Ferdigrost og ferdig krangla

Kristin Gunleiksrud Raaum kjem feiande ut av heisen i ein knallraud kjole og beige trenchcoat. Ho har tjue minuttar på seg før ho frå scenen skal opne sitt siste Kyrkjemøte som kyrkjerådsleiar i Den norske kyrkja.

Det er knapt med tid.

Ho kjem rett frå opningsgudstenesta, og får ikkje få skrytt nok av preika til Olav Fykse Tveit, medan ho går med raske skritt over det teppelagde hotellgolvet.

Ho ynskjer velkomen inn til det som er heimen hennar dei neste fire dagane.

– Det frynsegodet eg har her i livet er å få suite under Kyrkjemøtet, seier ho nøgd, og går gjennom opphaldsrommet inn til soverommet, der det neste skiftet ligg klart.

– Du skal koma ned i eit nytt antrekk?

– Oh yes, baby. Er ein jålete, så er ein jålete.

Vanskelegare å finne motivasjon

Dei siste åtte åra har Raaum leidd folkekyrkja gjennom ei rekkje endringar og utfordringar. Det er opna for likekjønna vigsel, kyrkje og stat er skilt og ein verdsomspennande pandemi har kome og gått.

Ho har også som den øvste, folkevalde leiaren i DNK fått bryne seg på store tema som blir viktige for framtida til kyrkja, som sekularisering, finansiering og organisering.

Nokre saker blir litt såre å ikkje fylgje vidare. Som den om kyrkjeleg undervisning, som skal sørgje for at alle interesserte kan få lære meir om kristen tru.

Kyrkja har måtta innsett at ein ikkje lenger kan ta utgangspunkt i at nordmenn kan den heilt grunnleggjande, kristne forteljinga.

På skrivebordet i suiten ligg det talekort klare, ved sida av ein stappfull ringperm med alle sakspapira til dei 20 siste Kyrkjemøte-sakene Raaum skal ro i hamn.

Å finne motivasjonen til å skrive opningstala var vanskelegare denne gongen enn tidlegare år.

– Eg kjente meg litt tom.

Med vante rørsler byter ho ut øyredobbane og finn fram ei klokke som matchar den brune kjolen ho har skifta inn i. Også brillene må vike for eit anna par.

Det kjennest litt rart å skulle gå av, men også naturleg, på eit vis.

Kirkemøtet 2024

Fekk tilsnakk av kyrkjerådsdirektøren

Å halde taler gjer ho ikkje nervøs. Og å halde seg til eit manus, meiner ho er oppskrytt.

Då ho skulle vera med på innsetjinga av ein ny biskop for nokre år sidan, fann kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen henne sitjande i bunad under lunsjen, der ho krota ned nokre stikkord på ein serviett.

Raaum fekk klar beskjed om at dette ikkje gjekk an.

– «Så uprofesjonelle kan me ikkje framstå», etterliknar Raaum muntert.

Frå då av måtte ho ta i bruk skikkelege talekort av kartong med logo.

– Det Ingrid ikkje veit, er at eg framleis nokre gonger forbryt meg mot dette, og limar krøllete serviettar på baksida av talekorta.

Må øve på teiknspråk

Litt nervøsitet er det kanskje å spore likevel. Raaum takkar for at journalist og fotograf har halde tankane hennar opptekne i minutta før ho går på scenen.

Men no må ho suse vidare.

– Eg må øve på å ynskje velkomen på teiknspråk. Nord-samisken byrjar å sitje, forklarar ho på veg inn i heisen.

Halvvegs stoppar den opp og Møre-biskop Ingeborg Midttømme og kyrkjerådsmedlem Tove Karoline Knutsen stig på.

– Du har skifta alt?, kjem det spørjande frå biskopen, før ho legg til:

– Her går det unna.

Viss dette er nivået av nepotisme me kan vente oss, så er det berre å frykte det verste

—  Kristin Gunleiksrud Raaum

Nåde, rekruttering, synd og finansiering

I tala er Raaum innom mange av utfordringane som ligg framom: rekruttering, finansiering, inkludering. Men også synd, skuld og nåde.

Og i kjent stil tek ho tilhøyrarane med rundt i landet med konkrete døme frå prestar, kapellanar, organistar og frivillige i kyrkja som får møte og bety noko for menneske.

Tre dagar i Trondheim er fullstappa med sakshandsaming og diskusjonar i det øvste, folkevalde organet i kyrkja.

Kirkemøtet 2024

Dette er fyrste året der ein har komprimert møtet og mange er stressa for korleis ein skal koma seg gjennom alle sakene.

Så stressa at ein dundrar gjennom i høgt tempo og blir ferdig éin dag før tida.

På sundagen får det dermed vera fullt fokus på gudsteneste i Nidarosdomen, mottaking med ordføraren i Erkebiskopgården og avslutningsmøtet, der mellom anna Raaum for siste gong skal adressere Kyrkjemøtet som kyrkjerådsleiar, og der ho skal gje klubba vidare til den nyvalgte Harald Hegstad.

«Langar ut» mot Hegstad

Passande nok var Erkebispegården i Nidaros eit religiøst maktsentrum i Noreg då det blei bygd for nesten åtte hundre år sidan. No går dagens kyrkjetoppar rundt i «Herresalen» og minglar medan dei et fingermat.

Etter ordføraren si tale tek Raaum over podiet. Ho takkar Trondheim kommune, og nyttar høvet til å appellere til samarbeid og seie kor viktig det er at kyrkja ikkje isolerer seg, men er midt i samfunnet.

– Men heilt til slutt. Har de registrert kven som har kome med maten til denne samlinga? Den kjem frå Hegstad catering.

Ein samla festsal ler godt, før ho snur seg mot etterfylgjaren sin:

– Eg må seie Harald; Eg synest du tek deg til rette.

– Viss dette er nivået av nepotisme me kan vente oss, så er det berre å frykte det verste.

Ei ny latterbølgje legg seg, før ho diplomatisk legg til:

– Eller kanskje ikkje. For viss leiarskapet til Harald held same nivå som parmesankremen til fetteren, så kjem dette til å gå skikkeleg bra.

Ikkje ein ektemann av store ord

Ektemannen til Kristin, Johan Raaum, losar oss ut i ein bil som står klar utanfor Nidarosdomen. Slik sparar kona mange nok minutt til at ho rekk eit klesskift før avslutningstala.

– Eg har verdas snillaste mann, som alltid stiller opp.

Johan kom køyrande opp til Trondheim frå Asker, slik at dei to kan «debriefe» og høyre på Tom Waits på vegen heim. Også synest Kristin det er så nitrist å sitje aleine på flyplassen med tung bagasje.

Kirkemøtet 2024

– Men eigentleg er det berre at me synest det er hyggeleg å vera saman, konkluderer kyrkjerådsleiaren.

– Korleis er det for deg å vera her å sjå Kristin i aksjon?

– Det er alltid fint det, kjem det frå førarsetet.

– Han er ikkje ein mann av like store ord som eg er, kjem det forklarande frå Kristin.

Ektemannen kan stadfeste det:

– Eg er ein gammal byråkrat, så eg uttalar meg litt nøkternt.

Litt nøkternt?, kjem det frå baksetet.

Derfor skiftar ho så ofte

Begge to gler seg til Kristin forhåpentlegvis kan byrje å ha ei arbeidsmengd som liknar ei hundre prosent stilling.

Dei siste åtte åra har ho vore kjøpt fri i femti prosent frå stillinga som generalsekretær i Norske Kirkeakademier, for å jobbe som kyrkjerådsleiar. Men ikkje reint sjeldan har det kjentest meir som om ho har hatt to fulltidsstillingar.

– Det har vore naudsynt, meiner Kristin.

Suiten er alt sjekka ut av, så rommet der alle kyrkjemøtedeltakarane har fått bruke til å oppbevare bagasjen får gjera nytten som omkledingsrom.

Underteikna får i oppdrag å passe på døra som ikkje kan låsast i det den grå dressen med høghalsa svart genser må vike plass for ein ljoseblå kjole.

– Viss du lurar på kvifor eg driv og skiftar, er punkt éin at eg er så jålete. Dette er noko av det artigaste med Kyrkjemøtet. Og det andre er at eg har så mange kjolar eg må få bruka.

Ho trur nokon kanskje synest det blir litt i overkant. Men det toler ho.

Viss leiarskapet til Harald held same nivå som parmesankremen til fetteren, så kjem dette til å gå skikkeleg bra

—  Kristin Gunleiksrud Raaum om Harald Hegstad

Oppfører seg som ein jentunge som har fått kjeft

Er det noko du tenkjer at det blir godt å bli ferdig med, eller å sleppe, no når du går av?

– Eg er ikkje noko glad i konflikt. Eller harde diskusjonar.

Det trur ho kan overraske. For det har ikkje vore mangel på diskusjonar med harde frontar eller skarpe meiningsutvekslingar, enten på Kyrkjemøtet eller i kyrkjepolitikken elles.

Men ho trur éin eigenskap har hjelpt ho. Evna til å tole og ta imot kritikk.

– Det trur eg eg er ganske god til.

Ho synest ofte kritikken ho får treff. Og hennar naturlege instinkt er ifylgje hennar sjølv å oppføre seg som ein tiårig jentunge som ikkje har gjort leksene sine og får kjekt for det.

Grein på hotellrommet under Kyrkjemøtet

Kristin finn fram to reisevesker i det same svarte og kvite mønsteret frå det danske merket Malene Birger. I den eine finn ho paret med svarte støvlettar som ho leita etter.

For to dagar sidan vann Hegstad med knapp margin valet om å ta over som kyrkjerådsleiar framom Open folkekyrkja sin kandidat, Gard Sandaker-Nielsen.

Kirkemøtet 2024

– Korleis blir det å levere klubba over til han, heller enn til din partifelle?

– Eg kjenner Harald godt, og har samarbeida med han i mange år, så det blir ikkje noko problem. Det er det ein må fokusere på. Han blir ein god leiar, ein samlande leiar, ein klok leiar. Eg er veldig glad i Harald og eg er veldig glad i Gard. Så eg kjem til å sakne dei begge to, nærmast konkluderer ho.

Ho har mange minne frå dei siste åtte åra, men nokon har brent seg meir fast enn andre.

Som under Kyrkjemøtet i 2017, då den nye vigselsliturgien som gjorde det mogleg for likekjønna par å gifte seg i kyrkja blei vedtatt.

Ein e-post tikka inn i innboksen til Raaum då ho sat på hotellrommet sitt. Den var frå eit eldre, homofilt par som budd saman i 35 år. Dei hadde eit sterkt ynskje om å gifte seg.

– «No ynskjer me ikkje å vente eit sekund lenger enn naudsynt. Ved midnatt 1. april giftar me oss», hugsar Raaum at det sto.

– Eg blei sitjande på rommet mitt her oppe og gråte. Den minnet tenkjer eg ofte på.

Klestips til Hegstad

Raaum har funne fram ein trillekoffert i det same svarte og kvite mønstera som restan av bagasjen. Opp hentar ho ei parfymeflaske, i det fleire andre kyrkjemøtemedlemmar kjem inn i rommet. Blant dei Hegstad.

– Eg treng eit kurs av Kristin om klesskift som kyrkjerådsleiar, kjem det muntert frå Hegstad før han held fram:

– Eg ligg langt etter. No driv eg å byter mellom to ulike slips så folk ikkje skal tru at eg berre eig eitt sidan de driv å tek bilete av meg støtt og stadig.

Kristin stiller gjerne sin kompetanse til disposisjon og summerer opp kort: «Dressar i forskjellige fargar og meir Marimekko».

Den finske designhuset er kjent for sine karakteristiske og fargesterke og mønster. Raaum leikar med tanken om at dei hadde designa ein dress til Hegstad, i rosa og raudt mønster:

– Då hadde det gått ein estetikkens takk til Vår Herre, utbryt ei oppglødd Raaum.

Arvtakaren hennar ser ut til å ta det heile med stor ro.

Kirkemøtet 2024

Gløymte å lukke Kyrkjemøtet

Snart skal Raaum opp på scenen for å formelt overlevere ansvaret som leiar av Kyrkjerådet til Hegstad. Ho snur seg mot han og utbryt:

– Takk for gratispoenget med cateringen.

Hegstad humrar og nyttar høvet til å forsikre oss om at han ikkje var klar over samantreffet før han troppa opp og såg at fetteren sitt firma hadde stått for maten.

Raaum byter ut klokka til ei som matchar det nye antrekket. No er det berre to ting som står mellom Raaum og late dagar i feriehuset i Italia:

Å formelt lukke Kyrkjemøtet, og ein påfylgjande dag med vindaugsvask saman med Johan i huset heime i Asker.

Eit år gløymte ho å lukke møtet etter boka, så reint formelt heldt det på heilt fram til Kyrkjemøtet året etter. Ho har derfor blitt minna på det litt ekstra i år.

Sjølv om ho tidlegare har sagt at ho blir letta av tanken på å skulle takke for seg, må ho innrømme: ein liten augneblink freista det å gjenta feilen.