Religion

Petter Olsen ferdig som medieleiar i Indremisjonsforbundet

LEIARKUTT: Indremisjonsforbundet halverer leiargruppa. – Rein organisatorisk endring, seier ImF-leiaren.

Det er varsla storstilt leiarkutt i Indremisjonsforbundet (ImF). Mellom endringane er at Petter Olsen er ferdig som medieleiar i organisasjonen.

I tillegg til stillinga som medieleiar har Olsen vore redaktør av Indremisjonsforbundet sitt magasin Sambåndet sidan 2013.

– Heile ImF er i ein organisasjonsprosess, sett i gang i 2019. Som eit ledd i det, er det naturleg at vi ser på dette også sentralt og ikkje berre legg dette på regionane. Forbundsstyret har vedteke eit utkast til ny organisering av ImF sentralt der vi har færre leiarar, seier ImF-leiar Runar Landro.

Omorganiseringa vart vedteken av forbundsstyret i september 2023 og har blitt gjort kjent internt i organisasjonen, men endringane er førebels ikkje gjennomførte. Årsaka til det er, ifølgje Landro, at ImF-leiinga har hatt fullt fokus på organisasjonen sine økonomiske utfordringar den siste tida.

Dette er ei rein organisatorisk endring, uavhengig av tilbakemeldingar, kommentarar, kritikk og oppfordringar

—  Runar Landro, ImF-leder

Berre redaktør

– Det eg kan seie er at i 2020 vedtok ImF-styret å forplikte Sambåndet på Redaktørplakaten. Då vart det også sagt av styret at redaktøren kunne søke medlemskap i Redaktørforeninga. Det har ikkje skjedd enno, fordi det er nokre føresetnader som må ligge til grunn, seier Petter Olsen.

– Kva føresetnader er det?

– Mellom anna kan eg jo ikkje vere pressetalsmann for ImF viss eg skal vere ansvarleg redaktør for eit uavhengig magasin.

Runar Landro stadfester at stillinga som medieleiar ikkje finst i den nye organiseringa, og at Petter Olsen dermed i det vidare berre skal vere redaktør for Sambåndet. Landro avkreftar samstundes at denne endringa har bakgrunn i uro om den doble rolla Olsen har hatt som medieleiar og redaktør.

– Dette er ei rein organisatorisk endring, uavhengig av tilbakemeldingar, kommentarar, kritikk og oppfordringar. Redaktøren er også positiv til denne endringa. Den gjev han meir fridom, og han treng ikkje lenger å sitte med informasjon frå leiargruppa som han ikkje kan nytte i magasinet.

Uro om roller

Uroa kring Olsen si rolle har vore spesielt knytt til dei økonomiske utfordringane rundt Sjøholt Folkehøgskule. Til avisa Dagen sa tidlegare forbundsstyreleiar Ingebrigt Sørfonn tidlegare i år at ein kommentar Olsen hadde skrive i Sambåndet utgjorde dobbelkommunikasjon frå ImF-leiinga i den betente saka.

– Kommentaren min var det ingen som visste om, korkje styret eller ImF-leiinga, før den sto på trykk. Som Sambåndet-redaktør er eg ikkje underlagt generalsekretæren, seier Olsen.

– Men som medieleiar er du vel det?

– Ja.

Olsen opplever ikkje sjølv at hans to roller har skapt konflikt, og meiner at offentlegheita kjenner han primært som redaktør, ikkje som talsmann for organisasjonen. Han anslår at han allereie i dag bruker 80-90 prosent av arbeidstida si på Sambåndet.

Han forstår at skiljet kan vere vanskeleg å sjå for enkelte, men seier at leiinga har vore tydelege på si forståing av Sambåndet-redaktøren si frie rolle.

– Eg er glad for at dei to hattane mine no blir reduserte til ein. Det blir ryddigare, reint presseetisk.

Færre leiarar

ImF har i dag ei leiargruppe på seks personar, i tillegg til at leiar for ungdomsorganisasjonen ImF-UNG er del av gruppa. Under den nye organiseringa blir talet på leiarar halvert.

– Vi trur at det finst meir smidige måtar å drive organisasjonen på, seier Landro.

Frå hausten av vil ImF si leiargruppe berre bestå av generalsekretær, misjonsleiar og administrasjonsleiar. Kva personar som skal fylle dei ulike stillingane, er førebels ikkje avgjort.




Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion