Religion

Fryktar diakonar og kateketar kan bli nedprioritert: – Uheldig signal

KYRKJEMØTET: Fleire ber Kyrkjemøtet utsette ei sak om korleis pengar skal delast ut. Dei er uroa for at kateketar og diakonar med masterutdanning ikkje vil bli satsa på.

Bak den litt kryptiske tittelen «Tilskuddsforvaltning i Den norske kirke», ligg det ei avgjerd som kan få store konsekvensar.

Det meiner i alle fall fleire diakonar, kateketar og fagforeiningar, som er uroa for at enkelte stillingar med høg utdanning i Den norske kyrkja (DNK) kan bli nedprioriterte – dersom eit forslag går igjennom på Kyrkjemøtet om kort tid.

I utgangspunktet handlar saka om kor vidt pengane DNK fordeler til diakoni, trusopplæring og undervisning, skal gå til stillingar eller fordelast basert på aktivitetar.

– Eg skal ikkje legge skjul på at ønsket mitt er at denne saka blir utsett. Ho treng å bli betre belyst, seier kateket Anny Holien i Østre Toten.

Heller ikkje kyrkjeverje Christfried Kaul i Ulstein vil at Kyrkjemøtet skal ta ei avgjerd no.

– Ein bør greie ut konsekvensane av ei slik omlegging betre, seier han.

Risikerer å miste noko

Målet med ein ny modell, er å gjere det mindre byråkratisk og meir fleksibelt for fellesråd å fordele pengane dei får til trusopplæring og diakoni.

– Slik sett er dette positivt, seier kyrkjeverje Kaul.

– Men det finst nokre faremoment. Dei små fellesråda, som ikkje har så mykje pengar å sjonglere med, risikerer å miste noko.

Dette noko er fagkompetanse, fryktar Kaul.

Ordninga, slik ho er i dag, er todelt:

  • Pengar til trusopplæring kjem som tilskot til det enkelte soknet, ut frå talet på døypte barn og unge. Tilskotet er likt same kva kvalifikasjonar dei tilsette har.
  • Pengar til diakon- og kateketstillingar – kyrkjeyrke med masterutdanning – kjem som tilskot til spesifikke stillingar.

– Å samle tilskota for trusopplæring, diakon- og kateketstillingar til eit aktivitetsbasert tilskot – der tilskotet ikkje lenger er knytt til klart definerte fagstillingar – kan gi særs uheldige signal, seier Kaul.

Uroa for «enten-eller»

Kyrkjeverja er redd eit pengetilskot basert på aktivitet kan sette fellesråd med ein pressa økonomi i skvis, og derfor kanskje må ty til å bruke arbeidskraft som ikkje har masterutdanning.

Konsekvensen han fryktar, er at diakonar og kateketar med master blir mindre eksplisitt etterspurde. No følger finansieringa av diakon- og kateketstillingar med eit krav til utdanning.

?

– Viss kompetansen ikkje lenger er spurd etter i same grad, vil færre velje ei masterutdanning innanfor diakoni og kyrkjeleg undervisning, seier han.

– Kyrkjemøtet har tidlegare satsa på høgt kvalifiserte tilsette ved å heve kateket- og diakonutdanninga til masternivå. Det bør dei halde fast ved.

Kateket Anny Holien meiner at dei to modellane som er føreslått for Kyrkjemøtet har nyttige ting ved seg, men at valet om «enten-eller» er uheldig.

Ei løysing som tar vare på både stillingar og kompetanse – og fridom hos fellesråd – kan finnast, trur ho. Berre ikkje slik det er lagt opp til no.

– Vi må behalde nokre fullfinansierte stillingar, men kanskje fordele dei litt annleis. Eg har leika med tanken om ein prostikateket og -diakon, som ein koordinator og fagleg rettleiar for andre tilsette. Slik sikrar ein god fagkompetanse i alle prosti.

– Må pengar inn i bildet

Holien jobbar i Hamar bispedømme, og veit at det finst fleire prosti utan kateketar. Det er allereie i dag krevjande å få kvalifiserte folk til alle stillingar.

Anny Holien, kateket/ leder for trosopplæring i Østre Toten

Ho fryktar at ein mindre tydeleg etterspurnad etter masterkompetanse i desse kyrkjelege stillingane vil gjere rekrutteringa til utdanningsprogramma krevjande.

– Det slår beina under eit langsiktig kompetansearbeid innan kyrkjeleg undervisning og diakoni som har halde på over fleire tiår.

– Eg meiner ikkje vi kan forvente å få diakonar og kateketar i alle sokn i landet vårt. Men å sikre kompetansen, det er eg opptatt av.

– Skal du drive med kyrkjeleg undervisning for barn og vaksne, treng du ei solid fagutdanning. Når vi seier at vi vil ha dette i kyrkja, må det pengar inn i bildet, rett og slett.

Derfor ønsker fleire endring

Saka har vore på høyring i store delar av DNK. Eit fleirtal på 76 prosent ønsker aktivitetsmodellen, den som her møter motbør.

Særleg mange fellesråd og bispedømmeråd meiner at fordelinga av pengar er best gjort av dei som kjenner dei lokale forholda best. Det har vore førande for Kyrkjerådet når dei har lagt fram saka.

– Når eg les kritikken, ser eg at det blir stilt spørsmål ved om den føreslåtte ordninga sikrar kompetanse i tilstrekkeleg grad, seier leiar av Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum.

Ho understrekar at det er mogleg for Kyrkjemøtet å sende saka tilbake, og be om at ho blir greia ut vidare, då særleg med kompetanse og kvalifikasjonskrav i fokus.

– Det er heilt innafor. Eg er glad for at diskusjonen sikring av kompetanse har dukka opp, det er viktig for kyrkja å sikre kompetanse, seier kyrkjerådsleiaren.

Vekk frå siloane

Likevel meiner Raaum at det er gode grunnar til å gå over til ein aktivitetsmodell.

– Eit eksempel er når ei lokalkyrkje har ein vakanse i ei stilling i ein periode. Då vil ikkje barn og unge få trusopplæring. Derfor har Kyrkjerådet vore opptatt av at pengane skal følge aktiviteten.

Kristin Gunleiksrud Raaum.

Og måten ein har fordelt midlar på fram til no, har bidratt til «silotenking», meir enn «heilskapleg oppgåveløysing», meiner Raaum.

– Det gjer lokalkyrkja meir sårbar. Vi ønsker å bidra til å ruste lokalkyrkja til å løyse desse oppgåvene. Då må tilskotsordninga ha ein nødvendig fleksibilitet.

I saka som ligg framfor Kyrkjemøtet, blir det å sette av pengar til «kvalifiseringsstipender nasjonalt» peikt på som eit tiltak for å halde oppe kompetansen.

– Men det kan tenkast at det finst andre tiltak ein bør sjå på òg. For eksempel at det kan vere enkelte krav til desse tilskota om at det skal tilsettast personar med masterkompetanse.

– Er det mogleg for Kyrkjemøtet å endre på modellen?

– Kyrkjemøtet bør ikkje teikne ut modellar der og då, som ikkje har vore på høyring. Då er det betre å sende saka tilbake og få greia ho ut betre.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen har vært journalist siden 2016. For tiden jobber hun primært med samtalepodkasten Åpenbart og er lydansvarlig i redaksjonen. Ellers har hun Den norske kirke og teologisk akademia som sine hovedfelt, samt skriver portrettintervjuer.

Mer fra: Religion