Religion

Fleire saker bak lukka dører i Den norske kyrkja – får krass kritikk

DEN NORSKE KYRKJA: Ny praksis gjer at mannen i gata har innsyn i færre sakar i Kyrkjerådet, trass i ynske frå rådet sjølve om å vera opne. Kyrkjepolitikar Halvard Sand er skuffa.

– Eg synest dette er ein dårleg start på eit nytt Kyrkjeråd.

Det seier kyrkjepolitikar Halvard Sand. I haust blei han valt inn i Borg bispedømeråd for Bønnelista.

Han reagerer på at ein stor del av sakene på det fyrste møtet til det nye Kyrkjerådet er unnatekne frå offentleg innsyn. Det gjeld seks av femten saker.

– Eg blei skuffa, rett og slett, seier Sand om då han såg sakslista.

Sand sit i kommunestyret i Moss, og seier han er vane med ein heilt annan grad av transparens der.

– Den norske kyrkja skryt av at ein er så open, inkluderande og demokratisk. Dette sakslista vitnar om det motsette, meiner Sand.

Halvard Sand i Bønnelista og Borg bispedøme.

Kyrkjerådet har møte frå 23. til 25. mai. Sakene som er unnateke frå offentleg innsyn er:

  • Tilsetjing av ny kyrkjerådsdirektør
  • Føringar for budsjettet for 2025
  • Økonomirapport for det fyrste kvartalet i år
  • Mandat for kyrkjerådsleiaren
  • Oppnemning av utval under Kyrkjerådet
  • Instruks for kyrkjerådsdirektøren

Kyrkjerådsdirektøren: – Heilt ekstremt

Hadde Sand skulle velje, ville det berre vore den fyrste saka som gjekk bak lukka dører. Han meiner det stort sett er personalsaker som høyrer heime i denne kategorien.

Det er ikkje kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen einig i.

Det er ho som har gjort ei vurdering på kva sakspapir som har blitt gjort offentlege før møtet og ikkje.

Kyrkjerådet vedtek sjølve om dei også vil lukke dørene (og videostrøyminga) under handsaminga av desse sakene. Vanlegvis fylgjer dei kyrkjerådsdirektøren sine vurderingar.

Vad Nilsen stadfestar at det er fleire saker på dette kyrkjerådsmøtet som er unnatekne frå offentleg innsyn enn vanleg.

– Det er heilt ekstremt denne gongen, men det handlar om at det er eit oppstartsmøte der ein mellom anna skal vedta ein del mandat i Kyrkjerådet, seier Vad Nilsen.

Etter at denne saka blei publisert på nett, har Kyrkjerådet avgjort at sakene om mandat for kyrkjerådsleiaren og instruks for kyrkjerådsdirektøren blir haldne for opne dører. Det opplyser Kyrkjerådet sitt sekretariat.

Ny praksis

Likevel kjem det truleg framover til å bli fleire saker kvarmannsen ikkje får innsyn i enn før. Ho forklarar at dette har bakgrunn i ein fersk instruks Kyrkjemøtet vedtok i vår.

Her avgjorde ein at ein i større grad ville skilje mellom dei to ulike funksjonane Kyrkjerådet formelt har.

Dei er nemleg både eit styre for rettssubjektet Den norske kyrkja, og eit organ som leier arbeidet til trussamfunnet Den norske kyrkja mellom kyrkjemøta.

I saker som fell under sistnemnde seier Vad Nilsen at dei vil ha full transparens.

– I sakene der Kyrkjerådet har ein styrefunksjon er det ikkje naturleg at sakene er offentlege, seier kyrkjerådsdirektøren.

Ingrid Vad Nilsen. Direktør i Kirkerådet, Den norske kirke.

Dette gjeld mellom anna dei fleste økonomisakene.

– For meg har det vore viktig å gjera dette skiljet.

Likevel seier ho at dette er fyrste gongen ein køyrer denne praksisen og at Kyrkjerådet sjølve må ta ei vurdering på kvar ein vil leggje lista framover.

Kyrkjerådet fjerna formulering

På Kyrkjerådet sitt møte i februar hadde dei oppe saka om ny instruks for Kyrkjerådet.

I forslaget dei fekk på bordet låg det inne at ein skulle fylgje skiljet Vad Nilsen nemner: Å handsame saker knytt til styrefunksjonen bak lukka dører.

Kyrkjemøtet har valt Kyrkjerådet for å ta desse avgjerslene. Då må ein ha tillit til at dei gjer det.

—  Kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen

I høyringsrunden hadde fleire reagert på formuleringa, og under diskusjonen i Kyrkjerådet tok ingen til motmæle då forslaget om å stryke formuleringa kom opp. Argumenta for handla mellom anna om at ein ynskte at kyrkja skulle vera open og transparent.

– Ein fjerna formuleringa frå instruksen, men du har likevel lagt deg på denne linja?

– Ja. Men no er det ikkje slik at ein må gjera det konsekvent, svarar Vad Nilsen.

Ho meiner det er heilt naturleg å handsame tilsetjingar, rekneskap og budsjett bak lukka dører.

I instruksen som Kyrkjemøtet enda opp med å vedta står det:

«Personalsaker og saker hvor taushetsplikt tilsier det, skal behandles for lukkede dører. Dette kan også gjelde noen av økonomisakene».

– Ingenting rart med dette

Halvard Sand meiner det er viktig at ein så stor organisasjon som Den norske kyrkja er open om økonomien. Heller ikkje sakene om mandat og instruks for kyrkjerådsleiar og -direktør har han forståing for at ein ikkje vil gje offentleg innsyn i:

– Det fattar og begrip eg ikkje.

Vad Nilsen derimot meiner dette er heilt vanleg praksis.

– Slik styrer ein i alle verksemder. Det er det ingenting rart med dette. Alt skal ikkje behandlast på allmøte. Kyrkjemøtet har valt Kyrkjerådet for å ta desse avgjerslene. Då må ein ha tillit til at dei gjer det.


Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion