Religion

Reagerer på nominasjon til kristen pris: – Det er gjort ein urett i juryarbeidet

TRUSOPPLÆRING: «Tale Bustehale»-konseptet blei foreslege til trusopplæringsprisen, men gjekk ikkje vidare. No reagerer skaparen på at Døvekyrkja blei nominert for eit opplegg med fleire likskapar.

Onsdag 18. oktober skal ein av dei tre nominerte gå heim med trusopplæringsprisen for å «på ein særleg måte har fremma trusopplæring og kyrkjeleg undervisning».

– Det er gjort ein urett i juryarbeidet. Det verkar som dei ikkje har tatt seg bryet med å sjekke kva Tale Bustehale er, og at dei har manglande kunnskap for å vurdere opplegget vårt.

Det seier skaparen av Tale Bustehale-karakteren, Cathrine Solheim Amarloui. Ho driv eit firma som jobbar med å laga resursar for barn med språkvanskar eller barn som har norsk som andrespråk.

Det skjer mellom anna med bruk av symbol eller bilete og handteikn ved sidan av tale. Eit felles omgrep for dette er gjerne alternativ og supplerande kommunikasjon, forkorta til Ask.

Eit av konsepta hennar har kristent innhald og er retta inn mot kyrkjer. Dette har skjedd i samarbeid med Kråkerøy menighet i Den norske kyrkja og kyrkjelydspedagogen der, Hanne Sveum Holm.

Hanne Sveum Holm, Tale Bustehale

---

Ask, alternativ og supplerande kommunikasjon

  • Alternativ og supplerande kommunikasjon er eit samleomgrep for alle kommunikasjonsmåtar som blir bruka i tillegg til eller i staden for vanleg tale hjå personar som ikkje kan uttrykkje seg tilfredsstillande gjennom tale aleine.
  • Døme på dette kan vera mimikk, kroppsspråk, grafiske teikn og teikn-til-tale.
  • Teikn-til-tale er ein av fleire verkemiddel innan Ask. Her forsterkar ein dei viktigaste orda i ei setning med teikn lånt frå teiknspråk.
  • Nokre treng alternative kommunikasjonsformer som erstattar tala heilt. Andre treng det for å støtte mangelfull, utydeleg eller svak tale.

Kjelde: Store norske leksikon

---

Vil gjera Guds ord forståeleg

Ekornet «Tale Bustehale» skal i eit trusopplæringsopplegg sørgje for at Guds ord kan bli forstått også for barn med språklege eller kognitive vanskar, fortel Amarloui.

«Tale Bustehale»-konseptet blei foreslege til trusopplæringsprisen, men gjekk ikkje vidare.

Gjennom YouTube-videoar blir ord og handlingar som påske, dåp og jul forklart. I tillegg er det laga salmekort med QR-kodar som lenkar til filmar med handteikn, og «snakkesmykke» med illustrerte kort med kyrkjelege omgrep.

Då Amarloui høyrde at Tale Bustehale var foreslått til trusopplæringsprisen blei ho veldig glad. Men etter ei stund fekk ho ein e-post med avslag, der det mellom anna stod at juryen meinte at materielle burde ha blitt testa i fleire ulike kyrkjelydar.

– Eg og Holm børsta det av oss og tenkte, ja ja, me får jobbe vidare. Det er mange flinke folk der ute. Det var fyrst når me såg kven dei tre nominerte var at me reagerte, fortel gründeren.

– Ikkje egna

For blant dei nominerte er Døvekyrkja sitt Kirketegn for alle-konsept. Det er ei plakat, ein app og eit hefte med QR-kodar som sender ein til filmsnuttar som viser teikn og alfabet frå teiknspråk.

Heftet inneholder bibelsitater, "Vår Far" og "Velsignelsen" med tilhørende tegn, samt "Fem-tegnsbønnen". Heftet er utstyrt med QR-koder, som når de skannes, viser filmsnutter hvor man kan se tegnenes ut

Amarloui fekk inntrykk av at det nye opplegget til Døvekyrkja ikkje ein gong var ferdigstilt innan søknadsfristen, og hadde ein brøkdel av avspelingane Tale Bustehale, reagerte ho.

– Det kan knapt vera utprøvd, meiner Amarloui.

Til samanlikning har Tale Busthale hatt fleire rundar med testing i både barnehagar og kyrkjelydar, og nærmare 100.000 avspelingar av filmsnuttane på YouTube.

– Me har vore veldig opptekne av brukartesting og -opplevingar. Me har laga pilotar, testa dei, gått tilbake og endra basert på tilbakemeldingar. Det er heilt essensielt i måten me jobbar på.

Svarar ikkje om tidspunkt

Vårt Land har stilt fleire spørsmål til prost i Døvekyrkja, Linda Berntzen. Ho skriv at materiellet er testa gjennom bruk i Døvekyrkja og at det var «etablert og ferdigstilt innan 26. mai».

Endelig: Etter mange måneder får prest Linda Berntzen endelig holde gudstjeneste igjen.

Men då Vårt Land viser til at Døvekyrkja 11. juni la ut på Instagram at «Kirketegn app er snart klart til bruk», og om det ikkje betyr at materiellet ikkje blei klart etter fristen ynskjer dei ikkje å svara, men viser til Iko.

Kirketegn app

Iko er eit kyrkjeleg pedagogiske senter, og det er dei som står bak utdelinga av trusopplæringsprisen.

Amarloui og Kråkerøy menighet har vore i møte med både Iko og Døvekyrkja etter nominasjonen.

– Me er einige om å vera ueinige i kor like konsepta er. Men i møtet med Iko fekk eg inntrykk av at juryen ikkje hadde tatt seg bryet med å sjekke kva Tale Bustehale var, og at dei hadde manglande kunnskap om alternativ og supplerande kommunikasjon.

Amarloui legg ikkje skjul på at den siste tida har gjort ho demotivert for vidare arbeid retta inn mot kyrkja. Ho er redd at dette var dødsstøytet for ekornet Tale Bustehale.

Iko: – Ein glipp

Fungerande direktør og forlagssjef i Iko, Heidi Jannicke Andersen, seier det var ein glipp som gjorde at det blei sendt ut ei grunngjeving for at Tale Bustehale ikkje blei nominert til prisen.

– Det skal ikkje juryen gjera, og det har me orsaka for. Dessutan er ikkje det at materialet skal testast av fleire eit kriterium, så det er ikkje relevant, og det har me prøva å seie til Amarloui, seier Andersen.

– Men sjølv om grunngjevinga ikkje skulle blitt sendt ut må tanken om at Tale Bustehale ikkje er testa godt nok koma frå ein stad?

– Å borre vidare i det har ikkje relevans. Det har vore ei samtale i juryen, og det har her blitt sendt ut ei lausriven setning av ei meir heilskapleg vurdering.

– Kan du dela noko om resten av vurderinga?

– Nei, det kan eg ikkje. Me delar ikkje det, og dessutan sit eg ikkje på den informasjonen.

Lov å hente inspirasjon

– Blir det stilt ulike krav til ulike aktørar?

Fungerande direktør og forlagssjef i Iko, Heidi Jannicke Andersen

– Nei, det blir ikkje stilt ulike krav, sjølv om eg veit at det er det Amarloui tenkjer. Desse ulike tiltaka har alle blitt vurdert, og juryen har ikkje oppfatta desse to opplegga som noko som liknar på kvarandre, seier Andersen.

Ho er ikkje einig i Amarloui sine tankar om at ein ikkje har tatt seg bryet med å sjekke ut kva Tale Bustehale er, og at juryen ikkje har tilstrekkeleg kompetanse om Ask og teikn-til-tale for å kunne vurdere opplegget ho står bak.

– Juryen har gjort undersøkingar og dei går inn i dei ulike tiltaka. Dei kan også be om å få meir informasjon om dei. Så basert på den informasjonen dei har tilgjengeleg gjer dei ei vurdering.

Om det skulle vore slik at nokon har blitt inspirert av Tale Bustehale til å utvikle det i sine samanhengar, som til dømes i Døvekyrkja, meiner Andersen at det er uproblematisk.

– Det er slik pedagogisk utviklingsarbeid skjer. Ein hentar gjerne inspirasjon frå ulike kjelder.

– Ikkje eigna

I si grunngjeving for nominasjonen av Kirketegn for alle, skriv juryen at opplegget i tillegg til å vera nyttig for døve og tunghøyrde barn, «er eit godt supplement til høyrande barn».

«Tale Bustehale»-konseptet blei foreslege til trusopplæringsprisen, men gjekk ikkje vidare.

Det reagerer Amarloui på.

– Teiknspråk er eit eige språk med eigen grammatikk. Det er ikkje eigna for høyrande barn med svekkja språkkompetanse eller nedsett kognitive evner, seier Amarloui.

Ho meiner at Døvekyrkja gjennom Kirketegn for alle antydar at teiknspråk er for alle, og at det er fundamentalt feil.

– Kirketegn for alle er ikkje eigna til andre enn døve og dei med nedsett høyrsel. Det er alvorleg, meiner Amarloui.

Det er mange flinke folk der ute. Det var fyrst når me såg kven dei tre nominerte var at me reagerte

—  Cathrine Solheim Amarloui

– Kan gje håp

Vårt Land har spurt prost Berntzen om kven dei meiner Kirketegn for alle er egna for, og om dei meiner det også passar for høyrande barn, inkludert dei med med ulik språk- og funksjonsevne.

– Dette er spørsmål som handlar om vurderingar gjort av Iko og juryen. Me meiner dei må svare for dette, skriv ho i ein e-post.

Andersen i Iko, skriv i ein e-post at Kirketegn for alle er ei plakat som viser handalfabetet og eit sett teikn som representerer alfabetet frå skriftspråket, og teikn som byrjar med den gjeldande bokstaven. Heftet inneheld bibelsitat, velsigninga og eit par bøner.

– Det er altså ikkje heile språket, men eit sett teikn som er sentrale i kyrkja. Dette meiner juryen kan vera eigna som eit supplement for høyrande barn, og at det kan gje håp om at ein kan inkludere barn og ungdom «uavhengig av språk og funksjonsevne».

Andersen understrekar at dette ikkje tyder at opplegget er for absolutt alle, men at det kan vera positivt når det gjeld å ta omsyn til fleire i kyrkjelege samanhengar.

Amarloui peikar også på at de er ei langt større gruppe barn som treng Ask enn norsk teiknspråk, sidan dei alle fleste sterkt tunghøyrde eller døve barn i dag får høyreapparat eller operert inn implantat.

– Målgruppa som treng Ask opplever stadig ekskludering, noko eg synest er veldig trist.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion