Religion

Anine Kierulf meiner Mehl må klargjere uttaling om koranbrenning

KORANBRENNING: – Den einaste måten koranbrenning kan vere hatkriminalitet på, er viss nokon brenn nokon annan sin koran, meiner jurist Anine Kierulf.

I juni og juli har fleire tilfelle av koranbrenning funne stad i Sverige og Danmark, som har ført til debatten om å forby koranbrenning i dei to landa.

Førre månad skreiv justisminister Emilie Enger Mehl i eit svar til høgrepolitikar Mahmoud Farahmand at «Jeg tar, på samme måte som statsministeren, sterk avstand fra koranbrenning. Koranbrenning kan i noen tilfeller anses som hatkriminalitet – dette avhenger av konteksten».

Vidare skriv ho at:

«Religionskritikk som kommer til uttrykk ved symboltunge handlinger, slik som brenning av koranen, vil ikke være straffbart selv om virkemiddelbruken støter og opprører. Angrep mot enkeltpersoner eller en trosgruppe nyter derimot ikke det samme grunnlovsvernet. Ved koranbrenning beror det på sammenhengen dette skjer i, om handlingen skal forstås som kritikk av islam eller en ulovlig hatefull ytring.

– Mehl må klargjere kva ho meiner

Justisministeren bør klargjere kva ho eigentleg meiner når ho skriv at koranbrenning i enkelte tilfelle kan bli sett på som hatkriminalitet, meiner førsteamanuensis ved Juridisk Fakultet (UiO) og spesialrådgiver i Norsk Institutt for Menneskerettigheter, Anine Kierulf.

– I utgangspunktet så tenkjer eg at det er vanskeleg å få til, seier Kierulf til Vårt Land.

Ho viser til forarbeida til straffelovas paragraf 185 om hatefulle ytringar, som ho meiner bør tale sterkt i mot at koranbrenning i seg sjølv kan føre til strafferettslege konsekvensar. Koranbrenning blir sett på som håning av religion, og inngjekk i den såkalla blasfemiparagrafen som blei oppheva i 2009.

– Da vi skulle oppheve blasfemiforbodet forsøkte Senterpartiet i den raud-grøne regjeringa å vidareføre noko av blasfemiføresegna i føresegna om hatefulle ytringar. Dei ville ha inn ein formulering om dei aller grovaste og mest usaklege former for religionskritikk, blotta for eitkvart sakleg meiningsinnhald som rammar dei religiøse sine kjensler – noko koranbrenning kan vere eit eksempel på, seier Kierulf.

Forslaget møtte så sterk motstand at det ikkje berre blei nedstemt, det blei ikkje ein gong fremma. Senterpartiet trakk det tilbake og beklaga i Stortinget, fortel Kierulf.

– Forsøket fekk då ein tydeleg motsett verknad av kva Senterpartiet ønskte – stortingsdebatten tydeleggjer at føresegna i alle fall ikkje er meint å ramme blasfemi, fortset Kierulf.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Skilnad på hatkriminalitet og hatytringar

I tillegg poengterer Kierulf at det er forskjell på hatkriminalitet og hatytringar. Ho meiner altså at koranbrenning i seg sjølv ikkje kan bli sett på som hatefulle ytringar, men poengterer at det i prinsippet kan kallast hatkriminalitet i éin særskilt situasjon:

– Den einaste måten koranbrenning kan vere hatkriminalitet på, er viss nokon brenn nokon andre sin koran, meiner Kierulf.

Ho meiner dette er eit skadeverk som får eit tillegg fordi det er retta mot muslimar, som er ei utsett gruppe.

– Eller at det er nedlagt forbod mot open eld på grunn av tørkesommar og du likevel brenn ein koran – da kan du antakelegvis bli dømt for brot på bålforbodet, og få ein straffeskjerping fordi det er retta mot muslimar. Men det blir ganske søkte eksempel, seier Kierulf.

Derfor trur Kierulf at Farahmand og justisminister Mehl her tenkjer på spørsmålet som hatytring, ikkje hatkriminalitet, som er termen dei bruker i innlegget.

– Det kan eg jo ikkje vite, men det er den mest velvillige tolkinga eg kan gi, fordi det er i grunn berre den som gir meining.

Meiner koranbrenning inngår i ytringsfridomen

– Jo meir nokon uttrykkjer hat mot personar i tillegg til sjølve koranbrenninga, jo nærmare er det å tolke alt som retta mot personane – det er vel det justisministeren meiner, seier Kierulf.

Likevel meiner Kierulf at sjølve koranbrenninga uansett inneheld kritikk mot religionen også, og at dette elementet i ytringshandlinga uansett er verna som religionskritikk innanfor rammene for ytringsfridom.

– La oss seie at nokon framsett ti hatefulle ytringar, og nokon brenn ein koran i tillegg. Etter mi oppfatning kan dei då dømmast for ti hatefulle ytringar, men ikkje for koranbrenninga.

– Ut ifrå kontekst – er det skilnad på å brenne ein koran utanfor moskeen under fredagsbønna i forhold til det å brenne ein koran utanfor Stortinget eller ein ambassade i København?

– Ja, det er jo meir plagsamt og meir openbert retta mot dei truande viss du gjer det rett utanfor ein moské, seier Kierulf.

Ho meiner likevel at viss du gjer det utanfor ein moské på ein måte som ikkje hindrar folk i å gå inn og ut av moskeen, og ikkje har eit lydnivå eller noko som plager dei som ber inne i moskeen, vil det bli bedømt på same måte.

– Likevel kan du kan kome i situasjonar der du kan flytte eller fjerne demonstrantar som held på med sånne ting rett utanfor ein moské, viss det forstyrrar den fredelege religionsutøvinga til dei truande. Da blir det ei avveging mellom ytrings- og forsamlingsfridom på den eine sida, og religionsfridom på den andre sida, seier Kierulf.

Vårt Land har teke kontakt med Justisdepartementet og bedt om svar på kritikken frå Kierulf, men har ikkje fått svar.

Les mer om mer disse temaene:

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion