«I frykt for å bli dømt vil jeg ikke si at jeg er kristen».
Slik lyder ein av dei anonymt innsende hemmelegheitene, som saman med ein tilhøyrande teikna illustrasjon, står publisert på instagramkontoen Norske hemmeligheter.
Kommentarfeltet er prega nesten utelukkande av støtteerklæringar, med ein kjent TV-profil blant dei engasjerte.
Finn Schjøll, betre kjent som Blomster-Finn, skriv at «jeg tror du må si det. For din egen selvrespekt ! og så får du mange fine folk rundt deg Stol på at dette går bra ! jeg trives med mine venner som er pinsevenner».
Kontoen har over 149 000 følgjarar, og ønskjer meir snakk om hemmelegheiter for å auke openheit og minske skam.
Synest det er bra at folk går til gudsteneste
Når Vårt Land slår på tråden har Schjøll tilfeldigvis vore ute og henta sommarblomar på Gjennestad Vidaregåande Skule saman med barndomsvenninna si som er pinsevenn.
Schjøll sjølv ser ikkje på seg som personleg kristen, men kallar seg kulturelt kristen. Med det meiner han at det er ein del av hans kultur, og det han er vaksen opp med.
– Går du til gudsteneste jamleg?
– Nei, eg gjer ikkje det. Men eg synest det er bra at folk gjer det, seier han, og utdjupar:
– Det er bra at folk gjer det dei har lyst til. Alle menneske er gitt ein fri vilje, og det er viktig at den blir både brukt og at ein har respekt for den.
– Bit hovudet av skamma
Ei spørjeundersøking frå i år, utført av Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (Laget), viser mellom anna at 38 prosent av kristne studentar snakkar regelmessig om tru med ikkje-kristne medstudentar. Samstundes meiner 85 prosent at kristne studentar lever som om trua er ein privatsak.
Schjøll meiner at kristne må vere opne om trua si, då dette er ein del av det å vere kristen.
– Det er jo nokon som kommenterer at «alt er greitt, berre du ikkje prøver å omvende meg». Men poenget er at ein del av det kristne konseptet er å spreie bodskapen, seier han.
– I Bibelen står det at du skal forkynne at du er kristen. Så du kan liksom ikkje vere kristen, og ikkje fortelje det. Det går ikkje, legg han til.
Og som i kommentaren sin på instagraminnlegget, er han positiv til korleis det vil gå når ein står fram:
– Viss du skammar deg for det, så får du bite hovudet av skamma, og så går det bra.