Religion

Denne guten i kampanjen til Bibelselskapet finst ikkje

KUNSTIG INTELLIGENS: Bibelselskapet brukar datagenerert barnebilde i kampanje. – Det ligg personvernmessige vurderingar til grunn, seier generalsekretæren.

Den siste tida har Bibelselskapet rulla ut ei ny innsamlingskampanje med fokus på barn og bibellesing.

«Alt for mange barn og unge i Noreg veks opp i ikkje-kristne heimar». «Me treng di hjelp no slik at barn og unge, lærarar, sundagsskulelærarar og foreldre/foresatte også framover kan lese Bibelen gratis på bibel.no» er delar av bodskapen. Dette kjem fram mellom anna i annonsar hjå Vårt Land og på Bibelselskapet si nettside.

Til å illustrere kampanjen brukar dei det som tilsynelatande ser ut som foto av ein gut i eit klasserom, og av ei lita jente utandørs.

Kampanje bibelselskapet, KI

Det er fleire ting i bildet av guten som avslørar at det her truleg er snakk om eit bildet generert av kunstig intelligens, forkorta KI.

I tillegg til eit «polert» uttrykk, ser ei vassflaske ved sidan av guten ut til å sveve i lufta, ein stol i bakgrunnen har ukonvensjonelle proporsjonar og fleire av papira på pulten ser ut til å vera gjennomsiktige.

KI er på full fart inn i store delar av samfunnslivet, og mange område er endå relativt uutforska, både praktisk og etisk.

Eit arbeidsutvalg i Fundraising Norge (tidlegare Norges Innsamlingsråd) har i oppgåve å lage etiske rammeverk for god innsamlingskikk. No skal dei ta for seg bruk av KI innan innsamlingsarbeid.

Eit av spørsmåla dei skal drøfte er kva rettleiing dei skal gje når det gjeld bruk av KI-genererte «foto» og videoar.

– Ville vore vanskeleg å bruke konkrete barn

Øyvind Haraldseid er generalsekretær i Bibelselskapet, og stadfestar at bildet av guten i bibelkampanjen er laga av KI.

– Me valde å gjera det på denne måten, fordi det ville vore vanskeleg å bruke konkrete barn i det. Det finst sikkert barn og unge som ville synest det var heilt supert, men det ligg personvernmessige vurderingar til grunn her.

Portrett av Øyvind Haraldseid, general sekretær i misjonskyrkja. Bilder tatt ved Drammen togstasjon.

Haraldseid fortel at bildet av den vesle jenta er «ekte», men at ho i dag er nesten vaksen og at ho har samtykka til bruken i kampanjen. I det dei ikkje fann eit tilsvarande foto dei kunne bruke av ein gut, oppstod ideen om å bruke KI.

Generalsekretæren seier det ligg grundige refleksjonar bak avgjersla.

– Dette er eit nytt felt for oss, men viss ein skal ta i bruk KI, så meiner me at dette er eit området der det går an. Det er ikkje ein historie om ein konkret gut, men bruka som eit illustrasjonsbilde til eit generelt tema.

Vurderer lovpåbod om merking

Fleire aktørar prøvar seg for tida fram med KI, med varierande resultat.

Sparebank 1 Østlandet la seg nyleg flat etter kritikk i Aftenposten og NRK, etter å ha brukt eit KI-bilde til å fortelje om Harald (29) som «tener pengar utan å lyfte ein finger». Problemet var berre at «Harald» var fiktiv.

Haraldseid meiner det blir noko anna enn det Bibelselskapet har gjort, i og med at dei ikkje knyter eit namn eller ein spesifikk historie til den fiktive guten i kampanjen deira.

Me ville ikkje gjera det til eit poeng, då det kunne tatt fokus vekk frå det me ynskjer å formidle

—  Øyvind Haraldseid om å ikkje merke bildet som datagenerert

Til NRK sa minister for digitalisering og forvaltning, Karianne Tung (Ap), at ho vil vurdere eit forslag om lovpåbod om å merke KI-bilde:

– På same måte som for illustrasjonsfoto eller retusjerte bilde, meiner eg det finst saklege grunnar for at dette bør merkast.

Har ikkje merka bileta som datagenererte

I Bibelselskapet sin kampanje er annonsane hjå Vårt Land merka «illustrasjonsfoto», medan dei ikkje er merka i det heile på stiftinga si nettside.

– Kvifor har de valt å ikkje merke bildet, slik at folk er klare over at det ikkje er eit ekte menneske?

– Me ville ikkje gjera det til eit poeng, då det kunne tatt fokus vekk frå det me ynskjer å formidle, nemleg at me vil gjera Bibelen tilgjengeleg for alle. Poenget vårt er ikkje å fortelje historia til eit konkret barn, og det trur eg også dei som les annonsane våre forstår.

– Trur du nokon kan kjenne seg lurt?

– Prosjektet står og fell ikkje på det bilde på nokon måte. At det er eit KI-bilde endrar ikkje kva midlane går til, seier Haraldseid, som også peikar på tekniske avgrensingar som grunn for at ikkje alle bileta er merka.

Stefanusalliansen: – Avhengige av tillit

– Eg ville ikkje bruka KI-bilde no. Mest fordi det er nytt, og eg måtte merka det så tydeleg at det ville vore meir forstyrrande enn til hjelp.

Det seier Sindre Edin Røyland. Han seksjonsleiar for innsamling i Stefanusalliansen, ein kristen organisasjon med særskilt fokus på trusfridom.

Sindre Røyland, Stefanusalliansen

Røyland seier det kan vera freistande å spare både tid og pengar på å bruke datagenerert bildemateriale, men per no er det ikkje aktuelt for deira del.

– Det er ikkje greitt å la vera å merke eit bilete med at det ikkje er ekte. Innsamling er ikkje journalistikk, men samstundes er krava til at det du formidlar er sant nesten høgare, fordi ein er så avhengig av tillit, meiner innsamlingsleiaren.

Han utelukkar ikkje at organisasjonen kan ta i bruk datagenererte illustrasjonar eller grafikk i framtida, men då med tydeleg merking.

– Ein annan ting er at eg ikkje veit om eg synest at desse KI-bileta er gode nok endå. Dei er veldig «glossy».

Røyland understrekar at han ikkje har noko behov for å kritisere Bibelselskapet sin kampanje.

Det er ikkje greitt å la vera å merke eit bilete med at det ikkje er ekte

—  Sindre Edin Røyland, seksjonsleiar for innsamling i Stefanusalliansen

Misjonsalliansen: – KI kan vera eit alternativ

Andreas Haug Løland er kommunikasjonssjef i Misjonsalliansen. Han har bruka KI-generert bildemateriale éin gong, som ein illustrasjon til ei bøn for Ukraina, men då det såg ut som eit måleri var det tydeleg at det ikkje var snakk om eit ekte menneske.

– Eg kjem nok ikkje til å gjera det på nytt, i alle fall ikkje så lenge eg har andre alternativ tilgjengeleg, seier Løland.

Han fortel at dei brukar KI ein del som hjelpemiddel til idéutvikling, research og tekstarbeid. Og sjølv om dei til no ikkje har laga KI-«foto» heilt frå scratch, så brukar dei det av og til for å «byggje ut» bilete.

Denne helgen ber vi sammen med de mange menighetene og kirkene i Norge 💚 Gode Gud, vi vender oss til deg i bønn, i bønn...

Posted by Misjonsalliansen on Friday, February 24, 2023

– Det kan vera for å skape meir luft eller bakgrunn til foto i magasinet vårt eller i kampanjar.

Løland seier Misjonsalliansen har godt nok biletmateriale sjølve til at dei ikkje har sett det store behovet for å laga KI-bilde.

– Me har eit ansvar for å formidle røynda, og den beste historieforteljinga er den som er sann og så tett på det verkelege som mogleg. Men så er der kanskje unntak, til dømes rundt vald og overgrep, der det er vanskeleg å bruke ekte bilete, og då kan KI vera eit alternativ.

Andreas Haug Løland
Kommunikasjonssjef Misjonsalliansen

Løland seier dette temaet ikkje er noko dei har diskutert ferdig i Misjonsalliansen, men at han meiner det er viktig å merke KI-bilete tydeleg viss materialet blir bruka som blikkfang eller blir presentert saman med ein konkret historie.

Me har eit ansvar for å formidle røynda, og den beste historieforteljinga er den som er sann og så tett på det verkelege som mogleg.

—  Andreas Haug Løland, kommunikasjonssjef i Misjonsalliansen

Må stå inne for det

Haraldseid i Bibelselskapet på si side meiner dei også kunne fått kritikk hadde dei valt å bruke bilde av eit ekte barn frå Noreg i kampanjen.

– Det kan problematiserast, og det å bruke KI kan problematiserast.

– Er det aktuelt for dykk å bruke KI-bilde for å illustrere spesifikke historier og personar?

– Det har me ikkje diskutert, så det blir hypotetisk, men eg ser ikkje for meg at me vil gjera det. Me har bestemt oss for er at viss me brukar KI-generert materiale så skal me stå inne for det.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion