Religion

Må styrkje tryggleiken rundt synagogen

KRIGEN-HAMAS-ISRAEL: Jødar i Norge kjenner på frykta. Det Mosaiske Trossamfund ber om ekstra statsstøtte for å styrkje tryggleiken rundt den utsette minoriteten.

Ronen Bahar er uroleg for kvardagen til norske jødar og forsamlinga han leiar, Det Mosaiske Trossamfund.

Difor har han skrive ein søknad til kommunalminister Erling Sande (Sp), som har det politiske ansvaret for Norges nasjonale minoritetar – der jødane er ei av fem grupper – med kopi til statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

DMTs styreleiar ber konkret om 1,25 ekstra millionar kroner i 2023–2024. Bahar ber om økonomisk støtte «i forbindelse med de pågående hendelsene i Midtøsten som i meget stor grad påvirker vår menighet».

Kommunikasjonsavdelinga i Kommunaldepartementet opplyser til Vårt Land at søknaden er til behandling.

Under eit besøk i synagogen i Oslo i oktober lova statsminister Støre at norske jødar skal oppleve det som trygt å vere jøde i Norge:

– Er her i dag for å vise at me ser dei, og me skal gje dei støtte og tryggleik, fortalde han Vårt Land.

Langdryg konflikt skaper auka redsel

Midla skal brukast på fire tiltak, fortel Ronen Bahar i brevet til departementet:

  • Styrkje tryggleiken rundt synagogen, og andre jødiske institusjonar.
  • Hjelpe barn og unge i forsamlinga som i haust opplever ekstra mykje hets og hatefulle ytringar.
  • Styrkje synagogen som møteplass for norske jødar.
  • Opne arrangement i synagogen, særleg om tilhøva i Midtausten.

Tiltaka vil sikre viktig hjelp til DMTs medlemmer i «en svært krevende tid», skriv Ronen Bahar. Han fortel vidare at fordi krigen konflikten i Israel og Gaza ligg an til å dra ut i tid, vil det føre med seg «økt utrygghet og redsel for mange jøder i Norge».

OSLO 27032008:
Det Mosaiske Trossamfund sin synagoge i Bergstien i Oslo.
I 1920 på den 21. mai ble synagogen innviet, ved en høytidelig seremoni ledet av Rabbiner Marcus Melchior fra København. Synagogen brukes i dag til gudstjeneste hver morgen, på shabbat - fredag kveld og lørdag morgen, til helligdager, til Bar- og Bat-Mitzva og til bryllup. Synagogen følger det ortodokse rituale, alt foregår på hebraisk (alle bøkene har oversettelse) og menn og kvinner sitter adskilt.
Jøde, jødedom.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Fleire må arbeide med dagleg tryggleik

Det er særleg tryggleiken i kvardagen som må betrast og styrjast, melder styreleiaren. Difor søkjer dei om 750.000 kroner for å auke tryggingsstaben med 1,5 årsverk.

I dag har dei som arbeider med tryggleiken ansvaret for mellom anna synagogen, barnehagen, eldresenteret og leirstaden.

Det Mosaiske Trossamfund har tidlegare fått ekstra kroner når noko ekstraordinært har skjedd.

Etter skota mot den synagogen i Oslo i september 2006, løyvde Stoltenberg-regjeringa nesten fem millionar kroner til tryggingstiltak rundt dei jødiske samfunna i Oslo og Trondheim.

---

DMT

  • Stiftinga av det som blei heitande Det Mosaiske Trossamfund (DMT) fann stad i Christiania i 1892.
  • Synagogen blei innvia i 1920.
  • Har medlemmer som er ferske i Norge, og som har vore i Norge i mange generasjonar.
  • Er den største jødiske institusjonen i Norge.

---

Sende ut bekymringsmelding

I oktober gjorde Det Mosaiske Trossamfund (DMT) noko dei aldri hadde gjort før: Dei sende ut ei bekymringsmelding til omverda.

Her fortalde DMT at norske jødar i haust opplever å bli trua, i sine heimar og på open gate.

«Den grunnleggende tryggheten vi alle skal føle i våre egne hjem, trues som resultat av slike angrep», skreiv dei i bekymringsmeldinga.

Vårt Land fortalde siste veke at i haust registrerer politiet svært mange straffesaker som gjeld antisemittisme:

– Det er per 13. november registrert 14 straffesaker nasjonalt på antisemittisme sidan 7. oktober, opplyste politioverbetjent Monica Lillebakken ved Nasjonalt kompetansemiljø innan hatkriminalitet om kriminalitet.

LEDER

Forhandlar om statsbudsjettet

Akkurat no forhandlar regjeringspartia Ap og Sp med budsjettpartnar SV om statsbudsjettet for 2024.

I forslaget som kom i oktober sa dåverande kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) at departementet ville løyve 13,8 millionar kroner til DMT i Oslo og Det jødiske samfunn i Trondheim (DJST) «til tiltak for å motverke antisemittisme og til aktivitetar som gjer jødisk kultur, identitet og samfunnsliv synleg i Noreg».

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Religion