Religion

Julekort førte til besøksboom i kyrkja

DEN NORSKE KYRKJA: For å skille seg ut i eit hav av digital marknadsføring sendte to kyrkjelydar ut jolekort med invitasjon til kyrkja. Det førte til stor besøksauke og mange nye fjes.

– Dei tilsette i kyrkja braut ut: me kjenner nesten ingen her. Det er ekstra gøy når mange me ikkje ser elles dukkar opp.

Det seier Eirik Samdal Lund. Han er informasjonsarbeidar i Haugesund kyrkjelege fellesråd.

Før jul fekk han ein idé.

– Me tenkte på korleis ein kan få folk til å ville koma i kyrkja i jula. Me ville spela litt på tradisjonar, og då kom eg til å tenkje på at det ikkje er så mange som får fysiske julekort i postkassa lenger. På den måten kunne me skilje oss litt ut.

To kyrkjelydar i Haugesund kyrkjelege fellesråd sendte ut julekort med invitasjon til kyrkja.

Ringde kyrkjekontoret

Som sagt, så gjort. Dei henta ut adressene til eit årskull i dei to kyrkjelydane som var med på forsøket, Vår Frelser og Skåre.

Så skreiv dei ei helsing der dei oppmoda familien om å koma på ei spesifikk gudsteneste på julaftan som var spesielt retta inn mot barn og familiar.

Det er moro at ein så enkel idé fungerte så godt

—  Eirik Samdal Lund, informasjonsarbeider i Haugesund kyrkjelege fellesråd

I tillegg inviterte dei i Vår Frelser til gudsteneste 1. juledag, og til ein juletrefest i Skåre.

– Også signerte me med fornamna til alle som jobbar i kyrkjelyden.

Og sjølv om det er vanskeleg å bevise at korta er grunnen til auken i oppmøte, er det mange ting som tydar på at det er tilfelle, ifylgje Lund.

To kyrkjelydar i Haugesund kyrkjelege fellesråd sendte ut julekort med invitasjon til kyrkja.

– Personar ringde til oss i fellesrådskontoret og lurte på når juletrefesten var, fordi me hadde gløymt å skrive det på kortet. Andre lurte på kvifor dei ikkje hadde fått julekort.

120 prosent auke

I kvar av dei to kyrkjelydane sende dei ut om lag 200 julekort.

Julaftansgudstenesta det blei invitert til på julekortet i Vår Frelser kyrkjelyd hadde ein besøksauke på nesten 20 prosent samanlikna med i fjor.

I Skåre kyrkjelyd var det nesten 50 prosent fleire besøkjande på den aktuelle gudstenesta. Men størst auke var det på juletrefesten ein også hadde invitert til på korta. Der var det 120 prosent fleire som kom, samanlikna med i fjor.

Det var her dei tilsette nesten ikkje kjente nokon av dei som møtte opp.

To kyrkjelydar i Haugesund kyrkjelege fellesråd sendte ut julekort med invitasjon til kyrkja.

– Det er moro at ein så enkel idé fungerte så godt. Vanlegvis jobbar me med algoritmar og målretta digital marknadsføring, men her skilte med oss ut på ein heilt annan måte.

Sjølv om noko av oppgangen i besøkjande kanskje kan forklarast med at fleire tok tilbake tradisjonen med å gå i kyrkja på julaftan etter pandemien, har Lund stor tru på at julekorta hadde ein god effekt.

– No skal me evaluere og sjå om den raske ideen kan bli endå betre. Eg gler meg alt til neste år, utbryt informasjonsarbeidaren oppglødd.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion