Religion

Ba om vurdering av ordet «nøddåp». No har kyrkja bestemt seg

DEN NORSKE KYRKJA: Krisedåp, nøddåp eller dåp i særlege situasjonar? Frykt for at omgrepet kan signalisere at barn må reddast frå fortaping gjør at kyrkja har vurdera alternativ til ordet nøddåp.

Kyrkjerådet har bedt om ei vurdering av ordet nøddåp.

Nemnd for gudstenesteliv fekk oppgåva, i forbindelse med ei revidering av fleire liturgiar i Den norske kyrkja. Også biskopane sa seg einige i at ein burde vurdere omgrepet.

«Spørsmålet om ordet «nøddåp» er reist fordi det kan ligge en forståelse der om at barnet må «reddes». Dette er ikke slik kirken tenker om Guds omsorg for udøpte. Når vi bruker ordet «nød» handler det ikke om å frelse barn fra fortapelsen», skriv nemnda som har vurdert omgrepet nøddåp.

Dei peikar på at menneske opp gjennom historia har påtatt seg å ha kontroll over kven Gud vil sleppe inn i sitt rike og ikkje, og tilføyer enkelt og greitt: «Slik er det ikkje».

Nemnda går inn for å halde fast på omgrepet nøddåp, og på Bispemøtet førre veke sa biskopane seg einige.

Dagen omtalte nyheten først.

Ikkje offisiell, luthersk teologi

– Det ligg ei folkeleg oppfatning om at ein i Den norske kyrkja lærer at barn går fortapt utan dåpen. Men det har aldri vore offisiell, luthersk teologi.

Det seier fyrsteamanuensis i teologi ved Universitetet i Oslo, Birgitte Lerheim.

Det ligg ei folkeleg oppfatning om at ein i Den norske kyrkja lærer at barn går fortapt utan dåpen. Men det har aldri vore offisiell, luthersk teologi

Ho har forska på fadderskap og korleis foreldre kjem seg gjennom sorg etter spedbarnsdød.

Lerheim forklarar at nøddåp vanlegvis er ein dåp som skjer der det er knapt med tid. Nøddåp skjer utanfor kyrkja, ofte på eit sjukehus, og eventuelt også utan prest.

Konferanse om fadderrollen i Lillestrøm kirke.

Dette landa dei på

Nemnda seier at ordet nød i denne samanhengen ikkje handlar om å frelse barn frå fortapinga, men at det er hjå foreldra at den faktiske nøden ligg.

Dei legg også vekt på at omgrepet nøddåp er godt innarbeidd, når dei kom med sitt råd til biskopane.

Forslaget «dåp i særlege situasjonar» meiner dei er for byråkratisk, og heller ikkje alternativet «krisedåp» meiner dei er eit godt ord.

Derfor var rådet deira å halde fast på omgrepet nøddåp.

Litt motstridande

Lerheim trur mange uansett ville bruka omgrepet nøddåp, sjølv om ein offisielt hadde endra det. Men ho kan forstå bekymringa knytt til omgrepet.

– Viss ein ikkje trur at dåp er naudsynt for frelse, kvifor vel ein då å ha ordningar for nøddåp?

– Fordi det er ein stad der ein kan kvile trygt i Guds nåde, seier Lerheim.

Biskoper i Den norske kirke

Ho skjønar at det verke litt motstridande, men forklarar at ein i luthersk tru fullt ut trur på at Gud har bunde seg til det han har lova i sakramenta. Dei er synleige teikn på Gud sin usynlege nåde. Likevel er ikkje Gud bunden eksklusivt av sakramenta.

– Me trur at nåden til Gud også strekkjer seg utover dette.

Dessutan kan dåpen handle om at det er eit ynskje foreldra har for barnet, og at dette kjennest trygt for dei, påpeikar ho.

– I tillegg har ein dei folkelege førestillingane om at ein i dåpen ynskjer nokon velkommen inn i verda, og at det er ein seremoni der ein gjev barnet eit namn.

Lerheim forklarar at ein nøddåp i etterkant skal stadfestast i ei gudsteneste i kyrkjerommet, sidan ei side av dåpen også handlar om å bli innlemma i både den lokale kyrkjelyden, og den verdsvide kyrkja.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion