Religion

Unge vel bort Den norske kyrkja: – Ei gudsteneste for 60-pluss

«REKRUTTERINGSKRISE»: Få unge vel Norges største trussamfunn som sin åndelege heim. Møt kyrkjemøtemedlemmet som sjølv går i pinsekyrkje, og oppfordrar Den norske kyrkja til å samarbeide med frikyrkjer.

– Eg trur mykje handlar om det trauste og treige som mange kyrkjer har ved seg, seier Ole Andreas Grøtte Børnes.

24-åringen er teologistudent og engasjert i kyrkjedemokratiet i Den norske kyrkja (DNK), og veit at mange på hans alder vel bort eit kyrkjelydsliv i DNK.

Sjølv går han i United i Oslo, ei pinsekyrkje med liturgi, nattverd og syndsvedkjenning.

– Men der er det òg plass til det frie og det karismatiske under lovsongen eller salmesongen.

Grøtte Børnes kjem frå ein variert bakgrunn, mellom anna i Frikyrkja, KRIK og KFUK-KFUM, men ser for seg eit arbeidsliv i DNK.

No ser han fleire sjansar DNK kunne tatt for å appellere til dei på hans alder som vel andre kyrkjesamfunn å nære kristentrua i.

Ordninga for hovudgudstenesta er for rigid, meiner han. Gudstenesteforma bør bli friare.

– Det må givast fridom og kreativitet til dei lokale kyrkjene, seier han.

Her høyrer dei til

Tendensen han peiker på, viste seg i ei undersøking den kristne studentorganisasjonen Laget (NKSS) gjorde blant studentar i fjor.

Blant dei som svara at dei rekna seg som kristne var det 792 personar som også svarte på kva kyrkjesamfunn eller organisasjon dei høyrer til i.

Slik var fordelinga:

Slik definerte dei unge kristne studentane seg i Laget si undersøking.
  • NLM eller Indremisjonsforbundet (IMF): 32 prosent
  • Pinsekyrkje: 26 prosent
  • Misjonskyrkja: 11 prosent
  • Den norske kyrkja: 11 prosent

Det trass i at Den norske kyrkja er det største trussamfunnet i landet.

60 pluss

Grøtte Børnes kallar det ei rekrutteringskrise, at DNK glepp i aldersgruppa unge vaksne.

Han trur ikkje nødvendigvis at unge har noko imot liturgi, men at kvar enkelt kyrkje må ha ei moglegheit til å tilpasse gudstenesta, også med tanke på musikk.

– Det er i størst grad klassisk musikk i norske kyrkjer. Men kva er det unge høyrer på? spør 24-åringen retorisk.

Han skulle gjerne sett eit trommesett frammi fleire kyrkjerom.

– Det DNK har lagt opp til, i hovudgudstenesta spesielt, er for ein viss del av befolkninga. Og den er 60 pluss, og ein veldig låg prosent unge, seier han.

– Ein elefant i rommet

Kåre Olav Hegle har lagt merke til det same. Han sit i Kyrkjemøtet for Frimodig kyrkje.

– Eg og min generasjon går i DNK, men barn og barnebarn går i andre samanhengar.

Kåre Olav Hegle, Kyrkjemøtet 2024. Kirkemøtet

Hegle held til i Oslo og går i Nordstrand kyrkjelyd, men har tidlegare budd i Molde. Når han er tilbake på besøk i rosenes by, har han lagt merke til korleis ei rekke barnefamiliar og unge går på sundagsgudstenester i Norkirken og på Molde bedehus.

– Men når eg går i domkyrkja der, så kjenner eg meg ganske ung. Eg blir 72 år i år.

Hegle held ikkje att på kor alvorleg han meiner utviklinga er:

– Viss målet er at vi vil ha gode forsamlingar i gudstenestefeiringa om 10-15 år, er situasjonen desperat alvorleg.

Han kallar utviklinga «ein elefant i rommet» for DNK.

– Vi har lenge visst at dette er noko som skjer, og tek ein det inn over seg, er det veldig, veldig alvorleg.

Han meiner ein må kartlegge korleis det faktisk står til, og finne ut kvifor unge vel vekk folkekyrkja.

Trur dette kan vera ei løysing

Sjølv trur han noko av det DNK kan gjere for å tiltrekke seg unge, er å danne fleire valkyrkjelydar.

Dette er ei ordning i DNK, der ein kyrkjelyd ikkje har eit geografisk sokn, men der alle døypte kan bli medlemmar.

Når eg går i domkyrkja der, så kjenner eg meg ganske ung. Eg blir 72 år i år.

—  Kåre Olav Hegle

Forkjemparane for slike kyrkjelydar meiner dei kan rette seg inn mot ulike målgrupper og ha ein annan form eller uttrykk på gudstenestene enn dei ordinære soknekyrkjene.

I dag finst det berre éin valkyrkjelyd i Noreg: Bymenigheten i Sandnes.

– Slik kan vi skape eit mangfald, meiner Hegle.

No meiner han DNK må ta grep.

– Dette bør vere eit utruleg viktig strategisk prosjekt for kyrkja vår.

Trur preika appellerer

– Grøtte Børnes, kva trur du unge kristne vil ha når dei vel andre kyrkjesamfunn enn DNK?

– Eg trur mange er opptatt av preika, og har lyst til å få noko ut av den, som å lære om Bibelen og djupare forstå kven Gud er. I DNK opplever eg at ein mange stader gir preika ein mykje mindre prosentdel av gudstenesta.

Kirkemøtet 2024

Grøtte Børnes trur kristne på hans alder blir trekt mot det karismatiske i den musikalske delen av gudstenesta.

Men: Han trekk fram St. Jakob kyrkje i Bergen som eit eksempel til etterfølging. Kyrkja i Bergen retter seg mot studentar og unge vaksne, har gudstenester på kveldstid, temagudstenester og ein friare musikkstil.

Vil foreine alle gode krefter

Grøtte Børnes ber DNK tørre å samarbeide med frikyrkjer. Håpet er eit samspel med dei som lukkast i arbeidet med ungdom og unge vaksne, liberale og konservative krefter i kyrkjelandskapet.

– Eg har ikkje lyst til at DNK skal jobbe for å dra unge vaksne ut av frikyrkjene og inn i DNK. Det er jo berre dobbeltarbeid.

– Men eg ser moglegheita DNK har, med alle som er innom kvart år i dåp, gravferd, vigsel og alle dei konfirmantkulla som kvart år går inn, og dessverre ut, av kyrkja. Det er få som blir igjen.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, med Den norske kirke, featurejournalistikk og podkast som sine primære felt. Ta kontakt om du har tips til historier som bør fortelles eller mennesker vi må møte.

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion