røde Kors for born i låginntektsfamiliar.
Vårt Land har fått møte ein av desse familiane.
Ekteparet Hussein Bader og Nahla Ibrahim er her med dei fire borna sine. Døtrene Simav (16), Siwan (11), Norsin (10) vil også snakke med journalisten. Dei sit i ein grøn velursofa i ei heimekoseleg stove saman med foreldra.
– Kva betyr det for dykk å få vere her på Eidene ei veke på sommarferie?
– Skulen er ferdig, borna er slitne og dei spør heile tida om kvar me skal, så det er fint for familien at me har fått denne sjansen. Ferie for alle er for familiar som ikkje har så god økonomi, og eg synest det er veldig bra at det finst tilbod som dette, seier Hussein Bader.
Frå Syria til Norge
Dei tre døtrene er oppspilte og pratsame, og gler seg stort til juvvandringa som snart står for tur. Det er fyrste gong dei er på Røde Kors-senteret på Eidene.
– Dei som jobbar med Ferie for alle her er veldig snille, dei passar på, arrangerer aktivitetar og lagar god mat, seier Bader.
Han og kona seier at borna er svært nøgde, dei har prøvd aktivitetar dei aldri har prøvd før, lært nye ting og fått nye vener.
Familien frå Syria kom til Norge i 2015, før det hadde dei budd tre år i Nord-Irak. Dei likar Norge, men saknar familien og varmare vêr i heimlandet.
Kvalitetstid og dårleg dekning
Jentene pratar i veg om kajakktur, bålbrenning, krabbefiske og zipline. Ei av dei yngste viser ivrig fram eit bilde av krabbefangsten, medan dei to eldste engasjerer seg vidare i samtalen.
Ferie for alle er for familiar som ikkje har så god økonomi, og eg synest det er veldig bra at det finst tilbod som dette
— Hussein Bader
– Ferie for alle er ei moglegheit for familien til å kose seg og ha det kjekt saman. Dersom foreldre jobbar mykje til vanleg, har dei her nok tid til å kose seg saman med borna sine, seier eldstejenta Simav og skyt inn:
– Eg føler etter denne veka at familien vår er nærare kvarandre, me har prata meir saman og berre vore saman. Det er veldig dårleg dekning her, noko som er bra, for det gjer at me ikkje er like mykje på sosiale medium.
Måtte avlyse
På veg ut att i sommarsola møter me nykomne Marte Eika, kledd i Røde Kors-fargen raudt. Ho har lang fartstid som frivillig og er i tillegg leiar for Landsråd Omsorg i Røde Kors. Eika har allereie vore ferieleiar på to ferieopphald i sommar – på Golsfjellet og i Valdres – men ville innom på Eidene for å helse på då ho var i området.
– Ferie for alle er ein ressurskrevjande aktivitet, men det handlar om dei opplevingane ungane får – at dei får meistre nye ting og at dei har noko å fortelje på skulen etter ferien. Det er også bra for familiane å få gjere noko saman i ferien, meiner ho.
Eika fortel at det i år er til saman 25.000 personar som får deltek på ulike sommartilbod gjennom Røde Kors. 3.500 av desse får tilbod om ferieopphald på Ferie for alle. Ho merkar at det har vore ei auke i interesse for tilboda deira dei siste åra, noko ho trur både skuldast eit større behov, men også at dei har utvida tilboda.
Vårt Land skreiv tidlegare i sommar om sprengde tilbod hos fleire hjelpeorganisasjonar i ferien – blant anna Røde Kors.
– Me treng fleire middel, men det er også avgjerande å ha nok frivillige til å oppretthalde dei tilboda me har, seier ho.
I fjor måtte dei avlyse fleire ferieopphald grunna mangel på frivillige, men i år har det så langt gått bra.
Det er tilsette i Røde Kors som får inn søknadar og vel ut familiar som dei meiner har behov for det. På ferieopphalda prøvar dei å få til ei blanding av norske og ikkje-norske familiar, og ei spreiing i kvar i landet dei kjem frå, ifølgje Eika.
– Men me merkar at me slit med å få med norske familiar på slike tilbod, seier ho.
Opp på toppen og ned i juvet
Etter kvart går ferda inn i skogen. Stien slyngjer seg gjennom det fuktige terrenget med maurtuer, bringebær- og blåbærbuskar på kvar side. Heile tida dukkar det opp nye små bygg, bålplassar eller aktivitetar – alt tilhøyrande Røde Kors-senteret. Klatring, zipline, kjempesprettert, hinderløype, luftgevær og pil og boge – det manglar ikkje på aktivitetar.
Stien fører fyrst til ein open plass med eit lite berg på venstre sida. Dei borna som er for små eller ikkje har lyst til å bli med på juvvandring, kan klatre i berget. Gjengen med juvvandrarar får delt ut blå hjelmar.
Medan fotografen forsvinn saman med følgjet av dei blå hjelmane vidare innover i skogen, følgjer journalisten etter Røde Kors-veteran Hans Petter Tolpinsrud og får ei omvising på staden.
Tolpinsrud er kledd i raud T-skjorte med teksten «Ferie for alle» og fortel ivrig om plassen og dei ulike aktivitetane.
– Dette er fyrste ferieopphald her i sommar. Denne veka er det tolv familiar med til saman 49 personar som er her på gjennom Ferie for alle, informerer Tolpinsrud, som er ferieleiar på Eidene og har vore frivillig i Røde Kors sidan 1995.
Omvisinga tek oss til slutt til Eidenetoppen, ein liten kolle med utsikt over havet. Ein svak havbris forsterkar lukta av sjø og furuskog, og så langt auget kan sjå blinkar sjøen som diamantar i julisola.
Siste kveld
Medan borna er på juvvandring nyt foreldra Hussein og Nahla utsikta og litt åleinetid. Tjøme er den perfekte ferieplassen, meiner dei.
– Det er utruleg fint her, me er svært takksame for å få vere her, seier dei.
Etter kvart høyrest barnelatter gjennom skogen og dei blå hjelmane poppar opp – ein etter ein. Det ser ut som juvvandringa var ein suksess og bydde på passe utfordring.
– Det var veldig trongt, og så vidt me kom oss gjennom. Det var litt skummelt, men også kjekt, seier eitt av borna oppglødd.
Trøytte og nøgde går familiane nedover mot stranda for å ta eit ettermiddagsbad. Same kveld ventar avskjedsfest med dans og sjokoladekake, før ferien på Tjøme er over for denne gong.
---
Ferie for alle:
- Ferie for alle er eit gratis tilbod i skuleferiar for familiar som lever i fattigdom
- I år får 3.500 personar opphald på Ferie for alle
- Eit ferieopphald om sommaren varer i ei veke
- I løpet av sommaren vert det arrangert turar for familiar til ulike Røde Kors-senter, Eidene på Tjøme er eitt av sentera.
- Det er NAV, skulehelsetenesta, barnevernstenesta eller andre offentlege hjelpeinstansar som tek kontakt med Røde Kors på vegner av familiar.
Kjelde: Røde Kors
---