Religion

Teologiske høgskular mistar millionar – peiker på desse årsakene

UTDANNING: Betalar dyrt for ny politikk.

– Vi har hatt sju gode år, og har gjort litt som Josef; spart opp med tanke på sju dårlege år, seier Vidar Leif Haanes, rektor ved MF vitenskapelig høgskole.

Tidene er utfordrande for MF og fleire av dei andre teologiske studiestadene.

Både MF og Høyskolen for ledelse og teologi (HLT) styrer no mot eit år i budsjettunderskot.

Utfordringa for dei og Fjellhaug internasjonale høgskole, er dei mange utanlandske studentane som no uteblir.

Det får ringverknader.

– Leit for studentane

I fjor vår bestemte Stortinget at studentar utanfor EU/EØS må begynne å betale studieavgift.

For mange vil det seie summar på godt over hundre tusen kroner i året.

– Det er nokså dramatisk at vi relativt sett mistar mange studentar. MF har hatt fleire studentar frå land i sør enn andre institusjonar i Norge. Vi har satsa på denne gruppa, og hatt studieprogram på engelsk, seier Haanes.

Kirkemøtet 2022. Trondheim. Vidar Leif Haanes.

Litt etter litt har dei måtta legge ned det engelske bachelorprogrammet sitt. No har dei siste studentane eitt år igjen. Nivået på skulepengar er no så høgt at det er vanskeleg å tiltrekke seg nye interesserte.

– Bortfallet av 15 prosent av studentane fører til mykje svakare økonomi. Men dette er først og fremst leit for studentane sjølv og det internasjonale miljøet på MF, konstaterer Haanes.

Fjellhaug internasjonale høgskole og Høgskolen for ledelse og teologi (HLT) teiknar eit liknande bilde.

– Dette er problematisk for oss òg. Vi har heile tida prioritert, og ønska, eit engelskspråkleg tilbod. Vi er knytt til mange migrantkyrkjer, mellom anna i Baptistkirken og Pinsebevegelsen, seier Arne Mella, rektor ved HLT.

– Urimeleg kutt

Sidan skulane blant anna får tilskot per student som fullfører, fell ein del av desse pengane bort når studentmassen blir mindre.

Dei tre institusjonane har òg fått eit kutt i grunnfinansieringa si frå staten (dei såkalla rammebevillingane).

– Kuttet er basert på feil premiss, nemleg at høgskulane ville få ekstra inntekter som følge av høg studieavgift frå desse studentane, seier Mella ved HLT.

Resultatet er i stor grad heller at studentane ikkje har råd til å betale dei høge summane – og fell bort.

Dessutan har institusjonane sjølv, ikkje staten, finansiert desse studieplassane fram til no, peiker Mella på.

– Då verkar det ekstra urimeleg at det blir kutta i ramma vår, seier han.

Livet heng ikkje saman

At studentane no betalar i høgare avgift, kompenserer på sikt ikkje hos Fjellhaug internasjonale høgskole heller.

Denne nye studieavgifta slår ikkje inn hos dei som allereie er i gang med eit studieprogram – men for førsteårsstudentane.

Fjellhaug ser at dette etterkvart ikkje vil gå opp-i-opp.

– Det vil kreve at vi har opp mot 50 studentar i året som betalar 100.000 kvart år i studieavgift. Det er ikkje realistisk, seier rektor Frank-Ole Thoresen.

– Med færre studentar, tapar vi finansieringa vi har fått frå studiepoengproduksjon og kandidatproduksjon. Og med det vi har mista i basisbevillingane, så ville vi potensielt hatt fire-fem millionar i inntekt frå denne studentgruppa.

I fjor var opptaket på Fjellhaug var godt, fortel rektoren. No ser dei eit stort fråfall.

Portrett av Frank-Ole Thoresen, rektor ved Fjellhaug internasjonale Høgskole.

– Det å betale så høg studieavgift og leve i eit høgkostland som Norge, samtidig som det er lovregulert kor mange timar i veka dei får jobbe…

– Studentane klarar ikkje å få livet til å henge saman.

Her må dei spare

Til hausten 2024 ser Fjellhaug ein kraftig nedgang i søknadar frå utanlandsstudentar. Dei økonomiske konsekvensane er éin ting, men:

– Det aller viktigaste er tapet av det internasjonale studentmiljøet, som har vore kjempeviktig for oss som institusjon. Det dei bringar med seg, er det veldig trist viss vi ikkje får haldt oppe, seier Thoresen.

Fjellhaug opplever altså lågare inntekter – men håpar likevel å få budsjettet i balanse.

Trass i at HLT har prøvd å redusere underskotet, og gjer kutt, ser det vanskeleg ut å få rekneskapen til å gå i balanse i 2024.

Arne Mella, rektor på Høyskolen for ledelse og teologi (HLT), en kristen privatskole eid av Det Norske Baptistsamfunn og Filadelfiakirken Oslo.

Kuttet i rammetilskotet frå staten reknar dei blir 2,7 millionar over tre år. For Fjellhaug er det 2,2.

– Vi gjer innsparingstiltak på lønn og drift, men omtrent ein tredel av dette kuttet ligg an til å bli underskot i år, fortel Mella.

Studenttilbod på spel

Kva med MF?

– Vi skal klare oss greitt. Men vi merkar det, seier Vidar Haanes.

– I fjor la vi opp til eit mindre kostnadsunderskot – men klarte å komme i balanse.

– Korleis merkar de avgrensingane no?

– Vi tilset ikkje nødvendigvis nye folk når nokon går av med pensjon. Og så må vi prioritere strengare på tiltak for studentar som går utanfor pensum og undervisning. For dei kyrkjelege studentane ønsker vi jo opplegg, men det kostar pengar, og er ikkje ein del av utdanninga.

– Kva tiltak og opplegg?

– Alt frå tilbod om retreat til oppfølging av studentane sitt åndelege og psykiske liv. Det ønsker vi jo å halde fram med. Men det blir meir krevjande.

Prestespirenes nye klær. Draktdag på MF. Presteklær. prest prestestudenter Menighetsfakultetet

– Kor mykje må de spare i år?

– Budsjettet vårt er på rundt 150 millionar og statstilskotet er på rundt 120 millionar. I år har vi lagt opp til eit underskot på rundt 5 millionar – som vi håpar å redusere i løpet av året.

Eit problem regjeringa ikkje såg

MF har ei utfordring til: Tidlegare har institusjonar fått bonusar når dei har fått finansiert forskingsprosjekt utanfrå.

– Denne typen forskningsinsentiv blir borte. Det slår ut negativt for oss, seier MF-rektoren.

Enn så lenge har HLT klart å halde oppe studietilbodet.

Og trass i høg studieavgift: HLT har relativt god søking framleis frå utanlandsstudentar, fortel Mella.

– Eg trur vi står ovanfor eit stort problem som regjeringa ikkje føresåg. Dei tenkte at når det kjem færre internasjonale studentar, så kan høgskulane tilby fleire studieplassar til norske studentar.

– Men problemet er at mange av tilboda har kunna eksistere nettopp på grunn av dei internasjonale studentane. Når dei er borte er det, for mange, ikkje pengar til å oppretthalde tilbodet. Derfor kan følgen bli dårlegare tilbod til norske studentar.


Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen har vært journalist siden 2016. For tiden jobber hun primært med samtalepodkasten Åpenbart og er lydansvarlig i redaksjonen. Ellers har hun Den norske kirke og teologisk akademia som sine hovedfelt, samt skriver portrettintervjuer.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion