Religion

Er dette eit brød i bibelsk forstand? No skal biskopane avgjera saka

DEN NORSKE KYRKJA: Må det vera kveite i nattverdsbrødet for at det skal kunne reknast som nettopp det? Nei, meiner fagnemnd i sak som biskopane no får på bordet.

Bispemøtet har bede Nemnd for gudstenesteliv om å vurdere om oblatane som blir bruka i Den norske kyrkja (DNK) er eigna som nattverdsbrød.

Ja, meiner, nemnda.

Nei, meiner kritikarar.

Med jamne mellomrom kjem debatten opp. Kan ein kalle oblatar utan kveite for brød i bibelsk forstand?

No skal biskopane konkludere i saka.

Oppdatering: Bispemøtet seier dei glutenfrie oblatane DNK nyttar i dag er godt eigna til nattverd. Les heile vedtaket lenger ned i saka.

Alle må vera glutenfrie

Alle biskopane i DNK er samla til bispemøte i Oslo denne veka. Og på bordet har dei mellom anna svaret på bestillinga dei gav til Nemnd for gudstenesteliv i 2021.

Dette er fagnemnda for liturgisakar i Kyrkjerådet, og dei har no sett på kva som er eit eigna nattverdsbrød.

Norsk Helseinformatikk meiner det kan vera om lag éin av hundre i Noreg som har cøliaki, som gjer at ein ikkje toler gluten, som ein mellom anna finn i kveite, bygg, rug og spelt.

I 2011 vedtok Kyrkjemøtet at oblatane ein brukar i Den norske kyrkja skal vera glutenfrie.

Det er mange referansar til kveite i Bibelen, og fleire meiner praksisen med oblatar laga utan kveitemjøl ikkje stemmer teologisk med grunnforståing av sakramentet.

Det eneste stedet i Norge som baker oblater. På Diakonissehusets Gjestehus har oblater blitt laget de siste 130 årene.

Lite som minner om brød

I sakspapira til Bispemøtet står det at fleire har tatt kontakt med kyrkja ned teologiske innvendingar til bruken av oblatane utan kveite, og at dette er bakgrunnen for at Bispemøtet ville kikke grundigare på saka.

Nemnd for gudstenesteliv skriv i si utgreiing at dei med utgangspunkt i ein «bibelfagleg, historisk, økumenisk og teologisk gjennomgang,» vanskeleg kan argumentere for at dei oblatane ein brukar i dag ikkje er eigna.

Og sjølv om dei erkjenner at det er lite med dei små, runde flaka som minner om dei fleste andre brød i vår tid, peikar dei på at dei likevel kjem inn under Opplysningskontoret for brød og korn sin definisjon av brød.

Det er at det må vera «ei steikt eller baka blanding av mjøl og vatn. Mjølet kan vera av ein eller fleire kornsortar, men det kan også vera anna type mjøl», ifylgje sakspapira.

Brød eller popkorn?

– Kan du bruke desse oblatane, kan du bruke popkorn, sa Torkild Masvie til Vårt Land tilbake i 2021.

Torkild Masvie, Biskopen i Den Lutherske Kirke og Messiaskirken i Oslo fotografert ifb. med fravær av hvete i oblater

Masvie er biskop i det vesle kyrkjesamfunnet Den lutherske kirke i Norge, og han snakka om dei glutenfrie oblatane utan kveite.

Den største leverandøren av oblatar til Den norske kyrkja er Oblatbakeriet på Lovisenberg, som lagar glutenfrie oblatar med stivelse frå mais, ris og potetar.

Masvie har tidlegare skrive at eit slik nattverdsbrød ikkje har nokon forbindelse til den type kveitebrød Jesus bruka då han innstifta nattverda, og at det for han er eit poeng å bruke brød som er så nært som mogleg til det Jesus sjølv bruka.

«'Om ikke hvetekornet faller i jorden og dør ...’ seier Jesus om seg sjølv, og lagar ein forbindelse mellom kveitekornet og sitt liv og sin død.», skriv han vidare.

Også i sakspapira til Bispemøtet står det at brødet Jesus bruka truleg var laga berre kveitemjøl.

---

Bispemøte-vedtaket

Bispemøtet takker Nemnd for gudstjenesteliv og kirkefagavdelingen i Kirkerådet for grundig behandling av saken om glutenfrie nattverdoblater.


Bispemøtet understreker at nattverdens gyldighet er grunnet på Kristi løfter og nærvær, som blir konkretisert gjennom liturgien og innstiftelsesordene. Det er viktig å understreke elementenes rolle i nattverdfeiringen, at vi drikker av vintreets frukt og spiser av brødet. Hvordan elementene framstilles er ikke avgjørende, men det er i vår felles kristne tradisjon og ikke minst i vår lutherske kirkefamilie understreket nettopp sammenhengen mellom Kristi innstiftelse og de konkrete elementenes betydning.


Med utgangspunkt i en bibelfaglig, historisk, økumenisk og teologisk gjennomgang, mener Bispemøtet at de glutenfrie oblatene vi benytter i dag, uten hvetestivelse, er godt egnet til bruk i nattverdfeiring i Den norske kirke.

---

– Symboltungt

Det finst produsentar som lagar oblatar av kveitestivelse og vatn med lågt nok gluteninnhald til at dei tilfredsstiller kravet for å bli kalla glutenfrie. Dei fleste med cøliaki toler kveitestivelse, men personar med til dømes kveiteallergi eller irritabel tarm kan reagere på dette.

Derfor skriv Nemnd for gudstenesteliv at å råde alle til å velje slike oblatar «kan heve terskelen for deltaking i nattverdsfellesskapet».

Kvar kyrkjelyd i DNK står fritt til å bestille kva oblatar dei ynskjer, så lenge dei er glutenfrie.

Nemnda rår også Bispemøtet til å gjera det tydeleg at det i teologien til Den norske kyrkja ikkje er avgjerande at det er kveite eller kveitestivelse i brødet for at nattverden blir rekna som gyldig.

Likevel meiner dei at det er nyttig at kyrkja tenkjer gjennom problema knytt til kva brød ein brukar i nattverd. Dei legg vekt på at det er viktig for kyrkja å ta vekk tersklar for fellesskap, og skriv vidare:

«Det er symboltungt at éin av hundre blir sjuk, men kan inkluderast».

Heile utgreiinga til nemnda med utgreiing av bibelske tekstar om brød og teologiske perspektiv på nattverdsbrødet kan du lesa her.





Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion