Religion

To søstre vart vigsla til prestar på same dag

FEIRA: Søndag vart dei to søstrene Anne-Helen Roaldsnes og Gunnhild Roaldsnes Bremer ordinerte som prestar i Valderøy kyrkje i Møre.

– Det har vore ein fantastisk dag. Me har kjent ein slik varme. Det er noko spesielt med å bli ordinert på heimstaden, seier Gunnhild Roaldsnes Bremer til Vårt Land.

Ålesund gospelkor og lokalkyrkjas barnekor sette stemninga då ho og søstera Anne-Helen Roaldsnes vart vigsla til presteteneste på søndag. Vigslinga fann stad i Valderøy kyrkje i Møre bispedømme. På øya har søstrene vekse opp saman.

Anne-Helen Roaldsnes seier det var ingen kvinnelege prestar då ho og søstera vaks opp.

– Det gjer det litt ekstra stort at me blir ordinert samstundes, som to kvinner på Sunnmøre. No er det heldigvis fleire kvinner som kjem til, seier Roaldsnes.

Skal jobba på to øyer på Møre

Søstrene skal ikkje jobba i same kyrkjelyd, men skal ha teneste på to øyer med berre eit kvarters køyretur imellom.

Anne Helen Roaldsnes skal jobba som sokneprest i Ellingsøy og Borgund i Ålesund kommune, medan søstera Gunnhild Bremer blir prest i Valderøy sokn i Giske kommune.

Naturen er viktig for dei to søstrene.

– Me er glade i å gå på fjellet og diskutera preiketeksten i lag, fortel Gunnhild Roaldsnes Bremer.

Gunnhild og Ann-Helen Roaldsnes ble ordinert til prester i Den norske kirke.

Tok PTU i Tromsø

Gunnhild Roaldsnes Bremer har tidlegare jobba for Ungdom i Oppdrag i Sør Afrika, Wycliffe i Etiopia og i NMSU, barne- og ungdomsorganisasjonen til NMS. Ho har master i lingvistikk og eksegese frå Trinity Western University i Canada.

Anne-Helen Roaldsnes har bakgrunn som lærar og tolv år som kyrkjelydspedagog med erfaringsbasert master i kyrkjeleg undervisning.

Begge har vore tilsette som prest under utdanning medan dei tok Praktisk-teologisk utdanning (PTU) ved høgskulen VID i Tromsø.

– Det er fleire frå Møre som har teke dette studiet på deltid i Tromsø. Me har kalla oss «Mørebenken» der oppe, seier Gunnhild Roaldsnes Bremer.

PTU kvalifiserer til presteteneste saman med annan masterutdanning godkjend av Den norske kyrkja, skriv VID på nettsidene sine.

Historiske søstrer

Biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, seier til NRK at ho trur dette må vere første gong to søstrer blir ordinert saman.

– Eg trur aldri dette har skjedd i noregshistoria. Eg har prøvd å tenke, men eg kan ikkje fatte at det har skjedd. Så dette er historisk, seier ho til NRK.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion