Religion

Desse skal ta over etter Ottosen

MISJONSSAMBANDET: No har misjonsorganisasjonen funne dei som inn til vidare skal vera redaktør for Utsyn og avdelingsleiar for kommunikasjonsavdelinga.

25. april sa den profilerte informasjonsleiaren i Misjonssambandet, Espen Ottosen, opp jobben sin. Det skjedde etter lengre tids uro.

Ottosen er også redaktør for bladet og nettstden Utsyn. Difor har no misjonsorganisasjonen funne to personar som inn til vidare skal ta over for Ottosen. Det melder Utsyn sjølve.

Det er noverande redaksjonsleiar i Utsyn, Anders Artmark Aanensen, som 1. juni blir konstituert som ny redaktør.

– Når organisasjonen for ein periode finn det naudsynt at nokon tek ansvar for Utsyn, så gjer eg gjerne det, seier Artmark Aanensen i Utsyn.

Han seier han vil ha dei same arbeidsoppgåvene som i dag, men at han i tillegg vil vera ansvarleg for innhaldet, og vil skrive leiarartiklane. Sidan han har rolla midlertidig melder Aanensen at han ikkje vil gjera endringar i Utsyn sin profil.

Usikkert når og kor mange som tek over permanent

Rolla som avdelingsleiar for kommunikasjonsavdelinga er det Vegard Heldal som no får. Også han blir konstituert frå 1. juni.

I dag er han marknadsansvarleg i organisasjonen.

– Eg er stolt og takknemleg for tilliten, og eg gler meg til å få fram det beste i ei avdeling eg har blitt veldig glad i, seier Heldal til Utsyn.

Generalsekretær Gunnar Bråthen melder i same sak at det er usikkert når stillingane som ny redaktør, informasjonsleiar og avdelingsleiar vil utlysast, og om det vert fleire stillingar eller berre éi.


Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion