Ein slåande varme i fuktig sommarluft møter einkvan med utsiktspunktet over Hamar som mål onsdag ettermiddag.
Elevane ved Hedmarktoppen folkehøgskule har reist heim, og det er tilsynelatande lite som tyder på at det snart skal vere over 1000 personar samla her. No skal nemleg «Toppen» omgjerast til festivalområde for ungdommar i Pinsebevegelsen.
Men inne i hovudbygget til folkehøgskulen er førebuingane til Ufestivalen for lengst i gong. I peisestova sit ei handfull unge vaksne i sofagrupper og langs eit langbord, midt i ferdigstillinga av planane som er lagt for festivalen gjennom året.
– På ein måte er det jo intenst, det er mest å gjere rett før. Det er mange spørsmål, avbestillingar og liknande mot slutten, seier Benedikte Drivdal Bjerknes, samstundes som ho knipsar nøkkelband på medarbeidar-korta ho nett har printa ut.
Bjerknes er på sitt andre år som festivalsjef, berre 25 år gammal. I år kjenner ho seg tryggare i rolla.
– I fjor var det gøy, men det er gøyare i år, seier ho.
Utfordrande i møte med enkelte vaksne
Bjerknes er tydeleg på at ho er takksam til Gud for stillinga som festivalsjef, og at ho har fått den i så ung alder.
– Det kjennest veldig stort, og eg får veldig ærefrykt for jobben og oppgåva.
Men ho trekk også fram at det kan vere utfordrande:
– Kanskje særleg i møte med enkelte vaksne. At «oi, eg er mange år yngre enn deg, men no skal eg vere sjefen din». Men så har eg heldigvis gode folk i ryggen, og vi er jo ein gjeng som leier dette. Så det er veldig deilig å vite, legg ho til.
– Føler du at du at det blir respektert, det at du er ung?
– Kanskje ikkje alltid. Men eg trur mykje av respekten ein har for folk ligg i legitimitet og relasjon. Og eg opplever at dei som kjenner meg, heier veldig.
På spørsmål om i kva situasjonar dette kan komme til uttrykk, nemner ho situasjonar der ho må seie ting fleire gonger før beskjeden er mottatt, eller at ho kan bli snakka til på ein måte som er prega av at «men før har vi gjort dette».
– Det er jo ei stor rolle å ha, og med det kan det jo følgje ein usikkerheit, og at ein lurer litt på korleis ting var meint, seier ho.
Unge arrangørar
Sjølv om framsida av folkehøgskulebygget ber preg av ein vanleg kvardag i sommarferien, er det stor aktivitet på baksida. Med musikk på bærbart høgtalaranlegg blir tidlegare Bring-containerar måla i pastellfargar, ein liten utescene rigga til med kranbil, og det obligatoriske sandvolleyballområdet klargjort til, ikkje usannsynleg, kontinuerleg bruk gjennom helga.
Ein stor gjeng menneske er i sving, og dei blir stadig fleire.
Eg får veldig ærefrykt for jobben og oppgåva
— Benedikte Drivdal Bjerknes, festivalsjef på Ufestivalen
Blant dei tolv personane i festivalen si arbeidsgruppe, anslår Bjerknes at spennet er mellom starten av tjueåra, til om lag tretti.
– På tysdag la forkynnar Thomas Neteland ut at vi sit og et smågodt til middag, og ber for Ufestivalen. Og det er ein sånn tullete, men nydeleg symbolikk. At det på ein måte er unge og uferdige folk som berre elskar festivalen, og som har så lyst til at fleire skal få oppleve dette, seier festivalsjefen.
– Eg opplever at med det så blir takhøgda veldig stor. Her er det verkeleg rom. Vi et snop til middag, og du kan komme som du er, legg ho til.
Til saman er det 1100 som skal samlast her, inkludert medarbeidarar og deltakarar. 2019 var siste gong dei var over 1000 personar.
– No er vi klare for å hjelpe til litt
Det kommande festivalområdet på Hedmarktoppen får torsdag ettermiddag eit større tilsig av medarbeidarar.
To av dei er Sivert Frøyshov Stensrud (19) og Ola Graff Nyland (20). Dei har tidlegare gått på folkehøgskulen, og vore deltakarar på festivalen før.
– Så no er vi klare for å hjelpe til litt, og få folk til å føle seg inkludert – for det er viktig på ein festival, seier Stensrud.
– Eg har opplevd kor viktig gode førebilete og gode leiarar har vore for meg, og eg har lyst til å vere det for andre også. Det er herleg, og eit privilegium å få vere medarbeidar, meiner Nyland.
Plassen som verka tom berre timar i førevegen, blir stadig meir prega av forventning.
Torsdag til søndag er det for alvor liv og røre her.
---
Ufestivalen
- Pinsebevegelsen i Noreg sin årlege ungdomsfestival
- Blir arrangert frå 27. juni til 30. juni på Hedmarktoppen i Hamar
- Tema i år: trufast
---