Norsk kyrkje vil nå ut til heile verda med dataspel om Bibelen

– Har de lyst til å prøve?

Arve Solli sit framoverbøygd i kontorets sofagruppe, med auga festa på ein TV-skjerm og henda på ein konsoll. Han er leiar for BCC Media si avdeling for spelutvikling, Bible X, og produsent av Gate Zero – det nyutvikla spelet avdelinga står for.

Solli styrar stødig karakteren Max rundt i spelverda som han sjølv har vore med på å designe.

Hendingane føregår i Israel på Jesu tid. Karakteren beveger seg frå Oljeberget, mot getsemanehagen og tempelet.

I den fullstendige versjonen som kjem ut i 2024, blir ein vitne til bibelhistorier frå Jesu liv. Gjennom dette håper utviklarane at bibelbodskapen skal nå ut til fleire.

Gate Zero

– Vi ønskjer å utruste unge menneske med kunnskap og forståing for evangeliet, fortel Solli.

Prototypen Solli viser fram, blei lansert for ei veke sida og har allereie blitt lasta ned av om lag 1600 personar. Målet er at det endelege spelet skal få fleire enn hundre tusen brukarar.

– Vi treng såpass mange brukarar for at det skal bli eit konsept som er berekraftig, fungerer, pulserer og lever, seier Solli.

Tidsmaskin til Jerusalem

Med 15-åringar som målgruppe, handlar spelet kort fortalt om at Max og fetteren frå år 2072 har fått ei gåte frå si truande avdøde bestemor. For å finne svar på den, må dei reise tilbake i ein tidsmaskin, og løyser oppgåver for å finne bibelvers som vidare utspel seg på skjermen.

– Kjerneideen er å hoppe over 2000 år med kristne forgreiningar og reise tilbake til kjelda for å høyre bodskapen direkte frå Jesus. Derfor laga vi tidsmaskin-konseptet seier Solli.

Spelet vil komme ut med fleire utgivingar, og den første vil innehalde om lag 40 av hendingane frå Bibelen.

– Målet er å lage heile Jesu liv i løpet av fire utgivingar. Kor raskt dei kjem ut veit vi ikkje enno, men vi håper at vi kan gjere det i løpet av fire-seks år. Men det er jo heilt avhengig av kor bra finansieringa går, seier han.

TIDSREISE: I Bible X får spelarane besøke Jerusalem på Jesu tid.

Ønskjer høg kvalitet

Med eit årleg budsjett på 15–20 millionar kroner og 10 tilsette på fulltid, ønskjer utviklarane å lage eit spel av høg kvalitet. Dette for at ungdom faktisk skal ønskje å spele det.

– Meir enn 3 milliardar menneske spelar spel på verdsbasis og spelindustrien er større enn film- og musikkindustri til saman. Ved å lage Gate Zero, brukar vi det mest innflytelsesrike mediet i verda for det mest revolusjonerande bodskapen som nokon gang er fortalt, seier Solli.

Leiaren fortel at dei til no har vore finansiert av BCC-forbundet. 6. juni starta dei ein innsamlingsaksjon i på nettsida Kickstarter, og spelet kjem til å bli seld på plattforma Steam når det kjem ut.

Gate Zero

– Businessmodellen her er non-profit, så alt vi tener på det kjem til å gå inn i nye utgivingar.

Dei håper å kunne gjere spelet tilgjengeleg også på PlayStation og Xbox.

Kvalitetssjekkar teologien med andre kyrkjesamfunn

Er det ting i teologien i spelet som skil seg frå teologien i andre kyrkjesamfunn?

– Det er eit veldig godt spørsmål, fordi mange lurer på det. Å spele Gate Zero skal vere det same som å lese Bibelen berre i videospel-form. Ikkje som ein erstatning, men som eit supplement. Vi er svært nøye med å stelle oss til slik det står skreve og konfererer med teologar og bibelforskarar frå forskjellige evangeliske trussamfunn og greiner, både i Norge og USA.

Han seier at dei er litt inspirert av den kristne tv-serien The Chosen, blant anna i form av at dei har kontakt med forskjellige folk til å lese gjennom innhald og manus.

– Vi hadde også møte med ein av folka bak The Chosen for å utveksle litt erfaringar og slikt, så det er veldig spennande, seier han.

– Spelet kan nå ut til den typiske gameren

Jarle Haugland, dagleg leiar i Tro & medium, trur prosjektet har potensial til å bidra til å forme trua hos menneske.

– Til ein del foreldres store frustrasjon går det mykje tid med på dataspel. Viss ein då kan fylle det med eit innhald som er godt og som også har ein bibelsk bodskap i seg, er det fantastisk, seier han.

Haugland håper at spelet blir så felleskristent og bibelfokusert som utviklarane signaliserer, og er overtydd om det i så tilfelle vil vere ei stor breidde av Kristen-Noreg som aktivt vil kunne ta det i bruk.

Jarle Haugland

Han applauderer at dei jobbar med teologar frå andre kyrkjesamfunn.

– Ein må erkjenne at BCC historisk sett ikkje held til i det ein vil kalle sentrum av det evangelikale Kristen-Norge. At dei tar det på alvor og involverer andre kyrkjesamfunn, trur eg også er ein nøkkel til å lukkast, seier Haugland.

Brunstad Christian Church blei medlem av Norges Kristne Råd i 2021, men har tidlegare stått utanfor mykje felleskyrkjeleg samarbeid.

Meiner spelet er verdt betalingssummen

Er det verdt å bruke så mykje pengar på dette prosjektet?

– Heilt klart. Dette er ein arena der menneske potensielt er dagleg. Skal ein lukkast må ein komme opp på det nivået, og det er absolutt verdt det. Og viss ein tenkjer globalt og går saman tverrkyrkjeleg blir det ikkje store summar.