Religion

Færre til gudsteneste på nasjonaldagen – men mange syng lovsong midt i Bergen sentrum

17. MAI: Kristne arrangement på nasjonaldagen har ulik oppslutning, men også ulik form og innhald. Her er nokre av dei.

– Det er nokon færre no enn det var for 25 år sidan. Det er det absolutt.

Det seier Anne Dalen, sokneprest i Strømmen kirke. Statistisk sentralbyrå har ingen konkrete deltakartal for gudstenester på nasjonaldagen, men jamt over er det færre som går til gudsteneste generelt. Ifølgje Dalen blir dette også reflektert på 17. mai.

Ho seier tala på deltakarar i Strømmen kirke varierer kvart år, avhengig av ulike faktorar.

Har eit tydeleg kristent innhald i preika si

Dalen trur tradisjon er ein del av årsaka til å ha gudsteneste på nasjonaldagen. I preika hennar denne dagen trekk ho gjerne inn nasjonale jubileum, samstundes som ho har eit blikk på verda, akkurat no med aktualitetane rundt krig i Europa. Den kristne bodskapen skal også tydeleg fram.

– Vi les tre bibeltekstar i gudstenesta, alle tekstar som høyrer med. Og i preika seier eg noko spesifikt om samanhengen for alle dei tre tekstane. Så her er det teologi så det held, seier ho.

Anne Dalen

Avhengig av gudstenesteform, meiner ho prestane tilpassar preika til det.

– God teologi blir jo utforma i forhold til den staden ein er prest på, og den konteksten ein har for sin gudsteneste. Så eg kan svare på korleis eg, med min fagligheit, gjer det hos meg.

Ho synest det er vanskeleg å generalisere, fordi forma på gudstenestane kan vere så ulik. Nokon kan ha ei utegudsteneste kor det blir selt pølser ti meter frå der presten står, trekk ho fram som eksempel.

– Men eg opplever jo at prestar, når det blir feira gudsteneste 17. mai, ønsker å seie noko om at Gud og land og folk høyrer saman. Det er på eit vis ein himmel på jord her som også viser seg i det vi ønsker å formidle, seier ho.

Samlar seg på kyrkjebygget, men talen skal ikkje vere andakt

Norkirken Trondheim Salem har i mange år hatt open kafé, som ifølgje hovudpastor Jann Even Andresen drar inn mykje folk, også langt utover kyrkjegjengarane som går der til vanleg. Men sjølv om dei samlar seg på kyrkjebygget, er det ikkje eit hovudsakleg kristent innhald som skal prege talen på 17. mai.

– Klokka 12 har vi ein type markering av dagen. Og det skal ikkje vere ei andakt, i den forstand. Det skal rett og slett vere ein hyllest til nasjonaldagen vår, og fridomen. Dei siste åra her, og spesielt også i år, er det jo litt spesielt med det som skjer i verda, og at vi skal få lov til å feire 17. mai i fred, med barnetog, og full pakke, seier han.

– Det er ikkje hovudmålet at talen skal vere prega av eit kristent innhald. Hovudmålet vårt er at vi skal markere nasjonaldagen, som vi alle står saman om, held Andresen fram.

Syng lovsongar i 17. mai-toget

Forsamlinga Betlehem, som tilhøyrer Bergens indremisjon, har også arrangement på forsamlingshuset sitt, men har i tillegg hatt tradisjon for gå i hovudprosesjonen med lastebil, band og song av kristne songar. Benjamin Mulelid står i bresjen for arrangementet som no heiter «Kristentoget».

– Det er ein gammal tradisjon i Bergens indremisjon, og så vidt eg veit så er det noko fleire kristne forsamlingar har gjort opp igjennom. Dei har i alle fall gått i toget og hatt lastebil. No er det berre Bergens indremisjon som framleis har dette, og då har vi lyst til å inkludere alle dei andre også, seier han.

Grunnen til at dei ønskjer å vere representerte er todelt, ifølgje Mulelid.

Benjamin Mulelid

– Sånn eg ser det er det er jo først og fremst vidareføring av tradisjonen. Men det er jo også eit ønskje om å synleggjere for andre ikkje-kristne i Bergen at det framleis finst nokon som står for dette – også på 17. mai. Så vil vi ikkje ta vekk fokuset frå at vi feirar Norge, men vi vil likevel bringe fram litt av det vi meiner er det aller viktigaste, midt i 17. mai-feiringa.

Mulelid synest det har vore overraskande kor mange som møtt opp. I toget var dei rundt hundre personar i fjor, og dei satsar på det same i år.

– Vi blei litt overraska over at det var fleire vaksne frå forsamlinga som også var med i fjor. Så no har vi tilpassa songutvalet slik at det er nokon klassikarar, nokon lovsongar, litt Børud og slikt, slik at det treffer alle.


Les mer om mer disse temaene:

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion