Religion

Prest frustrert over manglande ambisjonar. Her meiner ho kyrkja bør satse

DEN NORSKE KYRKJA: Målet til Church of England er 10.000 nye kyrkjelydar innan 2030. Engelsk biskop oppfordra norske kyrkjeleiarar til å tenkje vekst. – Uvant, meinte fleire.

– Me må vera ærlege og ikkje pakke oss inn i at «me har framleis eit stort nedslagsfelt». Me kan ikkje tenkje at så lenge mange vel gravferd hjå oss så har me lukkast som kyrkje.

Det seier kapellan i Manglerud kyrkjelyd, Birgitte Kessel.

Ho var ein av seks representantar for ulike kristne organisasjonar eller kyrkjer i ei panelsamtale på MF vitenskapelig høyskole (MF) i Oslo førre veke.

– Me har ikkje innsett at me potensielt er i krise, seier praktikumsleiar ved MF, Knut Tveitereid, om situasjonen i DNK.

– Ja, det er nedgang overalt rundt oss, men tala er framleis gode og me har lukkast relativt godt, i alle fall på somme område, seier Tveitereid.

Knut Tveitereid

Hadde det vore opp til han hadde Den norske kyrkja tatt liknande grep innan bysatsing som det Church of England har gjort, og det for tretti år sidan.

Der har dei mellom anna starta kyrkjelydar med ulik profil, frå karismatisk til anglo-katolsk, retta inn mot ulike målgrupper.

Kyrkjevekst i byar, og dermed kanskje uunngåeleg også kyrkjenedgang, var tema for seminaret som MF, Norges kristne råd og Det Norske Misjonsselskap (NMS) var arrangør for.

Nye krefter til kyrkjelydar som slit

– Eg vil ikkje koma her og fortelje Den norske kyrkja at dei skal lære av Church of England, byrjar biskop Ric Thorpe beskjedent.

– Men det vil me, skyt generalsekretær i NMS, Helge Gaard, inn med ein liten latter.

Det er organisasjonen han leier som har invitert Thorpe til Noreg.

Thorpe er biskop med eit særskilt ansvar for kyrkjeplanting- og vekst i den anglikanske heimkyrkja si, og fortalde på MF om satsinga dei gjer.

Ric Thorpe, Biskop i church of England,  Helge Gaard, generalsekretær i NMS

Dei siste 10–15 åra har Church of England etablerts såkalla «ressurskyrkjer», som skal bidra til å plante nye kyrkjelydar eller revitalisere kyrkjelydar som strevar.

Vil danne 10.000 nye kyrkjer

Ressurskyrkja sender ein prest under utdanning eller i praksis, saman med om lag 20 av kyrkjegåarane frå ressurskyrkja, for å sprøyte liv inn i det nye fellesskapet.

Ofte inneber dette også ein tanke om kva som skal til for å nå ei målgruppe i området som vanlegvis ikkje er å finne i dagens kyrkjer.

Dei er godt på veg til å nå målet sitt om to hundre slike resurskyrkjer innan 2025. Og dei håpar på store ringverknadar av den samla innsatsen.

Church of England har sett seg eit hårete mål: 10.000 nye kyrkjelydar eller fellesskap på 10 år, innan 2030.

– Me har 12.500 sokn, og målet er at alle skal plante minst éin ny kyrkjelyd. Får 80 prosent det til er me i mål, seier ein optimistisk Thorpe.

Jarle Skullerud, Kristin Raaum og Ric Thorpe, Biskop i Church of England

Utfordrar norske biskopar

Tidlegare på dagen har han og Gaard møtt Bispemøtet i Den norske kyrkja. Dei hadde halvannan time saman med biskopane.

Og sjølv om Thorpe ikkje vil trenge seg på, har NMS tre klare utfordringar til Bispemøtet og DNK:

Ric Thorpe, Olav Fykse Tveit
  • Utnemne 1–2 biskopar til ei gruppe som skal kartleggje om ressurs-kyrkje-strategien kan fungere godt i Noreg.
  • Be bispedøma vurdere behov for nye kyrkjelydar i nybyggjarstrøk/nye bydelar.
  • Be bispedøma vurdere behov for revitalisering av kyrkjelydar med svært låg gudstenestefeirande forsamling.

I biskopane sitt vedtak takkar dei for orienteringa og ber arbeidsutvalet til Bispemøtet om å «vurdere vidare oppfylging av samtala».

– Uvant å tenkje på vekst i Den norske kyrkja

Kapellan Kessel let seg inspirere av arbeidet i England:

– Det er fint å tenkje at me kan få til vekst. Den tankegangen er nesten ikkje til stades i Den norske kyrkja, fordi så mykje handlar om å prøve å oppretthalde den folkekyrkja me har hatt.

Kessel var éin av elleve prestar og prestar under utdanning som i fjor sette fyr på ein debatt om kva Den norske kyrkja skal satse på framover. I eit lesarinnlegg i Vårt Land uttrykte dei ein frustrasjon i møte med strukturar dei meinte var til hinder for utvikling, vekst og kyrkjelydsbygging.

Dei etterlyste ei leiing som var villig til å kutte i det eksisterande tilbodet i kyrkja for å gje grobotn for noko nytt, som til dømes å leggje ned gudstenester med lågt oppmøte, og heller målrette somme kyrkjer til spesifikke målgrupper.

Dette er ikkje heilt ulikt det Thorpe fortel om frå England.

– Må handle før det er for seint

Under panelsamtala blei det diskusjon om når krisa blei stor nok i Noreg før ein vil vurdere ein like radikal modell som i England.

Gudstenestedeltakinga i England har gått nedover heilt sidan 1851, då omtrent halvparten av innbyggjarane var på gudsteneste på ein sundag. Statistikk frå nokre få år tilbake viser at tilsvarande tal då var på om lag 6 prosent, kjem det fram av ein rapport frå Nasjonalt senter for samfunnsforsking i England.

Og sjølv om nedgangen ikkje går like fort som på 70- og 80-talet har tala halde fram med å peike nedover.

Tveitereid trur situasjonen DNK står i i dag kan likne den Church of England stod i på 80-talet.

Kessel er ikkje i tvil om at tida er moden for å gjera endringar i Den norske kyrkja. Ho ser for seg at ein må tenkje nyplanting av kyrkjelydar mellom anna i store, nye bustadområde, som Hovinbyen eller Fornebulandet i Oslo.

– Eg synest me er for seint ute. Me har nokre utfordringar det verkeleg er på tide å ta tak i. Me kan ikkje vente til me er der Church of England er. Det er no me har ressursane og kan gjera om på prioriteringane før det er for seint, meiner presten.

RETTING: I ein tidlegare versjon av denne artikkelen siterte Vårt Land praktikumsleiar Knut Tveitereid på dette: «Me kan narre oss sjølve med statistikk, og tenkje at me gjer ein god jobb. Me gjer det i kyrkja heile tida, og eg trur ikkje me er ærlege med oss sjølve». Det var ikkje Tveitereid som sa dette, men den britiske biskopen Ric Thorpe. Saka er difor oppdatert. Vårt Land ber om orsak. Retta måndag 26. februar, kl. 19.30.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion