Størst av alt er Vågå

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

I 2015 er nederlandske Cynthia Antonia Maria Slomp Renaa i kyrkjelydspraksis på teologistudiet. For fyrste gong skal ho dela ut nattverd. Det er noko ho må gjennom for å få gjera det ho eigentleg er på studiet for, å lære hebraisk og gresk. Ho er nervøs. Det er berre to år sidan ho flytta til Noreg. Språket er nytt, dessutan skal ho messe.

Rettleiaren ser at ho er stressa, og bestemmer seg for å gjera noko som ikkje er heilt etter boka. Ho finn fram den fargerike messehakelen for å ta den på Renaa, sjølv om nederlendaren ikkje er ferdig utdanna prest endå.

I det rettleiaren trer det liturgiske plagget over hovudet hennar er det som om to usynlege hender legg seg tungt på skuldrene til Renaa. Det er som om alt rundt ho forsvinn.

Er det ti menneske i rommet saman med henne? Ingen? Hundre? Ho anar ikkje. Teologistudenten pustar ut og kjenner at all stress og uro er vekke.

Ho snur seg og delar sjølvsikkert ut sin fyrste nattverd. Tanken om at ho berre går på studiet for å lære språk er blåst vekk.

Renaa kjem heim til kjærasten den ettermiddagen og fortel at ho skal bli kyrkjelydsprest.

– Slik fekk eg kallet mitt.

– Nederland irriterer meg

Cynthia og kona Cathrine Renaa sit i «kyrkjestugu» i Vågå i Gudbrandsdalen. Det er eit lite hus ved sidan av den mørkebrune Vågåkyrkja som blei bygd på 1600-talet av fleire hundre år gammalt materiale frå tidlegare stavkyrkjer.

Auga til Renaa er blanke.

– Eg blir framleis emosjonell av å snakke om det, forklarar ho.

Renaa var godt vaksen då ho blei uteksaminert frå Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo og fekk si fyrste prestestilling i 2018. I fem år har ho jobba som sokneprest i Vågå.

Og det var inga sjølvfylgje at den katolske, nederlandske jenta med kampsporttalent skulle ende opp her. Likevel meiner Renaa sjølv at det var nokre ting som peika i den retninga.

– Eg likar ikkje å bu i Nederland. Det er noko med Nederland som irriterer meg.

– Kva då?

– Eg veit ikkje heilt. Eller, det er så utruleg mykje folk der. Det er eit veldig lite land med over 17 millionar menneske. Så aggressiviteten blir veldig høg.

---

Cynthia Antonia Maria Slomp Renaa

  • Sokneprest i Vågå
  • 57 år
  • Gift med Cathrine Renaa
  • Født og oppvaksen nordaust i Nederland

---

Fann roa i Skandinavia

Renaa forklarar at ho trur folk blir lettare irriterte av eit travelt miljø med mange folk. Det gjeld i alle fall ho sjølv. Ho treng ikkje lenger enn til Oslo før ho kjenner på det.

– Det kjem ei gravid dame inn på bussen, og ingen reiser seg. Og spør dei blir folk sure. Kjem det nokon med krykker eller som er litt eldre eller litt kraftig på bussen her i Vågå, då reiser ti ungdommar seg opp med ein gong. Det er forskjellen på byen og bygda, meiner Renaa.

Ho har budd i både Sverige og Noreg, og noko av det ho set stor pris på er at det går an å setje seg ned på ein stein og ikkje høyre ein menneskeskapt lyd. Det fører med seg ein ro for hennar eigen del, og er sjeldan kost i Nederland.

– Du merkar det på skandinavar. Folk her er litt meir relaxed.

Norsken hennar er ei blanding av Oslo- og Vågå-dialekt, men nokre sjeldne tilfelle av engelske ord, der vokabularet ikkje strekk til.

Min Tro - Cynthia Slomp Renaa

Vegen til Vågå

I 2009, då forholdet med kona Cathrine Renaa endå var ferskt, tok Cathrine ho med til Vågå, sidan familien har tilknyting til staden. Dei står og ser utover elva Finna då Cynthia utbryt:

– Det her er feil. Den brua skal vera kvit.

Det går opp for ho at ho har vore her før, på ein ferie tolv år tidlegare. Etter å ha leita gjennom gamle foto frå turen fann ho eit bilete av Finnbrua som i dag er ei brun trebru, og rett nok, den var ei kvitmåla stålbru i 1997. Men det var ikkje det mest oppsiktsvekkjande. Bakpå stod det på nederlandsk: «Her kunne eg gjerne budd».

– Det var ei veldig spesiell kjensle. Det utløyste mange tankar om at ingenting er tilfeldig. Ting er alt planlagt.

Ho trur Gud ville ha ho til Vågå.

Faktisk er ho så glad i Vågå, at ho heiv seg rundt og fullførte dei to siste åra av teologistudiet på eitt år. Dette gjorde ho fordi ho ville rekke å søkje på ei prestestilling ho visste kom til å bli lyst ut.

– Og no har eg alt vore sokneprest i fem år på denne fantastiske staden, utbryt ho roleg, men med tyngde.

---

4 raske

  • Gud er: Overalt, for oss
  • Eg klarar meg ikkje utan: Gud
  • På gravsteinen min skal det stå: Eg hadde det gøy
  • Boka alle må lesa: Bibelen

---

Skremte bygda

Og kjærleiken ser ut til å vera gjensidig. Fyrste april la soknepresten ut ein spøk, trass i kona sine innvendingar, der ho sa at ho saman med prosten hadde bestemt at ein skulle avslutte prestetenesta i Vågå.

– Det er det vel strengt tatt biskopen som bestemmer at det ikkje skal vera prest ein stad lenger, men den distinksjonen forstår ikkje nødvendigvis folk, forklarar kona til Cynthia, Cathrine.

Ho har overtatt oppgåva med å fore Vårt Land med info om Cynthia for ei lita stund.

Fleire trudde ho hadde sagt opp, fortel Cathrine. For å gjera det endå tydlegare at det var ein spøk hadde også Cynthia lagt til at årsaka var at ein lokal investor, som alt har skapt overskrifter med å kjøpe opp store delar av sentrum i bygda, hadde kjøpt opp Vågå kyrkje.

Offisielt har me prestar berre 35,5-veke, men det går ikkje. Nei, i mine auge er ein prest 24/7. Spesielt på bygda.

Frå før av er Cynthia glad i å slå av ein prat med dei fleste ho møter på sin veg. Men no nådde det nye høgder, skal me tru kona hennar.

– 13-åringar tok skjermdumpar og sende rundt mellom seg. Ungar heilt ned i 11-årsalderen fekk heilt panikk. Me kan ikkje bli konfirmerte når Cynthia sluttar?, hermar Cathrine.

På ein tur i matbutikken gav ho til slutt opp å koma seg til kassa, på grunn av alle som stoppa for å snakke med Cynthia og forsikre seg om at det var ein spøk.

– Eg fann meg ei ølkasse og sitje på. Det tek si tid til vanleg også med alle som skal snakke med henne, men no tok det heilt av.

No går Cathrine på butikken utan Cynthia.

Det vanskelegaste var å bytte skule så ofte. Det var ikkje enkelt å få venner på kvar stad. Men det gjorde meg veldig oppteken av kven eg var alt som heilt ung.

—  Cynthia Renaa om barndomen
Min Tro - Cynthia Slomp Renaa

Er prest 24/7

Me kjem innpå temaet fordi me ventar på Cynthia som har blitt ståande og prate med eit ungt par på kyrkjegarden på veg inn i kyrkjestugu for intervjuet med Vårt Land.

Me dristar oss etter kvart bort.

– Når me sa at Cynthia skulle vie oss sa folk at me var heldige, fortel Hildegunn Aasgard, som blir retta på av ektemannen då ho utelét sitt splitter nye etternamn Nebbnes, som ho no delar med Ole.

Dei blei via for nokre dagar sidan av Cynthia, og er innom i dag for å hente mjølkespanna dei hadde blomar i.

Det var på hengande håret Cynthia fekk via dei. Ein hissig halsbetennelse gjorde at ho nesten ikkje hadde stemme på starten av laurdagen der ho skulle ha tre viingar. Ho kom seg så vidt gjennom.

No har ho eigentleg fått forbod mot å snakke av legen, også med Vårt Land. Men ho greier ikkje dy seg.

– Offisielt har me prestar berre 35,5-veke, men det går ikkje. Nei, i mine auge er ein prest 24/7. Spesielt på bygda.

Mange av dei gode samtalene med folk får ho på bokhandelen, kafeen, matbutikken, eller under ein av røykepausene på benken utanfor kyrkjestugu.

– Eg har vatn der eg kan stumpe røyken altså, for det er litt tørt no, seier ho og ler litt medan ho nikkar mot den majestetiske trekyrkja bygd av stavkyrkjemateriale som ligg nokre titals meter unna.

– Eg har alt skapt nok rabalder med den 1. aprilspøken, seier ho muntert.

Min Tro - Cynthia Slomp Renaa

Ein omflakkande barndom

I barndommen flytta Renaa og familien mykje rundt på grunn av jobben faren. Dei budde ein 12-13 ulike stadar i løpet av oppveksten, tippar ho.

– Det vanskelegaste var å bytte skule så ofte. Det var ikkje enkelt å få venner på kvar stad. Men det gjorde meg veldig oppteken av kven eg var alt som heilt ung. Det er eit stort spørsmål.

Og det er noko ho er oppteken av også i dag. Ikkje berre kven ho er sjølv, men retten til at alle skal kunne vera seg sjølve. Det har ho ikkje alltid blitt møtt med av andre.

Ho vaks opp i den katolske kyrkja, og ho var ein av dei som stilte mange spørsmål under bibelundervisninga på skulen. Ho hugsar endå nonna frå eit kloster i nærleiken, som underviste dei.

I den katolske kyrkja kjente eg veldig på at eg ikkje var velkomen

Renaa var skeptisk til mykje, og stilte mange vanskelege spørsmål. Rett før dei skulle flytta frå staden tok nonna henne til side:

– Ho sa: Cynthia, sjå deg litt meir om i verda, meld deg ut av den katolske kyrkja og søk etter ein institusjon som passar deg betre.

Ho lika så godt å gå i barnekoret, og ho sette stor pris på å høyre all latinen i kyrkja. Men før ho fylte 20 år meldte ho seg likevel ut.

Min Tro - Cynthia Slomp Renaa

Kjente seg ikkje velkomen som lesbisk

Det viste seg at Cynthia hadde eit kampsporttalent, og store delar av livet har ho bruka på å enten konkurrere eller trene opp yngre krefter i den koreanske kampsportgreina Tang Soo Do.

Ho fortel om fleire tredjeplassar i verdsmeisterskap, i tillegg til titlar som europameister og nederlandsk meister.

Det var ingen som spurte meg om noko. Ikkje om eg var medlem, om eg trudde, eller noko slikt. Eg blei berre ynskt velkomen. Det var heilt nytt for meg,

—  Cynthia Renaa om møtet med Den norske kyrkja

Idretten førte ho rundt i verda, og ho fekk god tid til å sjekke ut ulike religionar. Sjølv om mykje var ulikt såg ho at nestekjærleiken gjekk att. Det trur ho det er ein grunn til.

– Me gløymer så fort å vare på kvarandre fordi me er så opptekne av oss sjølve.

Ho såg den katolske kyrkja med utanfråblikk og sakna ei meir inkluderande haldning.

Det ho sette minst pris på var det ho skildrar som peikefingrar mot mykje og mangt.

Det at Renaa er lesbisk har ikkje gjort det enklare.

– I den katolske kyrkja kjente eg veldig på at eg ikkje var velkomen. Ikkje alle var slik, men eg kjente dei peikefingrane. Det gjorde eg.

Min Tro - Cynthia Slomp Renaa

Kjærleik ved fyrste møte

Kanskje derfor blei hennar fyrste møte med Den norske kyrkja så fint. Ho gjekk på gudsteneste saman med Cathrine og mor hennar.

– Det var ingen som spurte meg om noko. Ikkje om eg var medlem, om eg trudde, eller noko slikt. Eg blei berre ynskt velkomen. Det var heilt nytt for meg, for eg var så vane med dei peikefingrane.

Renaa har vist veg bort til kyrkja, og peikar på nokre bitar papirkonfetti på bakken som vitnar om helgas glade hendingar.

Svart tjøre ligg i eit tjukt, vernande lag utanpå kyrkjeveggane. Sjølv dei lågaste i fylgjet må bøye seg djupt ned for å koma gjennom den vesle sidedøra inn til sakristiet.

Til den dag i dag, seier Renaa at ho aldri har hatt kjensla av å bli sett skeivt på på grunn av legninga si i Den norske kyrkja.

– Eg veit at det alltid finst dei som er imot, og dei må finnast dei også, for å gjera oss litt skarpare. For å minne oss på kva me må tenkje over, meiner soknepresten.

– Ein skal alltid vera seg sjølv, også står andre heilt fritt til å tenkje og tru det dei vil, så lenge dei ikkje plagar andre. Me kan ikkje seie at det er plass til alle i kyrkja, men ikkje til du, og du og du.

Ho peikar subtilt med eine handa. Fortel kor givande det er å få vera der som prest for alle, frå byrjing til slutt. Sjølv om det også kan vera tungt til tider.

– Det er det beste ein kan gjera. Eg kan aldri tenkje meg noko anna. Eg tvilte i så mange år, eg kan ikkje forstå det, reflekterer ho.

– Det er den beste jobben i verda.