Religion

Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk gjør reality-comeback: Lover minneverdig møte med det okkulte

TV2: To år etter Farmen kjendis-deltakinga kjem Vebjørn Selbekk tilbake på tv-skjermen. Her blir han sett på prøve både i møte med levande og døde menneske.

– Konseptet og universet er det same. Leve enkelt, dårleg hygiene og lite mat. Ein lever som for hundre år sidan. Det er det eg har lengta tilbake til heilt sidan eg var med på Farmen.

Det seier Vebjørn Selbekk, redaktør i den kristne avisa Dagen til Vårt Land etter at det blei kjent at han gjer reality-comeback på nyåret.

Denne veka blei nemleg dei fyrste deltakarane til den nyaste sesongen av serien «Torpet kjendis» offentleggjort.

Det er ein realitetssjekk på korleis ein fungerer sosialt

—  Vebjørn Selbekk

Det er kanskje ikkje openbert for alle at tinga Selbekk nemner er noko å lengte etter, men redaktøren forklarar at å leve slik fører med seg fleire ting som appellerer: eit rolegare tempo der han kan leggje vekk mobilen og avtaleboka.

Med seg inn på Torpet har Selbekk er det den tidlegare Farmen kjendis-deltakaren og influensaren Aleksander Sæterstøl og familieterapeut og standupkomikar Dora Thorhallsdottir.

Torpet Kjendis 2024

Sosialt eksperiment

I fjor blei den sjette sesongen av det populære realityprogrammet Farmen kjendis sendt på TV2. Selbekk var med i programmet og enda på ein 7.-plass.

– Eg likar leven, spetakkel og tv-kamera. Det innrømmer eg gladeleg, sa redaktøren til Vårt Land den gongen om kvifor han stilte opp i programmet.

Torpet Kjendis 2024

Serien heng tett saman med programmet Farmen. Konseptet handlar om at deltakarane på Torpet kjempar om å få ein plass inne på Farmen.

Hit kjem alle som tapar dei såkalla «tvikampane» inne på Farmen, for å få ein sjanse til å kjempe seg tilbake inn på garden, men også andre utfordrarar, som Selbekk.

Redaktøren seier hovudforskjellen på å vera på Torpet og Farmen var den sosiale dynamikken.

Å berre vera tre menneske som er ganske forskjellige kallar han «eit spanande sosialt eksperiment».

– For meg er det å møte nye menneske som lever heilt andre liv enn meg noko av det mest spanande. Det er ein realitetssjekk på korleis ein fungerer sosialt. Sjølvutvikling kan ein vel kalle det.

Minneverdig møte med det okkulte

– Får me sjå deg krangle der inne?

Torpet Kjendis 2024

– Eg kan ikkje røpe alt, men det er klart at ein blir sett på prøve.

Men det treng ikkje nødvendigvis berre handle om kven ein bur og jobbar med, fortel Selbekk.

Kvar sesong har nemleg ein bakhistorie knytt til seg. Og i år er det okkulte ein del av dette bakteppet.

– Det låg tarotkort slengt rundt der inne, der var ei krystallkule og ei svartebok der, og å snakke med døde er eit tema, fortel Dagen-profilen.

– Så det blir noko bråk rundt dette for din del?

– Det kan eg ikkje svara på, men det er ein situasjon der inne som kan bli minneverdig, så eg vil tilrå folk å sjå, seier Selbekk kryptisk.

Realityfrelst familien

Redaktøren seier deltakinga på Farmen var «noko av det gøyaste eg har vore med på i heile mitt liv».

Difor var han ikkje vond å be då han fekk ein sjanse via Torpet kjendis til å kjempe seg inn att på Farmen. Om han lukkast kan han så klart ikkje røpe.

Torpet Kjendis 2024

Selbekk fortel at den nye sesongen blei spela inn i mai og juni i år. Den har premiere i starten av januar 2024.

– Korleis blir det då, benkar du deg saman med heile familien og ser på?

– Ja, ja. Det er klart. Faktisk har heile familien blitt veldig glade i reality etter at eg var med på Farmen.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion