Religion

Utbrytar frå Samfundet har oppheva teieplikta – håper kyrkjesamfunnet kjem meir på bana

MENIGHETEN SAMFUNDET: Menigheten Samfundet Kristiansand føler seg einsidig framstilt, og grunngir mangel på kommentarar med teieplikt. No har Robin Andersen oppheva teieplikta.

– At Samfundet vel å ikkje uttale seg, synest eg er kjipt. Eg skulle ønskje dei gjorde det. Det trur eg hadde vore det beste for storsamfunnet, men også for dei sjølve. Det står seg ikkje så veldig bra å kommentere så lite i så alvorlege saker.

Det seier Robin Andersen. Han braut ut av Menigheten Samfundet Kristiansand som nittenåring, og i juni skreiv Vårt Land om historia hans.

Når han no opphevar teieplikta ynskjer han så mykje openheit som mogleg.

– No har eg stått ope fram lenge, no er det Aamodt si tur.

Mellom anna på grunn av Vårt Lands saker og boka Alene ut, har Barne- og familiedepartementet bedt Statsforvaltaren i Agder om å vurdere Samfundet opp mot Trosamfunnslova og Trossamfunnsforskriften. Samfundet risikerer no å miste statstilskotet. Første ledd i prosessen er å få ei utsegn frå trussamfunnet.

Onsdag skreiv Vårt Land at Menigheten Samfundet i Kristiansand føler seg einsidig framstilt, noko som kjem fram i svaret til Statsforvaltaren i Agder.

– Vi oppfattar ein del av det som blir skrive som einsidig framstilt. Når enkeltpersonar fortel si historie, blir den ofte ståande uimotsagt. Det er fordi leiinga i mange samanhengar ikkje kan kommentere den på grunn av teieplikta, kjem det mellom anna fram i brevet.

I ei privat tekstmelding som Vårt Land har fått tilgang til, skriv Andersen til hovudforstandar Sigmund Aamodt, at Aamodt no er fritatt frå teieplikta han viser til i brevet til Statsforvalteren.

Tidlegare statsadvokat gjennom 32 år, Bjørn Soknes, bekreftar at ved å sende sms vert teieplikta juridisk oppheva.

– Å sende melding, så lenge ein veit kven mottakar og avsendar er, og så lenge innhaldet i meldinga forklarar kva opphevinga gjeld, vil vere det same som å møte opp på kontoret og signere eit dokument.

At Samfundet vel å ikkje uttale seg, synest eg er kjipt. Eg skulle ønskje dei gjorde det

—  Robin Andersen, tidligare medlem av Samfundet

Opphevar teieplikta

– Det kan vere eg burde ha oppheva teieplikta før, men eg gjer det i alle fall no. Så han får lov til å kommentere min sak, han får kommentere alt rundt meg og min situasjon, seier Andersen til Vårt Land.

Tekstmeldings-utveksling mellom Robin Andersen og Sigmund Aamodt.

Andersen håper Samfundet no kjem meir på banen. Han synest det er bra at myndigheitene ser på saka, uansett kva som skjer vidare.

– Eg har full tillit til til at myndigheitene gjer ein god jobb og gjer ei god evaluering. Uansett korleis utfallet blir, synest eg det er bra at dei har reagert, seier han.

Soknes er tydeleg på at teieplikta er oppheva, men at ho berre gjeld for det som omhandlar vedkommande og den teiepliktbunda parta. Det vil seie at om det er saker som omhandlar familien til Andersen vil dei ikkje vere friteke teieplikta.

– Dette fritaket gjeld ikkje lenger enn det som angår Andersen direkte.

Vil ikkje drøfte i media

Som svar til Andersens private tekstmelding til Aamodt, skriv hovudforstandaren følgande: «Helt greitt at du fritar for taushetsplikten i forhold til deg. Så har eg likevel moralsk tausheitsplikt, og også i forhold til jobben min».

Vårt Land har vore i kontakt med Aamodt og bedt om eit intervju knytt til opphevinga av teieplikta. Aamodt seier at han ikkje vil stille til intervju, men kan bli sitert på dette:

– Dette er vårt brev til Statsforvaltaren. Vi ønskjer å stelle oss til Statsforvaltaren i forhold til det dei har stilt spørsmål om, og sånn sett ikkje at vi drøfter det i media.

Tidlegare statsadvokat Soknes meiner Aamodt kan vise til moralsk teieplikt, men at ho ikkje har noko juridisk heimel.

---

Menigheten Samfundet Kristiansand

  • Trussamfunnet blei stifta i 1890 etter at ei gruppe «sterkttruende» på Sør- og Sør-Vestlandet ikkje kunne akseptere endringar i liturgien i statskyrkja.
  • Menigheten Samfundet har kyrkjelyder i Egersund og i Kristiansand. Menigheiten eig og driv eigne skular.
  • Skulelærar Bernt Lomeland var den sentrale leiaren ved brotet med statskyrkja, og medlemmene er sidan blitt kalla lomelendarane.
  • Samfundet nyttar ei bibelutgåve som er utgitt på eige forlag og bruker ei revidert utgåve av Kingos salmebok, utgitt i 2008.

Kjelde: Menigheten Samfundet, Store norske leksikon og boka Alene ut

---


Les mer om mer disse temaene:

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Magnus Laundal

Magnus Laundal

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion