Eit eple langt frå stamma

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

14 år gamle Pål Kristian Balstad har gøymt seg inne på rommet sitt i andre etasje i huset på Nesodden. Han set kassetten i den svarte kassettspelaren og skruar ned volumet slik at dei andre i huset ikkje skal høyre.

Kassetten fann han litt vekkgøymt i ei bokhylle, og han mistenkjer at det ikkje vil falle i god jord at han har funne den fram.

Han trykkjer Play og tonane frå Børud-Gjengen siv ut i rommet.

Dette blir starten på ein ny kurs i livet for tenåringen som ikkje visste kven Jesus var.

---

Pål Kristian Balstad

  • Ny domprost i Oslo
  • Kjem frå jobben som leiande prest i Trefoldighetskirken, freds- og forsoningskyrkja i Oslo.
  • 45 år
  • Oppvaksen på Nesodden
  • Ugift

---

Mykje ansvar

Me hoppar 31 år fram i tid. Balstad kjem i rask gonge mot Oslo domkyrkje, ikledd svart ullfrakk og skjerf.

I dag er den fyrste dagen hans som fungerande domprost i hovudstaden. Frå 1. desember kan han sløyfe «fungerande» framfor tittelen.

Etter intervjuet skal han ned på Rådhuset for å treffe ordføraren og byrådsleiaren. Temaet er situasjonen i Gaza og korleis det påverkar Oslo.

– Det er ei rolle med mykje ansvar, og ein forvaltar mykje på vegner av fellesskapet. Det har eg veldig respekt for, seier Balstad om den splitter nye stillinga si.

Pål Kristian Balstad er Oslos nye domprost.

Han viser veg mot dei massive bronsedørene som leier inn vestfløya av krosskyrkja og fortel at motiva her har utgangspunkt i starten av Bergpreika.

Dei blei laga av bilethoggaren Dagfin Werenskiold i 1938.

– Motiva hentar opp dei gamle forteljingane frå Bibelen, men tolkar det inn i livet slik det var på 30-talet. Det synest eg er spanande. Me er sett til å vera kyrkje i ei tid, i ein by. Så blir spørsmålet: Korleis tolkar me det oppdraget?

Spørsmålet blir hengande i lause lufta saman med frostrøyken.

---

Kva er ein prost?

  • Den norske kyrkja har dela Noreg inn i 11 bispedøme. Desse er på nytt dela inn i mindre prosti.
  • Prosten leiar prestetenesta i sitt prosti, for biskopen. Ho er altså prestane i prostiet sin personalleiar.
  • Ein kan med andre ord kalle prosten ein mellomleiar.
  • Prosten må vera prest, og i tillegg til leiaroppgåver gjer ein prost vanlege presteoppgåver.
  • Prostar skal også vera eit bindeledd mellom bispedømet og dei kyrkjelege fellesråda. Sistnemnde tilsvarar vanlegvis éin kommune.
  • Domprost er prost i eit prosti med domkyrkje. Det er elleve domprostar i Den norske kyrkja.

Kjelde: Den norske kyrkja, Store norske leksikon og Vårt Land.

---

Fostra opp i arbeidarrørsla

Det er ikkje fyrste gong Pål Kristian er tema for eit «Mi tru-intervju» i Vårt Land. I 2000 blei nemleg faren, Jan Balstad, som den gong var nestleiar i LO, intervjua i spalta.

Han var også handelsminister i den andre regjeringa til Gro Harlem Brundtland.

Men sonen fekk plass alt i overskrifta: «Streikesjefen som avlet prestespire». Den gong gjekk Pål Kristian på teologistudiet på MF.

– Far seier at ikkje eplet berre fall langt frå stamma, men at nokon pælma det så langt dei kunne, seier Balstad jr. muntert.

Han fortel om ein oppvekst i sosialdemokratisk ånd med faste familierådsmøte. Pål Kristian og veslebroren måtte ta sin tørn med å skrive referat, heilt frå dei så vidt hadde lært seg å skrive.

Foreldra møtte kvarandre i LO-samanheng.

– Heilt sidan eg var bitte liten har me bruka mykje tid på å diskutere politikk og samfunnsutvikling heime. Det har vore ein viktig del av vår slektshistorie, at me har vore politisk engasjerte saman.

Far seier at ikkje eplet berre fall langt frå stamma, men at nokon pælma det så langt dei kunne

—  Pål Kristian Balstad

Og for Balstad er det ikkje noko motsetnad mellom kyrkjeliv og politikk.

– Eg veit at det kan høyrest merkeleg ut for mange, men viss definisjonen av politikk er fordelinga av byrder og gode i eit samfunn, så meiner eg det er sjølvsagt at kyrkja skal vera engasjerte i det.

Truverdet til kyrkja

Me har tatt turen innanfor dørene i kyrkja som no er Balstad sitt prostesete. Berre eit par godt påkledde turistar er å sjå.

– Dette er verkeleg ei kyrkje både for dei høgtidelege seremoniane og ei kvardagskyrkje der folk kan koma med livet, for å be eller tenne ljos.

– Dei to sidene er gjensidig avhengige av kvarandre for at kyrkja skal ha truverd, meiner prosten.

Han tippar hovudet bakover og sveipar blikket over takmåleria av skapinga, og blir stille.

– Det er vakkert, kjem det nesten spørjande.

Pål Kristian Balstad er Oslos nye domprost.

Hadde ikkje høyrt om Jesus

I oppveksten var det ikkje noko kvardagsleg over eit kyrkjebesøk for Balstad. Domprosten meiner han truleg var innom ei 1.-maigudsteneste eller to.

– Eg hadde ikkje høyrt om Jesus, faktisk.

På steinerskulen på Nesodden var det religionsundervisning, ikkje kristendomsundervisning, slik som i den offentlege skulen på den tida.

Heime fekk Balstad med seg verdiar som er viktige for han også i dag. Det handla om å rette blikket utover og jobbe for eit betre samfunn.

– I den sosialdemokratiske tradisjonen eg vaks opp i er mykje av verdiane forankra i fellesskapstanken. Det trur eg er viktig i dag, der det er aukande polarisering og der mange lever veldig individualistisk, meiner Balstad.

Likevel vaks det fram ein lengt i den unge nesoddingen. Han fortel at han kjente på ein trong til å bli sett, rekna med og elska for kven han var i eigenskap av seg sjølv. Ikkje som ein del av ei større eining.

Børud-Gjengen skapte eit rom

Det var då desse kjenslene herja at han snubla over den uopna Børud-Gjeng-kassetten. Dei enkle barnesongane rørte noko i Balstad.

Korleis kassetten hamna der veit han ikkje.

– Eg byrja å lære meg tekstane, og dei blei viktige for meg. Dei skapte eit rom.

Balstad kjente ingen kristne, men tekstane sådde eit frø i han. Sjølv kallar han det starten på ein relasjon til Jesus.

---

4 raske

  • Gud er: Alltid større
  • Eg klarar meg ikkje utan: Vener og familie
  • På gravsteinen min skal det stå: Han gjorde så godt han kunne
  • Boka alle må lesa: Den bortkomne sønn vender hjem av Henri J. M. Nouwen

---

Vekkjer skam

Me har flytta oss til kontoret til Balstad. To friske tulipanbukettar kompenserer for den litt slappe kaktusen ved pulten. Eit tosifra tal handleposar i hjørnet vitnar om det nylege maktskiftet.

Domprosten hugsar særskilt «Jesus er min aller beste venn» og songen der «Lille Ole» syng ein dialog med mor si om kva himmelen er.

– Det er heilt elementært.

Balstad dreg på orda. Vrir seg litt i stolen.

– Det er ikkje så ofte eg snakkar om dette.

– Du seier du skrua ned volumet så ingen skulle høyre kva du høyrde på. Betyr det at du forstod at det ikkje ville vore heilt populært heime?

Spørsmålet er nesten ikkje ferdig stilt før det kjem eit resolutt:

– Absolutt.

– Og eg gjer det framleis. Det vekkjer litt skam eller kva ein skal kalle det. Eg blir litt forlegen.

– Kva kjem det av?

– Eg har ikkje vakse opp i ein samanheng der var så naturleg å snakke om slike ting. Korkje om kjensler eller tru.

Det var noko veldig nært, nesten intimt i det Balstad kjente på. Noko som handlar om dei heilt grunnleggjande lengslane i eit menneske.

– Det er heilt eksistensielt, rett og slett.

Kongelege seremoniar

Samstundes som songtekstane til Børud-Gjengen kanskje kan verke pinleg enkle for ein som i dag er prest dreg Balstad ein viktig lærdom frå ungdomserfaringa.

– Det er ikkje alltid den kompliserte teologien som er det som rører hjarte. Det er det som gøymer seg i liva våre og lengslane våre. Det å kjenne at me er del av noko større.

Pål Kristian Balstad er Oslos nye domprost.

Dette heng tett saman med Balstad sin tanke om kyrkja sin plass i samfunnet. Han er pådrivar for ei diakonal folkekyrkje som anerkjenner folk sine «strevde og levde liv».

– Kyrkja forvaltar noko som er viktig for folk sine liv. Det er ein skatt som er så fin og ein bodskap som me treng i verda og i samfunnet vårt.

Skatten inneber mellom anna kampen for rettferd, nåden, kjærleiken, det inkluderande fellesskapet og tanken om at mennesket har uendeleg verdi.

Det er ikkje alltid den kompliserte teologien som er det som rører hjarte

—  Pål Kristian Balstad

Frå kontorvindauge ser domprosten bort på domkyrkja som husar bryllaup og gravferder for kongelege.

Ein kilometer andre vegen ligg Grønland kirke som samarbeider med Fattighuset.

– At me ikkje alltid handlar i tråd med dei verdiane motiverer og inspirerer meg til å forkynne og vera prest.

For mykje sorg

Men det er ikkje kvar dag eller time han kjenner på at han er glad for at han valde presteyrket.

Det kan vera i tider der det blir for mykje administrasjonsarbeid, eller at det rett og slett at det blir for mykje liv, for mykje sorg.

– Ein blir heile tida prøvd på det eksistensielle. Det er viktig og noko eg gjerne vil, samstundes er det ganske krevjande å stå der livet dirrar.

Pål Kristian Balstad er Oslos nye domprost.

Det er noko med å skulle tolke andre folk sine liv i ein større samanheng som krev overskot.

Dei beste dagane som prest er når han kan jobbe fagleg med til dømes forsoningsteologi eller fredsarbeid. Eller når han får møte unge menneske, det kan vera i regi av skulen eller i sjelesorg.

Det ganske krevjande å stå der livet dirrar

—  Pål Kristian Balstad

Møte med kyrkja: – Som å koma heim

Han veit av eigen erfaring kor viktig det er å bli tatt på alvor som ungdom.

For etter at Børud-Gjengen vekte noko i Balstad fann han ut at han ikkje var døypt.

To dåpssamtaler med presten i Skoklefall kyrkje, med tilhøyrande leselekse av Markusevangeliet blei viktige for vegen hans vidare.

– Dei samtalene var fine. Eg opplevde å bli tatt veldig på alvor. Presten såg meg, og det kjentest litt som å koma heim.

Og ved å lesa Markusevangeliet fekk ungguten ei oppleving av at måten Jesus møtte menneske på i bibelforteljingane også var den måten han møtte Balstad på der og då.

– Det blei rett og slett eit veldig sterkt møte med Gud i dei tekstane. Det gav meg svar på mange av dei tinga eg mangla og leita etter.

Ikkje så lenge etter blei både Pål Kristian og veslebroren døypte.

Dåp, Pål Kristian Balstad. Prest Georg Børresen

Storebror kan hugse at det var noko litt flaut ved å bli døypt som tenåring, også fordi heile konseptet ritual var noko ukjent. Men fyrst og fremst kjentest det viktig. Eit halvt år seinare var han konfirmant.

Ueinig med salme

I dag synest Balstad det er vanskeleg å sjå for seg eit liv utan trua. Eller ei verd.

– Når me syng i salmen at Gud er skjult for vitskapens auge, så tenkjer eg: nei. Det er ikkje skjult. For den som har auge er det berre å sjå seg rundt i denne verda Gud har skapt. Det er for stort til å fatte.

For Balstad er det ein fin tanke at det står ein skapar bak det heile.

– Gud har openberra seg gjennom Jesus. Eg synest det er inspirerande at forteljinga i evangelia om Jesus formidlar noko om kven Gud er i dag.

Det håpar Balstad å kunne bidra til å finne eit språk for i Oslo-kyrkja.

– På den måten kan det tolkast inn i verda me lever i i dag. Som ein del av den pågåande skapinga.