«Eg vart veldig dregen mot dei folka som var så brennande»

INTERNATSKULE: Idun Fjeld (23) vart kristen på den kristne vidaregåande skulen ho gjekk på.

«Kyrkja var den første staden eg følte meg inkludert, utanom på fotballbana», fortel Idun Fjeld (23).

Her er ho tilbake på Kongshaug Musikkgymnas, den kristne internatskulen ho gjekk på då tok valet om å verte kristen.

Foto-prosjekt: Min båt er så liten

For henne vart konfirmantarbeidet introduksjonen til trua. Her fekk ho både høyre om Jesus og om Kongshaug musikkgymnas som ho valgte å starte på.

«Då eg kom til Kongshaug var det veldig rart fordi eg følte alle kom frå kristne heimar. Folk hadde eit eller anna spesielt ved seg som eg ville lære meir om», seier Fjeld og fortel at ho fekk ein bibel som ho las. Ho las også Koranen på denne tida.

Etterkvart vart ho med på møter og starta i ei bibelgruppe. «Eg vart veldig dregen mot dei folka som var så brennande», seier ho.

Etter å ha lest og spurt mykje, valgte Fjeld å ta i mot Jesus.

«Eg hadde eit lite nye testamentet som eg alltid hadde i baklomma og las kvar ledige stund», seier ho og legg til at ho ikkje skjønte mykje før ho hadde blitt kristen, men at det vart mat for ho når ho hadde valgt å bli kristen. For Fjeld vart Bibelen det som overbeviste.

«Det er mykje som skjer når ein går frå å ikkje tru til å tru.»

---

Min båt er så liten

Matilde Solsvik er ein 23 år gamal norsk fotojournalist og dokumentarfotograf frå Øygarden, utanfor Bergen. Matilde Solsvik er utdanna ved Bilder Nordic School of Photography i Oslo og har jobba i Vårt Land, men er no nynorskpraktikant i NRK i Førde.

I mars 2023 vann Matilde Solsvik to prisar under Årets Bilde-utdelinga. Ho vann prisen som Årets Nykommar for prosjektet Min båt er så liten og første plass i Åpen Klasse for prosjektet Bobla, kvar ho utforska sitt forhold til sine eigne besteforeldre og møtet mellom den yngre og den eldre generasjonen. I prosjekta hennar utforskar ho tema som religion, kultur og identitet.

---

Las meir om fotoprosjektet Min båt er så liten her.

Kvar veke vil Vårt Land denne hausten og på nyåret publisere nye bileter frå Min båt er så liten. Biletene kjem kvar fredag, på vl.no og på Instagram. Du kan sjå dei same biletene i papiravisa på laurdager. Sjå dei andre bileta vi har publisert, her:

«Ein vert ikkje så veldig utfordra når ein er i kristenbobla»

Foto-prosjekt: Min båt er så liten

«Eg har kjøpt ein kross»

Foto-prosjekt: Min båt er så liten

«Eg drikk berre brus, for Jesus er min rus»

Foto-prosjekt: Min båt er så liten

«Ut til verden, inn til Kristus»

Foto-prosjekt: Min båt er så liten

«For meg er det lettare å seie at eg er skeiv enn at eg er kristen»

Foto-prosjekt: Min båt er så liten

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Religion