Religion

Meiner kristne bør velje bort p-pilla

ETIKK: Fleire kristne aktørar meiner bruk av p-piller og spiral er etisk problematisk, fordi det kan føre til «supertidleg abort». – Sannsynet for at det skal skje er ekstremt lite, meiner overlege.

«Ettersom et menneskeliv oppstår ved befruktningen, er ikke spiral og p-piller noe alternativ for den som er kristen.»

Det skriv Stefan Gustavsson i boka Nakne uten skam frå 2021. Boka handlar om den seksuelle revolusjonen i kontrast med det klassiske kristne synet på kjærleik og seksualitet.

Her problematiserer Gustavsson bruken av spiral og p-piller blant kristne.

– Det har å gjere med det kristne synet at menneske er skapt i Guds bilete og at kvart lille menneske har rett til liv og er verdifullt, seier Gustavsson.

Då p-pilla blei tilgjengeleg i 1967, fekk kvinner det mange kallar for ei seksuell frigjering. I dag finst eit stort antal hormonelle prevensjonsmiddel – men likevel har debattane omkring legemidla vore brennheite dei siste åra. I 2015 blei ein katolsk lege sagt opp fordi ho av samvitsgrunnar ikkje ønskte å setje inn spiral, noko som førte til fleire medieoppslag og rettssak.

Hormonell prevensjon for menn har blitt sete på dagsorden, og nyleg har helsepersonell uttrykt bekymring for at jenter og kvinner sluttar på hormonell prevensjon fordi dei ikkje ønskjer negative biverknader.

– Må ikkje berre sjå på om prevensjonsmiddelet beskyttar mot graviditet

Svart/hvitt portrettbilde av Stefan Gustavsson.

I boka grunngir Gustavsson synet med at spiral hindrar det befrukta egget i å feste seg i livmora. Når det gjeld p-pilla skriv han at den både hindrar sædceller og egg i å møtast, og hindrar at eit eventuelt befrukta egg festar seg i livmora. Han meiner at dette gir ein aborterande effekt, men understrekar at han ikkje er i mot prevensjon på generelt grunnlag.

Gustavsson seier at prevensjon som kondom og pessar kan sidestillast med naturleg familieplanlegging, som vil seie å unngå sex under dei mest fertile periodane til kvinna.

– Om ein vil bruke prevensjonsmidlar, bør ein finne ut korleis prevensjonsmiddelet fungerer. Altså må ein ikkje berre å sjå på om det beskyttar mot graviditet, men ein må også sjå på kva måte graviditeten blir forhindra, og om graviditeten blir forhindra gjennom ein supertidleg abort, meiner han.

Guttogjente.no, ei kristen rettleiingsside om kjærleik og seksualitet, skriv at dei frårår spiral og minipiller. P-piller vil dei ikkje frårå på generelt grunnlag, men skriv at det er «problematisk at vi ikke vet nøyaktig hvor stor risikoen er for at det skal skje en uønsket befruktning av et egg som deretter hindres i å feste seg i livmorslimhinnen.»

Nettsida understrekar at forskning viser at risikoen er svært liten.

Skilnad mellom abort og prevensjon, men framleis prinsipielt feil

– Vil du seie at en abort etter å ha gått til dømes ti veker gravid, blir det same som å bruke prevensjon der det skjer en befruktning som ikkje får sete seg i livmora?

Det er openbert at det finst store skilnader. Eit foster som er ti veker har jo vakse og blitt utvikla, og har eit tal av funksjonar som det befrukta egget ikkje har. Men det finst ein likskap, nemleg at det er eit nytt medlem av arten homo sapiens. Og som kristne trur vi at homo sapiens er skapte i Guds bilete. Og alle vi som lever i dag har jo ein gang i tida vore eit befrukta egg, seier han.

På spørsmål om han meiner at abort og bruk av p-pille er det same, meiner han at ein tidleg abort er betre enn ein sein abort.

– Det betyr jo ikkje at det for den sakas skuld er akseptabelt. Det kan jo vere prinsipielt feil.

Om ein vil bruke prevensjonsmidlar, bør ein finne ut korleis prevensjonsmiddelet fungerer

—  Stefan Gustavsson, teolog

– Sannsynet for at det skal skje er ekstremt lite

Guttorm Raknes er overlege i Relis Nord-Norge, eit produsentuavhengig regionalt legemiddelinformasjonssenter, og kan bekrefte at p-piller og spiral kan ha enkelte effektar som Gustavsson skildrar i boka. Men Raknes teiknar eit meir komplekst bilete av prevensjonsmidla.

– Litt forenkla, lurer dei hormonelle prevensjonsmidla kroppen til å tru at den er gravid, og dermed unngå å bli befrukta ein gong til, seier han.

Portrett av Guttorm Raknes.

Progesteron er eit naturleg hormon i kroppen, som alle dei hormonelle legemidla inneheld ein kunstig versjon av. Mange inneheld også østrogen. Som Gustavsson forklarer i boka si, har p-pillene fleire ulike mekanismar som kombinert gjer at kvinna unngår å bli gravid.

Raknes forklarer at p-pillene hindrar eggløysing, og gjer slimet i livmorhalsen tjukkare – dei dannar ein slimpropp – for å hindre sædcellene i å trenge gjennom. Effekten som Gustavsson trekk fram som problematisk, er at slimhinnene i sjølve livmora blir tynnare, og ikkje så lett tilgjengeleg for at eit befrukta egg kan feste seg der. Ein tilleggseffekt er at transporten frå eggleiarane, der naturleg befruktning ofte skjer, og til livmora, ofte kan bli hindra av p-pillene.

– Eg kan ikkje utelukke at bruk av p-piller kan gi auka risiko for at eit befrukta egg ikkje fester seg, og at det kan vere problematisk dersom du meiner at livet oppstår ved befruktinga. Viss du først får befruktning av egget, er det litt mindre sannsynleg at det vil implantere. Men for at det skal skje, er det ganske mange ting som skal klaffe, seier han.

– Sannsynet for at det skal skje er jo ekstremt liten.

Større forståing for etisk problematikk knytt til spiral

Raknes har større forståing for at dei som av omsyn til det befrukta egget meiner spiral er uakseptabelt.

– Særleg for koparspiral er nok hemming av implantering viktigare for prevensjonseffekten. I mindre grad for hormonspiral, der ein i tillegg har slimproppeffekten, seier han.

Raknes trekk fram at alle dei hormonelle prevensjonsmidlane gjer at slimhinna i livmora blir tynnare, og antakeleg gjer det mindre sannsynleg at eit befrukta egg vil feste seg. Samstundes gir ein redusert mengde østrogen auka sannsyn for spontane eggløysingar. P-pillene har lågare nivå av dette no enn før.

Om ein skal vere heilt sikker på at snus og kaffidrikking ikkje skal kunne føre til svangerskapsavbrot, er det berre fullt sølibat som gjeld

—  Guttorm Raknes, overlege i Relis Nord-Norge

Andre faktorar blir viktigare å snakke om

Raknes meiner at dersom ein ikkje kan bruke prevensjonsmiddel på grunn av ein liten risiko for eit befrukta egg i eit svært tidleg stadium, må det få konsekvensar for annan atferd også.

– Til dømes er det enkelte haldepunkt for at nikotin og koffein kan auke risikoen for spontanabort. Og da er det jo ikkje berre snakk om implantering, men egg som har festa seg og har komme ganske langt i utviklinga. Om ein skal vere heilt sikker på at snus og kaffidrikking ikkje skal kunne føre til svangerskapsavbrot, er det berre fullt sølibat som gjeld, meiner Raknes.


Les mer om mer disse temaene:

Liselotte Bakkevig Tonheim

Liselotte Bakkevig Tonheim

Journalist tilknyttet religionsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion