Religion

Ho har sett seg eit ambisiøst mål. Dette er kyrkjebesøk nummer 47

SAFARI: Når Therese Egebakken er på gudsteneste i Ålgård kirke, er ho 52 prosent på veg til å fullføre målet sitt.

90 kyrkjelydar står på lista. Søndag etter søndag blir dei kryssa av – heilt til ho har runda heile Stavanger bispedømme.

Therese Egebakken anslår at prosjektet kan vere ferdig i løpet av fire år, men ho har fått ei logistisk utfordring:

– Eg har ikkje bil, seier Egebakken og ler.

Av dei 47 gudstenestestadene ho har besøkt så langt, har mange vore plassert langs tog- og bussrutene. No må ho rekruttere sjåførar.

– Eg har lappen, men altså ikkje bil. Så no er eg avhengig av å låne ein, eller at folk køyrer meg, seier Egebakken.

Ein ting ‘manglar’

26-åringen kallar det ei «sær» interesse. Likevel blir ofte broren og kjærasten med. Nokre gonger søster eller mamma.

Første påskedag står Ålgård kirke, i Gjesdal kommune, for tur. I bil med lillebroren og kjærasten svingar Kyrkjerådet-profilen inn på kjøpesenter-parkeringsplassen framfor den ni år gamle kyrkja.

Fasaden «fremstår lett og myk som en teltduk, og teltet skaper et åpent inviterende uttrykk, samtidig som det symboliserer vandringen», som arkitekten frå LINK sa rundt ferdigstillinga i 2015.

Dåverande biskop Erling Pettersen rosa kyrkja i media, og omtala ho som ei av dei vakraste kyrkjene han hadde vore i. Til soknebladet gav han namnet «de åpne armers kirke».

Therese Egebakken i Ålgård kirke.

Få meter bortanfor står ei over 100 år gammal kvit langkyrkje, Ålgård gamle kirke, men berre til å sjå på.

Det er i den lyse arbeidskyrkja, kor rommet skrår nedover mot ei blå glas-altertavle, at Egebakken skal feire oppstandelsen i år. Det er ein ting ho raskt legg merke til:

– Her er det ikkje orgel, seier ho.

Morgon-motivasjon

Det heile starta for to år sidan. Therese Egebakken innsåg at ho tilfeldigvis hadde vore i tre forskjellige kyrkjer i påsken.

– Så slo tanken meg: No har eg vore i åtte-ni kyrkjer i stavangerområdet, og dei er alle litt forskjellige. Skal eg prøve å få reist til alle 90?

Ho visste godt kor mange ulike destinasjonar eit slikt mål ville innebere, som rogalending og etter fleire år i Stavanger bispedømme. Men etter å ha tenkt litt, framsto det meir spennande enn stress.

– Pluss: Det er jo ein ekstra motivasjon for å gå i kyrkja dei søndagane kor det eigentleg fristar å sove lenger.

Therese Egebakken i Ålgård kirke.

– No har eg brukt omtrent to år, og i dag er vi på nummer 47. Så då ser eg for meg at det tar om lag to år til, seier ho.

Karismatisk velkomst

At Den norske kyrkja (DNK) er eit variert kyrkjesamfunn har blitt heilt konkret for Egebakken.

Nokre plassar blir ho ønskt velkommen i døra på ein nærmast karismatisk-kyrkje-aktig måte, i like t-skjorter, med kaffi og infobrosjyre og store smil.

I enkelte kyrkjer kryr det av barn, andre stadar er det stort sett grått hår å sjå i kyrkjebenkane. Det er alt frå lovsong til gospelkor, kyrkjekor, salmar og orgelspel.

– Og kyrkjekaffien, utsmykkinga … Det er veldig spennande å oppleve forskjellane.

Eit besøk som nyleg overraska henne, var eitt til Bore kirke på Jæren. Ofte er det dei nye arbeidskyrkjene som har det yrande barnelivet, mens her hadde dei treft mange unge vaksne og barn i eit gammalt bygg.

– Det var interessant å sjå at du ikkje trong eit moderne kyrkjebygg for å treffe dagens behov.

Therese Egebakken i Ålgård kirke.

– Kva synest du om dagens kyrkjebesøk i Ålgård?

– Det var ei fin gudsteneste, i ei veldig flott kyrkje. Eg har sett mykje på den store altertavla, seier Egebakken.

Midt under gudstenesta stod sola rett på den blå glaskunst-altertavla, og braut mjuke lysstrålar inn i kyrkjerommet.

---

Stavanger bispedømme

---

Dette er favoritten

– Kva bundar denne kyrkjefascinasjonen i?

– Når eg har blitt eldre, har eg blitt meir bevisst på trua mi, og det kjennest meiningsfullt å vere ein del av gudstenestefellesskapet.

– Eg er oppvaksen i DNK, og sjølv om eg går i ulike kyrkjer, så er det mange ledd og kjenneteikn som gjer at du føler deg heime likevel. Det er ganske fint.

– Kva oppdagar du av å sjå og erfare så mykje forskjellig?

– Berre det å høyre ulike prestar preike lærer meg nye ting. Første påskedagsgudstenester har eg vore på i mange år, men det er forskjellige måtar å fortelle om bodskapen. Det er spennande.

– I tillegg er kyrkjebygga interessante i seg sjølv. Eg har særleg sansen for eldre kyrkjer, der bygget fortel mykje.

Og favoritten:

Therese Egebakken i Ålgård kirke.

– Det er kanskje litt kjedeleg å svare, men Stavanger domkyrkje. Tenk så vanvitig at menneske har bygd slike byggverk, og kor ein får møte Gud i det. Nei, det er store ting.

X-faktoren

Det kan gå månadar mellom heilt nye kyrkjebesøk, vedgår Egebakken. Ho sit i soknerådet heime, og vil gjerne gå litt i lokalkyrkja òg.

– Der kjenner eg at eg høyrer til. Men når eg beveger meg i dette same trussamfunnet, ser eg jo at eg ville fått det fint i andre kyrkjelydar og.

Framover står det mange gudstenester på Haugalandet og i Ryfylke på lista, med ferje og timar i bil.

Etter dei 47 besøka, har ho særleg blitt bevisst på ein ting: Har dei orgel?

– Det merkar eg fort om er der eller ikkje. Eg set pris på at mi lokale kyrkje brukar det. Det blir så mektig og stort.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, med Den norske kirke, featurejournalistikk og podkast som sine primære felt. Ta kontakt om du har tips til historier som bør fortelles eller mennesker vi må møte.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion