Religion

Vigsla til biskop i Bodø, men fyrst gjekk han til skriftemål

DEN NORSKE KYRKJA: Sør-Hålogaland har fått ny biskop i ei feststemt gudsteneste. Men ikkje alle veit om tradisjonen der den komande biskopen kvelden før går til skriftemål.

Om lag hundre menneske sit spreidd i benkeradene i Bodø domkyrkje laurdag kveld. Medan kyrkja i morgon skal vera fylt til randa av celebre gjester og festkledde menneske til bispevigsling, er stemninga ei anna i kveld.

– I dag er blikket retta mot det strevsame og det me treng tilgjeving for. I morgon rettar vi blikket i retning av å feire, glede oss, synge og kanskje danse.

Slik innleier prost i Indre Helgeland, Karianne Egeberg Gullfjell, skriftemålsgudstenesta.

Det er ikkje kvar sundag ein får opplese dei ti boda frå Mosebøkene i kyrkja. Men det gjer dei frammøtte her i kveld. Tanken er at ein skal prøve sitt eige liv opp mot boda.

Etter litt er det så tid for alle som vil å gå opp til altarringen. Den påtroppande biskopen i Sør-Hålogaland, Svein Valle, leier an.

Alle kneler ned, og dei to prestane legg handa på hovudet til éin etter éin og «tilseier deg nådig forlating for alle dine synder, i namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande».

Bispevigsling Bodø Svein Valle

Tradisjon

At ein har ei slik gudsteneste kvelden før ein ny biskop blir vigsla til teneste er heilt fast, opplyser generalsekretær i Bispemøtet, Elise Sandnes.

– Det er ein fin måte å gå inn i den store gudstenesta dagen etterpå, meiner ho.

Kor lenge det har vore ein tradisjon er ho usikker på.

---

Svein Valle

  • Ny biskop i Sør-Hålogaland bispedøme.
  • 57 år.
  • Gift og har tre vaksne barn.
  • Født og oppvaksen i Bodø.
  • Han har tidlegare jobba som domprost i Bodø domprosti, studentprest ved NORD universitet, sokneprest i Bodin menighet, sjømannsprest i London og kretssekretær i Norges KFUK-KFUM.

---

Valle: – Ufatteleg gode til å dømme

– Det var ei veldig fin opptakt til morgondagen, seier hovudpersonen sjølv etter skriftemålsgudstenesta.

– Fekk du letta på samvitet? Er det godt å gå inn i morgondagen med blanke ark?

Valle humrar litt.

– Eg tenkjer ikkje heilt slik. For meg handlar det ikkje så ofte om kjensler. Men det er noko med den grunnleggjande tilliten til at Vår Herre er her og ber oss gjennom livet.

– Det er ikkje heilt i tidsånda å ha så mykje fokus på synd og det ein treng tilgjeving for?

– Nei det kan du seie. Men me lever i ei tid der folk er ufatteleg gode til å skulde og dømme både seg sjølve og andre.

Difor er ikkje Valle redd for at det for lite fokus på synd. Tvert om trur han det er bruk for kyrkja sitt fokus på nåde og håp.

Skriftemålet har vore litt gløymt. Eg tenkjer at ei stor, offentleg hending som ei bispevigsling er eit fint høve til å lyfte det fram

—  Carl Petter Opsahl, liturgikklærar

– Skriftemålet har vore litt gløymt

Fungerande domprost Dirk Torsvik Gieselmann la under gudstenesta vekt på at skriftemålet både er ei gåve og ei oppgåve:

– Skriftemålet er ei gåve til oss i kveld. Det reinsar og reiser opp. Skriftemålet er ei oppgåve for kyrkja saman med vår nye biskop. Verda skrik etter reinsa og rake menneske.

Carl Petter Opsahl er liturgikklærar på MF vitenskapelig høyskole og sit i Nemnd for gudstenesteliv som har fått i oppdrag og revidere alle vigslingsgudstenester.

Han kan fortelje at det ikkje står noko i liturgien for bispevigsel om skriftemålsgudsteneste.

– Skriftemålet har vore litt gløymt. Eg tenkjer at ei stor, offentleg hending som ei bispevigsling er eit fint høve til å lyfte det fram, seier Opsahl.

– Folk forbind nok skriftemål med skriftemålsbodar i katolske kyrkjer. Men ein brukar skriftemål i Den norske kyrkja også. Både for enkeltmenneske i sjelesorg og i gudstenester.

Bispevigsling Bodø Svein Valle

Skriftemål mot maktesløyse

Ikkje i nokon av formene er det krav til at kva ein ber om tilgjeving for blir sett ord på høgt.

Opsahl seier eigne skriftemålsgudstenester er lite bruka i Den norske kyrkja i dag.

– Det er som ein godt bevart, liten skatt. Moderne kristne er meir opptekne av at me ikkje skal fokusere så mykje på at me er syndige.

Likevel trur Opsahl at skriftemålet har sin plass og funksjon i dag.

– I kristen forkynning har me vore veldig fokuserte på synd som enkeltpersonar gjer, som hor eller steling. I vår tid er det meir fokus på strukturell synd, som miljø og klima, krig og konflikt. Det er store og uoversiktlege tema, der ein kan sitje på mykje skuld, men ikkje vita kva ein skal gjera med det.

Opsahl trur at ein skriftemålsliturgi kan vera noko konkret som kan hjelpe på ei kjensle av maktesløyse.

Og under gudstenesta i Bodø er både Gaza, norsk våpenproduksjon, fornorskingspolitikk og klima og miljø tema i preika.

Gudstjenesten i Bodø domkirke der Svein Valle vigsles til biskop i Sør-Hålogaland bispedømme.

Fest og dans

Når sundagen kjem er det litt tunge preget som blåst vekk frå domkyrkja. Dei 800 plassane er alle opptekne og fleire titals menneske blei også avviste ved inngangen. Ei imponerande breidde av folkedrakter, kofter og bunadar er å sjå i benkeradene.

Utanfor har årets fyrste, skikkelege snøfall sørga for biletskjøne omgjevnadar.

Og i tillegg til Kong Harald, er trusminister Kjersti Toppe, kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum og flust av biskopar frå inn- og utland nokre av dei som kastar glans over festdagen.

Medan Valle står og ventar på kongen bakarst i midtgangen kostar han til og med på seg ein liten dans.

Ei tydeleg oppgåve

Også musikken er høgtidsstemt og orgel, trompetar, barnekor og domkor er nokre av innslaga. Faktisk er det også fyrste gong elgitar er del av ei bispevigslingsgudsteneste. Dette er etter ynskje frå Valle, som sjølv spelar i eit progrockband, får Vårt Land opplyst.

Men bodskapen er ikkje heilt ulik frå kvelden før. Preses Olav Fykse Tveit har fokus på nåden, og korleis ein som biskop har ansvar for at alle skal kjenne at denne nåden også gjeld dei.

– Me treng å forsone oss med Gud. Ofte handlar det også om å forsone seg med seg sjølv, å ta til oss nådens ord som ei Guds gåve til meg. Nådens ord gjev oss også ei oppgåve. Du som biskop får den oppgåva på eit svært så tydeleg vis i dag. Men den gjeldt eigentleg oss alle. Å la seg forsone med Gud, er også å gjere Guds gode vilje kjent for andre, å dele evangeliet, sa preses frå talarstolen.

Gudstjenesten i Bodø domkirke der Svein Valle vigsles til biskop i Sør-Hålogaland bispedømme.

Gler seg til lilla skjorte

Også for Svein Valle er det viktig å få sagt at det å vera biskop ikkje er eit sololøp.

– Denne vigslinga er heller ikkje ei isolert handling. Det er noko som skjer i samhandling med andre.

På spørsmål om korleis han håpar folk vil skildre han som biskop må han tenkje seg litt om.

– Eg håpar dei vil seie at denne biskopen bidreg til at fleire synest det var greitt å gå i kyrkja. Og til at fleire synest at kyrkja var ein stad der ein kjente seg heime og velkommen. Men det greier eg ikkje aleine, så eg håpar det er noko me som bispedøme kan bli kjente for. At her kan menneske koma med liva sine, slik som dei er.

Valle påstår hardnakka at det ikkje er noko han gruar seg til eller trur blir ekstra utfordrande som biskop.

– Ei kvar utfordring har eit like stort element av eit høve til noko positivt.

– Kva gler du deg mest til?

– Nei det må bli å få ha lilla skjorte då. Få fram den feminine sida mi, seier han kjapt og ler godt.

– Nei, det blir nok det veldige privilegiet det er å reise rundt og møte folk. Folk er veldig venleg innstilte når ein kjem, og det er skikkeleg digg.

Bispevigsling Bodø Svein Valle

Å tole motgang

Valle har vore fungerande biskop sidan Ann-Helen Fjeldstad Jusnes gjekk av som biskop i februar, på grunn av sjukdom.

I preika hans under vigslingsgudstenesta var temaet den lamme mannen som fekk hjelp av fire menn til å bli heisa ned gjennom taket i eit hus for å få sjå Jesus:

– Ber me saman som kyrkje og fellesskap så toler me utfordringar. Då toler me motgang. Då finn me løysingar. Då byggjer me gode og levelege samfunn. Då fylgjer me fotspora til dei fire som bar den lamme til Jesus.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion