Religion

Lillesøndag: Ein audmjuk vismann i bøn

SJUANDE SØNDAG I TREENIGHET: Den vise ønskjer seg djupast sett berre ein ting: gudsfrykt.

---

To ting vil eg be deg om,

nekt meg dei ikkje så lenge eg lever:

Hald løgn og svik langt borte frå meg!

Gjer meg korkje fattig eller rik,

men lat meg få den maten eg treng!

Elles kunne eg bli så mett

at eg fornekta deg og spurde:

«Kven er HERREN?»

eller bli så fattig at eg stal

og krenkte namnet til min Gud.

Ordspråkene 30,7–9

---


Tekstblikk: Ein audmjuk vismann i bøn

Ingunn Aadland, førsteamanuensis i Det gamle testamentet ved MF vitenskapelig høyskole

Ingunn Aadland

Ordtaka inneheld samlingar med ord frå dei vise, og består gjerne av formaningar og lærdom frå ein forelder til eit barn, eller frå Visdomen til den visdomssøkjande. Dette tekstavsnittet er henta frå Agurs visdomsord (Ordt 30,1–33). Formspråket er i tråd med Ordtaka elles, men her er orda adressert til Gud, som i ei bøn.

Bøna kan lesast i forlenginga av den nærmast sjølvfornedrande skildringa i opningsversa (v. 1–3). For ifølgje vismannen sjølv er han trøytt, dummare enn andre, og han manglar visdom. Så set han si lit til gudsorda (v. 5). Det er altså ein særdeles audmjuk vismann som ber.

Den fromme bøna vert innleidd som eit såkalla numerisk ordtak: To ting ber han om. Den vise ber om å vere fri for løgn og svik, og å ha nok til livets opphald, verken meir eller mindre (v 8). Det er den gylne middelvegen som teiknast opp. Samtidig er det Tora-visdommens logikk som kjem til uttrykk, nemleg at Guds lov er kjelde til visdom. For den vise ber i grunnen om hjelp til å følgja Guds bod. Som kong Salomo ønskjer han seg ikkje rikdom, men visdom.

Den audmjuke Salomo får rikeleg løn for si fromme bøn, og vert skjenkt stor rikdom likevel (1 Kong 3). Rikdom kan reknast som ei velsigning frå Gud, men grådigheit er assosiert med løgn og svik (Sal 73). Dei historiske tradisjonane fortel om korleis folket, då dei vart mette og hovmodige, gløymde Gud (Hos 13,6 og Sal 78).

Substantivet «løgn» (shaw) kan og tyda «tomheit» eller «falskheit». Det er dette ordet som er brukt i bodet: «Du skal ikkje misbruka namnet til Herren din Gud» (2 Mos 20,7). Meir direkte omsett heiter det at ein ikkje skal løfta, altså ytra, gudsnamnet i tomheit eller falskheit. Og det er nettopp variasjonar av dette bodet som trekkest fram her i vers 9. For den hovmodige gløymer Gud, og den som stel krenker Guds namn.

Så er det altså visdom som kjem til uttrykk i bøna. Og den vise ønskjer seg djupast sett berre ein ting: gudsfrykt. Den nøysame bøna uttrykkjer slik ei slags Tora-fromheit, og det er visdom å finna for den som framfører bøna.


Prekenblikk: Vi snusfornuftige forvalter ikke nåden

Ingrid Brækken Melve, teolog, salmedikter og forfatter

Ingrid B. Melve

Luk 19,1–10

Der jeg bor, har folk flest lave skuldre gjennom året. Men i juni kommer hyttefolket og parkerer sine kjempedyre biler på en hensynsløs måte utenfor butikken. De hilser ikke varmt på kassadama, men breier seg fram i køa, kjefter fordi korianderen ikke er fersk nok og etterspør Dagens Næringsliv. Blant oss fastboende, er det lov å forakte det rike hyttefolket.

Det hadde passet bedre om Jesus tok inn hos ei fattig, hardtarbeidende alenemor, en flyktning som etter å ha mistet alt i sitt hjemland har skapt seg et lite hjem, eller hos en som endelig har kommet seg ut av rusmisbruket, eller kanskje en tidligere innsatt som nå har snudd om på livet sitt og ønsker å bidra til samfunnet.

Det er slik nåden burde se ut, hvis det er vi passe nøkterne skattebetalere som hadde vært forvalterne. Men Jesus tok inn hos Sakkeus den dagen i den vakre fortellinga fra Lukas, han som har gjort seg styggrik på andres skattebyrde. Han som det var lov å forakte.

Kanskje glitret og skinte det hos Sakkeus, slik at folk skulle se den lille mannen som noen, og ikke se tomrommet og det lengtende hjertet hans. Men Jesus ser Sakkeus som en Abrahams sønn. Det er ikke vi, som så ofte er selvrettferdige og snusfornuftige, som forvalter nåden. Heldigvis.


---

Bibelbetraktninger

  • Hver onsdag får du bibelbetraktninger for helga. De er skrevet ut fra søndagens tekster, hentet fra tekstrekkene som blant annet Den norske kirke bruker. Iblant er den gammeltestamentlige teksten i fokus.
  • Tekstblikket gir fagkunnskap om bibelteksten, og er skrevet av en bibelviter. Prekenblikket angir noen punkter til inspirasjon for forkynnelse over teksten.
  • Våre skribenter er: Ellen Aasland Reinertsen, Hans Johan Sagrusten, Hilde Brekke Møller, Marianne Bjelland Kartzow, Håkon Sunde Pedersen, Ole Jakob Filtvedt, Karl Olav Sandnes, Ingunn Aadland, Ingrid Brækken Melve, Lena Stordalen og Åste Dokka.

---

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion