Religion

Ho har kledd seg i «Guds fulle rustning»

KYRKJEMØTET: Laila Terese Alendal har møtt opp på sitt første kyrkjetoppmøte i ei heilt spesiell drakt.

Noko gult, svart og lett flagrande flyt gjennom gangane på Scandic Nidelven i Trondheim.

Fleire hovud vender seg etter dette litt uventa, forfriskande synet.

I mange år har samiske kofter vore eit berikande syn på Kyrkjemøtet, «generalforsamlinga» til Den norske kyrkja (DNK).

Denne bunadsliknande drakta vekker merksemd.

– Du, ho er ikkje så gammal. Eg fekk ho for knapt 14 dagar sidan, fortel Laila Terese Alendal.

Representanten frå Møre har møtt på sitt første kyrkjetoppmøte som folkevald – ikledd Rebekkadrakten.

---

Rebekkadrakten

  • Ein fritt komponert bunad, som ikkje har tradisjon frå nokon bestemt geografisk plass
  • Drakta blei lansert i 2002
  • Motivet er inspirert av kristen kulturarv
  • Kjelder: SNL og Rebekkaboden.no

---

Gjekk bort til ein framand

Det var ein 17. mai, ho trur det var i 2011, at Laila Terese Alendal la merke til drakta første gong.

Mens ho såg på festtoget i Bodø, drog blikket hennar mot noko som skilte seg ut blant alle nordlandsbunadane.

– Eg er veldig opptatt av bunadar og folkedrakttradisjonen. Då eg såg ei eg ikkje kjende til, som var så spesiell, måtte eg sjølvsagt gå bort til ho som bar ho og spør.

Rebekkadrakten, fortalde kvinna at ho heitte. Alendal begynte søket.

Kirkemøtet 2024. Den norske kirke. Laila Terese Alendal med Rebekkadrakten på Kirkemøtet.

– Eg syntest drakta var kjempefin. Og då eg lærde meg kva ho betyr, vurderte eg lenge om eg skulle skaffe meg ei slik.

Det skulle ein heilt spesiell draum til, over ti år seinare, før ho oppfylte ønsket.

Historie i stinga

«Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak», skriv Paulus i brevet til efesarane (6:11).

Bibelverset, og passasjen som følger, har inspirert drakta som blei lansert i 2002 av Mette Wahlberg.

Kreasjonen har fått namnet sitt etter Rebekka frå Det gamle testamentet og Tanakh (det jødiske namnet på den hebraiske Bibelen).

Kirkemøtet 2024. Den norske kirke. Laila Terese Alendal med Rebekkadrakten på Kirkemøtet.

Drakta skal utstråle styrke og verd, ifølge skaparane. Derfor er det brodert inn ei krone mellom blomane på stakken.

– Drakta har korset og skjoldet, og mykje annan symbolikk frå kristen kulturarv, fortel Alendal.

Dette er symbolikken

På stakken, i sølvet og kappen finn ein eksplisitt symbolikk:

  • Rettferdas brynje
  • Truas skjold
  • Åndens sverd
  • Sanningas belte
  • Frelsens hjelm
  • Skospenner, som beredskapen som fredens evangelium gir

Alendal trekk fram korleis drakta blir sydd. Prosjektet blei starta for å sysselsette arbeidslause kvinner i Romania.

Draumen om drakta

Bønnelista-medlemmen hadde nesten gløymt Rebekkadrakta – før i fjor vår.

Då blei Alendal spurt om å stille på val for Bønnelista i kyrkjevalet, men var i utgangspunktet litt skeptisk. Til slutt sa ho ja.

– Så hadde eg ein draum om Rebekkadrakta. Eg fekk ei påminning om ho, og såg at dersom eg blei valt inn, så må eg skaffe meg drakta.

Då ho fekk plass i Møre bispedømmeråd, måtte det skje. Den ferske drakta ho ber på Kyrkjemøtet, fekk ho i bursdagsgåve frå far sin.

Kirkemøtet 2024. Den norske kirke. Laila Terese Alendal med Rebekkadrakten på Kirkemøtet.

– Skal eg verkeleg våge å ta på meg denne? tenkte eg i forkant. Men ho passar jo veldig bra til dette.

– Ho bygger jo på norske kyrkjelege tradisjonar og kulturarv. Det passar jo fint med det eg er engasjert i.

På Kyrkjemøtet har ho vore ein samtalestartar.

– Det er fleire som kjem bort til meg og synest ho er fin.

Sin eigen historie

Alendal har vore interessert i bunadar sidan ho var lita, og hugsar at ho til og med skreiv særoppgåve om temaet.

Rebekkadrakta har ingen geografisk tilhøyre og heller ikkje nokon lang tradisjon – men likevel synest «bunadsnerden» at drakta har historie nok.

– Eg synest ho er elegant og samtidig litt vikingaktig. Drakta bygger jo på bunadstradisjonane vi har.

– Det er artig at ho skil seg ut, og eg føler meg kledd.


Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, med Den norske kirke, featurejournalistikk og podkast som sine primære felt. Ta kontakt om du har tips til historier som bør fortelles eller mennesker vi må møte.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion