Religion

Kritisk til gudsteneste: – Ikkje greit

DEN NORSKE KYRKJA: Under opningsgudstenesta på Kyrkjemøtet medverka ingen diakonar eller kateketar.

– Nokon kan tenkje at dette er ein filleting. Men dette har ein veldig stor symbolsk verdi. Og me veit me snakkar på vegner av mange.

Det seier Asbjørn Sagstad, som er leiar i Det Norske Diakonforbund.

Han reagerer på at det under opningsgudstenesta til Den norske kyrkja (DNK) sitt kyrkjemøte torsdag berre var prestar, kyrkjetenar og kantor (kyrkjemusikar) som medverka.

Det var ingen diakonar eller kateketar som delte ut nattverd, las tekstar, bøner eller liknande. Dei som bidreg med denne typen liturgiske handlingar, og som ikkje sjølv er prestar, kallar ein medliturgar.

– Det er ei oppleving av manglande anerkjenning, seier Sagstad, som har hatt kontakt med fleire andre på Kyrkjemøtet som har reagert.

Kirkemøtet 2024

– Ei prestestyrt kyrkje

Han understrekar at dei ikkje ynskjer å verke sutrete, men at dette er noko som går inn i ein lengre tradisjon, og at det sender «veldig uheldige signal, både innad i kyrkja og utad».

– Kva signal er det det sender?

– At me ikkje blir vurdert på lik linje med prestane, og at DNK er ei prestestyrt kyrkje, meiner Sagstad.

Han kallar opningsgudstenesta på Kyrkjemøtet for «eit utstillingsvindauge for Den norske kyrkja».

Kyrkjerådsdirektør seier dei tok inn andre grupper i år

Direktør i Kyrkjerådet, Ingrid Vad Nilsen, seier ein anerkjenner tenesta til diakonar og kateketar på lik linje med prestar si, og påpeikar at ein har hatt minst éin av delane inne som medliturgar dei førre åra under opningsgudstenestene.

Åpning av Kirkemøtet 2022.

– I år blei andre delar av det kyrkjelege arbeidslaget tatt inn som medliturgar, som kyrkjetenar og vigsla kyrkjemusikar.

Vad Nilsen påpeikar også at det var medliturgar der som ikkje var tilsette i kyrkja, som mellom anna representerte andre aktørar i kyrkjelandskapet, som Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte og Døvekyrkja.

– I år hadde me også ein nedskalert versjon i ei mindre kyrkje. Over tid vil dei som er opptekne av det, erfare at opningsgudstenesta gjev plass til eit breitt arbeidslag i Den norske kyrkja, seier Vad Nilsen.

Ho seier grunnen til at tre biskopar medverka var at preses Olav Fykse Tveit skulle vera predikant, lokal biskop skal alltid vera med, og det same gjeld den biskopen som er nærmast å skulle gå av.

Eit skilje

Med jamne mellomrom dukkar det opp ulike debattar der det kjem fram at andre yrkesgrupper i kyrkja kjenner seg behandla ulikt frå prestane.

Kirkemøtet 2024

Sist var det diakon Edel Merete Gervin, som i Vårt Land tok til orde for å fjerne skiljet mellom det ein i kyrkja kallar «leke» og «geistlege» tilsette, der ein tradisjonelt har kalla alle som ikkje er prestar for lek.

Slår ein opp ordet «lek» er ulærd eit av orda som dukkar opp.

Vil bruke utestemme

Sagstad meiner det i det siste har skjedd mykje positivt arbeid med å inkludere alle grupper tilsette i kyrkja, og å ha ein heilskapleg praksis på dei vigsla stillingane.

Derfor meiner han det er uhaldbart at ein ikkje har inkludert fleire frå desse yrkesgrupper i opningsgudstenesta.

– Det er ikkje greitt.

I fjor gjekk Bispemøtet inn for å «vigsle» prestar til teneste, ikkje «ordinere». Det betydde slutten på å bruke ulike ord for ulike yrkesgrupper, og blei applaudert av diakonar.

Sagstad seier det ikkje er fyrste gongen diakonar ikkje har fått tatt del i opningsgudstenesta på Kyrkjemøtet og at dei tidlegare har sagt tydeleg ifrå. Den gongen blei det tatt tak i året etter.

– No når det gjentek seg føler me tida er inne for å bruke utestemme.

– Eg trur ikkje det er av vond vilje at det no skjer på nytt, og det kan hende dei seier at det er ein glipp. Men viss ein berre har gløymt det, er det nesten endå verre, meiner Sagstad.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion