Vann fotopris for bileter frå «kristenbobla»

KRISTEN-NORGE: – Fram til for nokre år sidan var nesten alt eg gjorde, innanfor det ein kan kalle ei kristenboble, skriv fotojournalist Matilde Solsvik. Det laga ho fotoprosjekt av.

«Min båt er så liten og havet så stort,

men Jesus har grepet min hånd.

Når Han styrer båten,

så går det så bra,

på veien til himmelens land»

Denne kristne barnesongen har eg sunge og høyrt uttallige gongar i barndommen, både ved sengekanten, i bilen og i kyrkja.

Fram til for nokre år sidan var nesten alt eg gjorde, innanfor det ein kan kalle ei kristenboble.

Eg har vakse opp i ein kristen familie, eg hadde for det meste kristne vener, deltok på kristne aktivitetar, jobba i kyrkja, gjekk på bibelskule og hadde heile livet mitt her.

Her er det eigne trendar og eit eige språk som eg snakkar flytande. Då eg byrja å studere, skjønte eg at det var enno mindre vanleg å vere ung og religiøs enn eg trudde.

Eg var fascinert og stilte meg sjølv spørsmålet som også mange andre stilte meg: Kva er det eg eigentleg trur på?

I møtet med eit sekulært samfunn vert eg utfordra ved å møte den nye og moderne måten å leve og tenkje på, samtidig som eg har vakse opp med å tru på ein fleire tusen år gamal religion med andre verdiar og levemåtar.

Dette kjenner dei fleste unge kristne seg igjen i.

Min båt er liten er eit prosjekt som utforskar det å vere ung og kristen i Noreg i dag.

Serien utforskar også min eigen identitet som kristen og min oppvekst i kristenbobla.

Kvar veke vil Vårt Land denne hausten og på nyåret publisere nye bileter frå Min båt er så liten. Biletene kjem kvar fredag, på vl.no og på Instagram. Du kan sjå dei same biletene i papiravisa på laurdager. Dette er dei to fyrste biletene i seria – trykk på lenka for å lese historia bak bildet.

«Ein vert ikkje så veldig utfordra når ein er i kristenbobla»

Foto-prosjekt: Min båt er så liten

«Ein smak av noko eg aldri ville vore foruten»

Foto-prosjekt: Min båt er så liten

---

Min båt er så liten

Matilde Solsvik er ein 23 år gamal norsk fotojournalist og dokumentarfotograf frå Øygarden, utanfor Bergen. Matilde Solsvik er utdanna ved Bilder Nordic School of Photography i Oslo og har jobba i Vårt Land, men er no nynorskpraktikant i NRK i Førde.

Foto-prosjekt: Min båt er så liten

I mars 2023 vann Matilde Solsvik to prisar under Årets Bilde-utdelinga. Ho vann prisen som Årets Nykommar for prosjektet Min båt er så liten og første plass i Åpen Klasse for prosjektet Bobla, kvar ho utforska sitt forhold til sine eigne besteforeldre og møtet mellom den yngre og den eldre generasjonen. I prosjekta hennar utforskar ho tema som religion, kultur og identitet.

---


Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Mer fra: Religion