Etter ein mistanke i starten av 2022, blei det fastslått at Misjonsalliansen har blitt svindla for nesten to millionar kroner av deira tidlegare samarbeidspartnar Evangelical Fellowship of Sierra Leone (EFSL).
Det kjem fram i fagbladet Panorama nyheter. Vårt Land omtalte saka for første gong i juni.
– Vi veit at dette var systematisk og at det var fleire involvert frå leiinga. Kor mange av dei tilsette som deltok i misleghaldet er vanskeleg å fastslå. Pengane har gått til andre formål i organisasjonen og sannsynlegvis også til private formål, men det finst ikkje noko dokumentasjon på kor mykje som har gått til kva, seier generalsekretær i Misjonsalliansen Heidi Sandvand Hegertun til Panorama.
Det var i 2018 at samtalane mellom Misjonsalliansen og EFSL starta, før innleiinga av prosjektet i 2020. Målet med prosjektet var å betre helse og utdanning for fattige menneske.
Samarbeidet blei avslutta etter avsløringane.
Svindel på fleire plan
Svindelen føregjekk mellom anna gjennom at nesten halvparten av utbetalingar til kost og opphald var fiktive eller udokumenterte, deltakarlister ved opplæringstiltak var oppdikta og at ein heiltidstilsett blei finansiert av to organisasjonar – såkalla «double dipping», skriv Panorama.
Det er Direktorat for utviklingssamarbeid (Norad) som løyvde pengane til organisasjonen i Sierra Leone. Paraplyorganisasjonen Digni forvaltar Norad-avtalane med 16 norske trusbaserte organisasjonar, deriblant Misjonsalliansen.
Norad utbetalte 3,7 millionar norske kroner i perioden, og har stått for 80 prosent av støtta til EFSL. Misjonsalliansen har funne misleghald av 1,8 millionar kroner, og har no etter krav betalt tilbake same prosentdel tilbake til Norad.
– Oppfølging av lokal partnar frå Misjonsalliansens side og oppfølginga av Misjonsalliansen frå Dignis side framstår svært mangelfull, står det i Norads internrevisjon.
Norad har anbefalt Digni å anmelde EFSL i Sierra Leone. Misjonsalliansen har valt å ikkje anmelde, skriv Panorama. Digni-sjef Hjalmar Bø seier til avisa at desse sakene viser at partnervurderingane deira ikkje har vore gode nok.