Religion

Ny leiar i Frimodig kyrkje: Dette seier han om omkamp om likekjønna ekteskap

DEN NORSKE KYRKJA: Oddgeir Sølvfæstersen (39) skal leie Frimodig kyrkje i to år. Han trur mange er meir einige med den kyrkjepolitiske lista enn dei trur.

– Det er viktig for oss at det er rom for å vera konservativ i Den norske kyrkja. Det er ein føresetnad for at det framleis kan vera ei folkekyrkje.

Det seier Oddgeir Sølvfæstersen som blei valt samrøystes som ny leiar for Frimodig kyrkje under årsmøtet deira sundag.

Sølvfæstersen tek dermed over stafettpinnen som leiar etter Sverre Elgvin Lied, som har vore leiar av den kyrkjepolitiske lista innanfor Den norske kyrkja (DNK) sidan 2020.

Den nye leiaren sit i motsetnad til forgjengaren også som fast medlem av Kyrkjemøtet, valt inn frå Nord-Hålogaland bispedøme.

Rom for å ynskje mannleg prest for pårørande

Sølvfæstersen bur i heimbygda Lakselvbukt i Tromsø kommune. Han er utdanna økonom og driv sitt eige konsulentfirma her, innan it og prosjektleiing.

Han har vakse opp i Den norske kyrkja og på bedehuset i Lakselvbukt.

– Eg er læstadianar og legg ikkje skjul på det, men her er det så vanleg, at det å skilje mellom kven som er læstadianar og ikkje, ikkje har vore naturleg.

Denne lutherske vekkingsrørsla har lekpredikantar som reiser rundt for å forkynne, og Sølvfæstersen er blant desse.

Han har mellom anna markert seg i debatten i Vårt Land kring pårørande som har bedt om mannleg prest i gravferder, for å oppfylle den avdøde sine ynskje.

Dette er ikkje uvanleg i læstadianske miljø, der mange er imot kvinneleg presteteneste.

Tek me vekk at me treng å bli frigjorde frå ein syndig natur ved frelsa tek me også vekk mykje av eksistensgrunnlaget me har som kyrkje

—  Oddgeir Sølvfæstersen

Sølvfæstersen har tidlegare uttalt at det vil vera «ei katastrofe for kyrkjelivet» i nord om ein fjernar høvet for å innfri slike ynskje.

– Dette er eit døme på eit spørsmål der ein bør leggje til rette for at ein skal kunne ha eit tradisjonelt syn i spørsmål der no majoriteten har eit anna syn. Det betyr ikkje at me skal utfordre at kvinner skal kunne vera prestar på lik linje som menn, men at det går an å finne gode løysingar som varetek alle partar, seier Sølvfæstersen.

Eit anna område han nemner er dette med likekjønna ekteskap.

– Det må vera eit reelt rom også for mindretalssynet her. Me som er konservative i dette spørsmålet må i praksis få leve etter det synet.

– Er det aktuelt å gå til omkamp på synet på likekjønna vigslar for Frimodig kyrkje?

– Det er ingen tvil om kva me i Frimodig kyrkje står for i synet på likekjønna ekteskap. Men eg tenkjer at med den situasjonen me har i kyrkja i dag så er det viktig at me opprettheld to reelt likestilte syn i det spørsmålet, seier Sølvfæstersen.

Uproporsjonalt mykje merksemd

Men på spørsmål om kva spørsmål han er mest oppteken av, og som blir viktig i tida framover, er det noko anna han trekkjer fram.

– At me som kyrkje står opp for læra i Guds ord om alvoret i å vera menneske. Om livets to utgangar og konsekvensen av å ikkje ta imot evangeliet. Han held fram:

– Tek me vekk at me treng å bli frigjorde frå ein syndig natur ved frelsa tek me også vekk mykje av eksistensgrunnlaget me har som kyrkje. Så det er ein kjernesak for meg.

Han meiner andre spørsmål lett får overskygge dette og får uproporsjonalt mykje merksemd.

– Men det er dette som er kjernen i trua.

Og det er her engasjementet for kyrkjepolitikken kjem frå.

Årsmøte og årskonferanse for Frimodig kirke 2024. Frimodig kyrkje.

– Mange vil klassifisere Frimodig kyrkje som veldig konservativ

Sølvfæstersen ser fram til eit Kyrkjemøte der Frimodig kyrkje for fyrste gong har eigne kandidatar.

– I staden for å berre vera ei stemme på utsida har me ei meir deltakande stemme på innsida.

Dette motiverer han til å bruke høvet til å påverke mest mogleg.

I tillegg til å ynskje betre og meir forutsigbare rom for konservative er trusopplæring ei kjernesak for den kyrkjepolitiske lista han leier, fortel Sølvfæstersen. Det same er å styrke den lokale kyrkja og kyrkjedemokratiet.

– Mange vil klassifisere Frimodig kyrkje som veldig konservativ, men me vil jobbe for ei betre kyrkje for alle. Eg trur mange rundt om i landet er meir einige med oss enn dei trur.

Her vil han kutte

Ein av sakene på årets Kyrkjemøte som Sølvfæstersen meiner blir viktig er budsjettet.

– Økonomien til kyrkja vil i dei neste åra føre til ein diskusjon knytt til korleis me skal vera kyrkje i ei ny tid og under andre rammevilkår.

Spørsmål knytt til korleis ein kan sikre god finansiering og korleis bruke dei midlane ein har på best mogleg måte opptek Sølvfæstersen. Sjølv ynskjer han at meir av pengane skal gå til det lokale kyrkjelydsarbeidet.

– Og kva skal ein då bruke mindre pengar på?

– Kvar sundag blir det ringt inn til veldig mange gudstenester klokka 11, og særskilt i byane er desse ganske tett på kvarandre. Mange gudstenester er halvfulle. Nærkyrkja er viktig, men det er ikkje sikkert at det kjennest mindre lokalt om ein må reise til nabobydelen, meiner Sølvfæstersen.

Han meiner det er kyrkjepolitikarane sin jobb dei neste åra å tørre å ta diskusjonen om kva ein skal prioritere og kva som kan kuttast.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion