Religion

Trur kyrkja kan vera ein viktig fristad frå det digitale for unge

TRUSOPPLÆRINGSKONFERANSEN: Medan 200 utstillarar lokkar med det nyaste av trusopplæringsressursar, trur fleire at det unge treng av kyrkja er eit pusterom. – Konfirmantane set pris på at eg snakkar med dei og at dei berre kan få vera litt, seier Kristin Toldnæs.

– Me må lære ungdommane å slappe av litt. Dei har så mykje stimuli heile tida at det kan vera godt å berre kople ut litt. Eg trur det er bra viss kyrkja kan vera eit pusterom frå mobilen og alt det digitale.

Det seier Kristin Toldnæs. Ho har dei siste åra gått frå å bruke mykje digitale verkemiddel inn mot ungdommar og konfirmantar, til å no heller fokusere på nærleik og det analoge.

Ho er ein av rundt tusen menneske som har tatt turen til trusopplæringskonferansen på Gardermoen. Konferansen er ein møteplass for dei som jobbar med barn og unge i kyrkjer og kristne organisasjonar.

Særleg mange tilsette og frivillige i Den norske kyrkja tek turen. Vårt Land har snakka med fleire av dei om kva dei er opptekne av i sine barne- og ungdomsarbeid.

Trosopplæringskonferansen 2023

– Det er så mykje dataar heile dagen, både på skulen og elles. Så når dei kjem på konfirmantundervisning opplever eg at dei set pris på at eg snakkar med dei og at me kan bruke lang tid på eit måltid og berre lata dei vera litt, fortel Toldnæs.

Har tatt fram att kristuskransen

Ho har tatt fram att kristuskransen og fokuserer på å bruke ulike sanseinntrykk. Mellom anna har ho i større grad tatt i bruk musikk i konfirmantundervisninga.

Ho trur det aller viktigaste i alt arbeidet ho gjer er å vise at ho ser menneska ho møter og at dei skal forstå at ho er der for dei.

Toldnæs har tittelen barne- og ungdomsarbeidar i Steigen kyrkjelege fellesråd, men finn seg ikkje heilt til rette med tittelen.

– Eg er litt av alt, trusopplærar, diakon og til og med prest.

På sundag skal ho halde sin fyrste dåp. På grunn av prestemangel har biskopen gitt løyve til at Toldnæs kan gje ut nattverd og utføre dåp.

---

Trusopplæringskonferansen

  • Konferansen arrangerast ein gong i året av IKO, Kirkelig pedagogisk senter. I 2023 blir konferansen arrangert i samarbeid med KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelege verksemder, Kirkens Nødhjelp og Søndagsskolen Norge.
  • Blei arrangert for fyrste gong i 2001 og har blitt arrangert årleg sidan det.
  • Tilsette og frivillige i Den norske kyrkja er primærmålgruppa, men målet til konferansen er å vera den viktigaste møteplassen for alle som jobbar med barn og unge i kyrkjer og organisasjonar.

Kjelde: IKO

---

Møteplass utan forventingspress

Å måtte trø til der det trengst er noko Elin Etterlid Tveito kan kjenne seg att i. Ho og sokneprest Geir Wiknes har tatt turen frå Ål til trusopplæringskonferansen.

Trosopplæringskonferansen 2023

– Eg er eigentleg berre ein sekretær, seier Tveito muntert.

– Men ein sekretær som også driv med trusopplæring, skyt Wiknes inn.

Det viser seg at sekretærar i kyrkja på Ål driv med både babysong, konfirmantopplegg og arbeid med barn.

Det konfirmantane set størst pris på etter mi erfaring er forteljingar utan ljos- og lydeffektar

—  Geir Wiknes, sokneprest i Leveld, Torpo og Ål

Også Tveito og Wiknes er einige i at det viktigaste kyrkja gjer inn mot barn og unge er å skape trygge møteplassar der ein ser kvarandre, og der det ikkje er forventingspress.

– Konfirmantane vil ha forteljingar

– Det verkar som det er ei dreiing der mange har færre nære relasjonar i vår fysiske nærleik. Færre er mykje med storfamilien, ein bur kanskje på ulike stadar i landet og har travle kvardagar.

Her trur han kyrkja har ei viktig rolle å spela.

– Då må me møte folk, me kan ikkje sitje heime å sjå på Netflix. Ein må møte folk, og då trur eg enkle møteplassar utan distraksjonar, der ein fokuserer på kvarandre, er viktig.

Tveito fortel om eit «etter skuletid»-tilbod dei har hatt for 5. -7. klasse i kyrkja, der det ikkje er nokon skjermar involvert. Der set barna stor pris på å ha ein plass dei kan treffast.

Også i møte med konfirmantar har Wiknes sett at det dei likar best kanskje ikkje er det ein skulle tru.

– Det konfirmantane set størst pris på etter mi erfaring er forteljingar utan lys- og lydeffektar. Gode forteljingar, bibelforteljingar eller forteljingar om livet som ikkje har desse distraksjonane, fortel soknepresten.

Utfordrande

Det yrer av liv i den store konferansesalen. Omtrent 200 utstillarar prøvar å lokke til seg trusopplærarar til sin stand for å snakke fram sine tilbod, enten det er bøkar, undervisningsopplegg, leirstadar eller reiser.

Zacharie Dogsbo har tatt turen frå Hitra, der han jobbar som trusopplærar i Den norske kyrkja. Han synest det er utfordrande å få barn, unge og foreldre til å prioritere aktivitetar og tilbod i regi av kyrkja.

Trosopplæringskonferansen 2023

Nyleg starta kyrkjelyden med babysong, der det kom tre familiar.

– Det er ein bra start, også håpar me at det vil koma til fleire etter kvart.

Også bokutdelingar og andre arrangement i kyrkja har det vore labert oppmøte på. Dogsbo trur og håpar at å fokusere meir på frivillige krefter, og å sørgje for eit godt miljø.

– Også er eg her for å få gode idear, seier han med eit smil, før han må forte seg for å få med seg neste seminar.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion