Religion

Fleire fellesråd opnar for å skrote ny organisering av kyrkja: Har hasteinnkalla til storsamling

DEN NORSKE KYRKJA: Fleire fellesråd ser mørkt på ny, kyrkjeleg organisering og tek til orde for å heller behalde dagens kyrkjeordning

Denne veka publiserte Vårt Land eit innlegg frå kyrkjeverja i Oslo og leiar og nestleiar i Oslo kyrkjelege fellesråd.

Her tek dei rådar Kyrkjemøtet til å «avvise saka om omorganisering».

Vårt Land har kontakta fellesrådsleiarane i Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Tromsø for å høyre om dei er einige med Oslo kyrkjelege fellesråd.

Det var på Kyrkjemøtet i fjor etter ein fleire år lang prosess landa eit prinsippvedtak for ny organisering av Den norske kyrkja (DNK).

Skal gjera vedtak i august

Sjølv om det snart er tjue år sidan Kyrkjemøtet peika på at DNK burde ha éin felles arbeidsgjevar for alle tilsette, greidde ein ikkje å få fleirtal for dette i fjor, og ein landa på eit kompromiss der prestane framleis er tilsette nasjonalt, medan dei fleste andre kyrkjelege tilsette er tilsett lokalt, for å seie det litt enkelt.

Likevel vedtok ein at ein skulle ha ei «samla og samordna utøving av arbeidsgjevarfunksjonar».

Korleis ein skal få det til i praksis har vore uklart, og fleire år med utgreiingar, juridiske avklaringar og rundar med høyringar og handsaming er planlagt, før alt kan setjast ut i livet. Neste steg skal etter planen bli vedtatt på årets Kyrkjemøte i august.

Men no har fleire i kyrkja fått nok, og ber om at omorganiseringa blir skrinlagt, og at ein heller gjer forbetringar innan dagens kyrkjeordning.

– Vil drepa eit kvart engasjement

I Tromsø kyrkjelege fellesråd har dei ikkje rukke å handsame temaet som ei eiga sak endå, opplyser rådsleiar Ivar Vik.

Likevel er han tydeleg på eigen ståstad, og skriv i ein epost at han er heilt på linje med fellesrådet i Oslo i denne saka.

– Eit forsøk på å tvinge organisasjonsforslaget gjennom på kyrkje-Noreg vil drepa eit kvart engasjement for kyrkjelydane ute i landet på bekostning av eit «utviklings»-byråkrati utan like, meiner Vik.

Leiar i Trondheim vil skrote ny organisering i storbyane

Også leiar i Trondheim kyrkjelege fellesråd, Jan Olav Straume, er skeptisk.

Han fortel at dei diskuterte saka på ei sommaravslutning måndag denne veka, og at dei dagen før hadde fått greie på kva fellesrådet i Oslo meinte og vedtok om saka.

– Me har veldig sansen for det, og me var veldig nærme å fatte eit liknande vedtak, men det kom litt brått på, så det ville vore å skyte litt frå hofta, meiner Straume.

Han håpar forslaget om ny organisering blir skrota, i alle fall for Trondheim og storbyane sin del. Han er open for at det kan vera andre behov i meir grisgrendte strøk.

– Ein har bruka mykje tid og ressursar på prosessen til no. Vil det ikkje vera dumt å kapitulere før ein eingong har gjeve det eit skikkeleg forsøk?

– Men kva er det ein kapitulerer frå? Det er heilt klart at me må ha forandring, men det er mykje ein kan gjera innanfor dagens ordning.

Mellom anna meiner Straume at dei store by-fellesråda kan bidra med spisskompetanse og meir spesialiserte tenester for mindre fellesråd.

– Eg reagerer på at det blir foreslått samleiing. Det er det ingen som har fått til, og ingen som har tru på. Det gjer ein hundre prosent avhengig av medvind, og ser ein på talet arbeidsrettssaker og konfliktar i kyrkja veit ein at det ikkje er realistisk.

Straume påpeikar at dei ikkje har gjort eit formelt vedtak i saka, men han meiner fellesrådet i Trondheim er ganske samstemte i sitt syn.

– Krevjande å forhalde seg til

Bjørg Tysdal Moe, fellesrådsleiar i Stavanger, og Elin Saltrøe, fellesrådsleiar i Kristiansand, skriv i kvar sin epost at deira fellesråd ikkje har handsama saka endå.

– Eg kan ikkje seie noko om korleis fellesrådet stiller seg til saka eller kva rådet meiner vil vera den beste vegen framover med tanke på organisering, utdjupar Saltrøe.

Heller ikkje i Bergen kyrkjelege fellesråd har dei fatta eit vedtak, men i ein epost signert av rådsleiar Ragnar Gjengedal og kyrkjeverje Mette Svanes skriv dei at dei har stor forståing for utsegnene frå sine kollegaar i Oslo:

– Det er heilt klart mange ubesvarte spørsmål og dette gjev ein uoversiktleg situasjon for alle partar.

Dei seier vidare at fjorårets kyrkjemøtevedtak er «noko krevjande å forhalde seg til, og det er kanskje vanskeleg å sjå at prosessen kan resultere i optimale løysingar for alle kyrkjelege tilsette, frivillige og rådsmedlemmar».

Dei peikar også på at langvarige prosessar er ressurskrevjande, og at dei ynskjer at mest mogleg av budsjetta blir bruka «ute i tenestene som kyrkja tilbyr».

Likevel ser dei ikkje svart på alt som skjer, og trekkjer fram at det kan vera mykje å hente på å samordne og samarbeide om økonomiske og digitale løysingar, personalsystem og kursing.

– Me treng framleis å utvikle organisasjonen vidare, skriv dei.

Har kalla inn til samling

Nettverk for fellesrådsleiarar har tatt initiativ til ei samling på Gardermoen måndag 19. juni. Invitasjonen blei sendt for om lag to veker sidan.

– Det har skjedd rett og slett fordi me måtte hive oss rundt før sommarferien for å rekke å koma med ein bodskap før Kyrkjemøtet i august, fortel koordinator for nettverket, Svein Inge Thorstvedt.

Han seier mange har reagert etter at Kyrkjerådet handsama saka om kyrkjeleg organisering mot slutten av mai.

– Mitt inntrykk er at mange meiner at det som no er foreslått vil gjera det veldig vanskeleg å vera fellesråd og fellesrådsleiar, seier Thorstvedt.

På samlinga neste veke håpar han at dei kan koma fram til ei felles utsegn i saka.

Til no er 66 personar påmelde, og desse representerer til saman 42 fellesråd frå heile landet, opplyser nettverksleiaren.




Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion