Religion

MF-topp sa at Den norske kyrkja ikkje var trygg for borna hennar – no reagerer studentar

KRITIKK: I eit intervju gjekk katolikk Ragnhild Ådland Høen hardt ut mot Den norske kyrkja. Fleire reagerer, ettersom ho er kommunikasjonsleiar på MF vitenskapelige høyskole, som utdannar prestar.

I eit intervju med avisa Dagen seier Ragnhild Helena Aadland Høen at ho ikkje reknar det for trygt å oppdra barna sine i Den norske kyrkja.

Fleire reagerer på at ho som kommunikasjonsleiar ved den kristne høgskulen MF vitenskapelig høyskole, går så hardt ut mot kyrkjesamfunnet.

– Me stiller oss kritiske til kor vidt ei slik utsegn bør koma frå kommunikasjonsleiaren ved MF, ein høgskule som utdannar mange prestar til teneste i Den norske kyrkja, seier leiar for studentrådet ved skulen, Natalie Woldengen.

Leder i fadderstyret Natalie Woldengen (22) og og fadder Ihdego Yosef (26).

Ho understrekar at det alltid er rom for teologisk usemje ved MF, men at studentrådet ikkje delar oppfatninga om at Den norske kyrkja ikkje er ein trygg stad å vakse opp.

Det er viktig med ytringsrom. I vår tid opplever eg at det er ganske snevert

—  Hallgeir Elstad, professor ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo

«Ei teologisk oppløysing»

Nyleg blei Høen tatt opp i ein katolsk orden, og i den forbindelse laga Dagen ei sak om hennar reise frå å vera lutheranar og medlem i Den norske kyrkja (DNK), til å i konvertere og bli tatt opp i Den katolske kyrkja i 2008.

Ein av grunnane til dette valet seier ho var «ei teologisk oppløysing» i DNK, der det heilt sidan reformasjonen har blitt mindre og mindre att av det innhaldet i trua som ein opphavleg fekk overlevert.

– Eg klarte ikkje å sjå for meg at barnebarna våre var trygge der, og definitivt ikkje mine barnebarns barnebarn, seier ho til avisa.

Synest kritikken er lite konstruktiv

I dag jobbar Høen som kommunikasjonsleiar på MF, som er den utdanningsinstitusjonen som utdannar flest prestar, kateketar og diakonar til teneste i Den norske kyrkja.

Nestleiar i kyrkjerådet, Gard Sandaker-Nielsen, seier han er overraska over utsegnene til Høen, både fordi ho har ei sentral rolle ved MF, men også på grunn av innhaldet i dei.

– Så tydeleg nedsnakking av Den norske kyrkja frå ein MF-tilsett er heldigvis ikkje daglegdags. Eg skulle så klart ynskje at alle ved MF snakka varmt om Den norske kyrkja, ikkje minst overfor dei mange studentane som skal inn i teneste i folkekyrkja. Men når det fyrst kjem kritikk skulle eg i alle fall ynskje at den var konstruktiv, og ikkje så kategorisk.

Kor vidt eg har gått utover grensene for min ytringsfridom eller ikkje, er ein diskusjon det er naturleg å ta internt, ikkje i media.

—  Ragnhild Helena Aadland Høen

Han legg til at han reknar med at Høens oppfatning ikkje er gjengs ved høgskulen, og at han meiner Den norske kyrkja er ein god stad å vera, både som medlem og tilsett.

– Her er stort rom for å vakse i trua, og for å møte den oppståtte Jesus. Eg kjenner meg ikkje at i kritikken til Høen.

Gard Sandaker-Nielsen. Leder av Åpen folkekirke.

– Og så undrar eg meg over kvifor ein legg ned så mykje tid og ressursar i ein slik jobb, viss ein tenkjer at det Den norske kyrkja driv med er så urovekkjande, seier Sandaker-Nielsen.

– Min arbeidsgjevar er ikkje nemnt i saka

– Eg jobbar ikkje i Den norske kyrkja, men for ein sjølvstendig, vitskapeleg, akademisk institusjon. Min arbeidsgjevar er ikkje nemnt i saka, og det er heilt tydeleg at synspunkta er mine personlege vurderingar, og ikkje arbeidsgjevaren min sine, skriv Høen i ein e-post til Vårt Land, og held fram:

– Kor vidt eg har gått utover grensene for min ytringsfridom eller ikkje, er ein diskusjon det er naturleg å ta internt, ikkje i media.

Ho forklarar at ho i intervjuet skulle dela historia om hennar veg inn i Den katolske kyrkja. Dermed blei det også naturleg å seie noko om kvifor ho gjekk ut av DNK.

Vårt Land spør Høen om kva legg i at det ikkje var trygt å oppdra barna i DNK, og i e-posten skriv ho mellom anna at det å bli mor gjorde at ho plutseleg hadde nokon barnebarns barnebarn å tenkje på, og at det var viktig for henne å vita kvar dei kom til å ende opp teologiske om nokre generasjonar.

– Det handlar om kva eg som mor opplevde at eg trengde av forutsigbarhet i teologien for dei neste tiåra og hundreåret.

Viktig med ytringsrom

Professor ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo, Hallgeir Elstad seier at utsegnene til Høen kan opplevast som ei rollekonflikt.

– Det er ikkje heilt problemfritt, samstundes er det viktig med ytringsrom. I vår tid opplever eg at det er ganske snevert, og at ein er veldig oppteken av at alle må ha dei rette meiningane, seier Elstad.

Hallgeir Elstad (født 19. desember 1964) er ordinert prest og professor ved Det teologiske fakultet (dr. theol.) ved Universitetet i Oslo.

Han kallar Høen sin kritikk «ramsalt», og at det ikkje sender ut det beste signalet til dei som studerer på MF og ser for seg å jobbe i Den norske kyrkja.

– Kanskje burde ho ikkje gått så hardt ut, gitt den jobben ho har, men det er noko MF må ta stilling til.

Rektor ved MF, Vidar Haanes, ynskjer ikkje å kommentere saka.



Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion