Religion

Diakon delar ut matkasser før jul: – Ein kritikk av samfunnet

VEST-TELEMARK: Diakon Eilev Erikstein delar for femtande året ut matkasser til dei som treng det. – Folk bør sleppe å ha sånne som meg på døra som spør om dei vil ha gåver.

I om lag 15 år har prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein, dela ut matkasser til dei som treng det før jul.

– Eg får lov til å vera ein liten julenisse. Det er ein god, diakonal tradisjon å dela ut gåver, seier Erikstein, og siktar til opphavet til julenissen, biskop St. Nikolaus som dela ut gåver til dei fattige.

Han seier det er ei god kjensle å overraske folk med noko godt av og til. Diakoni blir ofte omtalt som omsorgstenesta til kyrkja, eller evangeliet i handling.

Men sjølv om Erikstein synest det er viktig at kyrkja kan hjelpe når det trengst er han ikkje berre glad for matutdelinga.

– I matposediakonien ligg det også ein kritikk av samfunnet. Eg vil eigentleg ikkje dela ut så mange matkasser, men me gjer det når det trengst.

NOKON SOM TRENG NOKO EKSTRA TIL JUL? Dei siste åra har gjeve oss auka renter, straum- og matprisar, og generelt meir...

Publisert av Prostidiakonen i Vest-Telemark Torsdag 30. november 2023

– Bør sleppe å ha slike som meg på døra

Diakonen meiner velferdsordningane burde vera slik at det ikkje er behov for at kyrkja og andre aktørar delar ut mat, men han erkjenner at det i dag ikkje er tilfelle.

– Folk bør sleppe å ha slike som meg på døra som spør om dei vil ha gåver. Sjølv dei som har minst bør ha nok til å greie seg sjølve. Det handlar om verdigheit.

Erikstein merkar seg ein større økonomisk uro blant folk på grunn av høge renter, straum- og matprisar.

Han rosar dei ulike offentlege instansane i nærområdet, som helsestasjonen og NAV. Dei formidlar vidare kontakt til diakonen om dei treffer folk som kunne trenge litt ekstra hjelp før jul.

Meiner folk har lågare terskel for å be om hjelp

Ingen sjekkar lønnsslippar eller inntekt for å avgjera kven som får kasser. Det kan vera folk sjølve som melder at dei treng det, eller andre tipsar om personar dei trur kunne hatt glede av det.

– Før sat det lenger inne for folk å be om det. Eg trur folk i dag ikkje synest det er like farleg å be om hjelp. Det synest eg er fint. Folk tørr i større grad å vise fram at ein er sårbar med å seie: No treng eg noko.

Erikstein ser på matutdelinga som eit «opprør».

– Me kan ikkje tolerere at det utviklar seg fattigdom.

Diakonen meiner det er heilt naturleg at kyrkja går inn og hjelper der det er størst trong.

Han viser til bibelhistorien om den miskunnsame samaritanen som hjelpte ein skadd mann, der fleire andre før berre hadde gått forbi.

– Den miskunnsame samaritanen bøygde seg ned til den skada mannen, nær døden. Det førte til at han handla. Dei andre gjekk forbi han, dei kom ikkje nær nok.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion