Religion

Stemte mot millionforslag: – Det er mange stadar i kyrkja ein heller kunne bruka den millionen

DEN NORSKE KYRKJA: Kyrkjerådet vil gjera endringar på forma til Kyrkjemøtet, og ynskjer møtegodtgjersle til alle medlemmar. Det er ikkje Therese Egebakken einig i.

– Det er så klart uheldig med forfall, men eg tenkjer det er mogleg å angripe det på ein annan måte enn å koma med fleire midlar.

Det sa Therese Egebakken under Kyrkjerådsmøtet 24.-25. mai. Her diskuterte rådet arbeidsforma til Kyrkjemøtet.

Mellom anna låg eit forslag om å gje møtegodtgjersle til alle medlemmane av Kyrkjemøtet på bordet.

Vårt Land har fleire gonger skrive om at mange har meldt forfall til Kyrkjemøtet dei siste åra.

Ifylgje Kyrkjerådet gjaldt det høvesvis 24 og 25 personar på dei to siste møta. For fleire av desse greidde dei ikkje å skaffe varamedlemmar (fem i 2021 og åtte i 2022). I fjor reiste dessutan fleire heim før møtet var ferdig.

Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja (DNK) og har 116 medlemmar.

No ser ein på ulike måtar å få fleire til å delta. Kyrkjerådet har no komme med sine råd, men det er Kyrkjemøtet sjølv som skal gjera vedtak i saka når dei samlast i Trondheim i august.

Meiner kyrkja har råd

I sakspapira var det rekna ut kor mykje ulike variantar av møtegodtgjersle kan koma til å koste DNK. Her blir det påpeika at summen vil bli påverka av både lengde på Kyrkjemøtet, satsen på ein eventuell møtegodtgjersle og kven som skal motta den.

Går ein for eit alternativ der Kyrkjemøtet skal halde fram med å vare i seks dagar, og ein ikkje gjev møtegodtgjersle til dei kyrkjelege tilsette, sidan desse vil kunne få permisjon med løn, vil dette ifylgje sakspapira koste om lag 960.000 kroner. Då vil 83 personar kvalifisere til å få møtegodtgjersle.

Karl Johan Kirkebø frå Bjørgvin meinte ikkje det var ein avskrekkande sum.

– Det er ikkje mange promillar av eit budsjett på 2,5 milliardar. Me har råd til å bruke det på møtegodtgjersle, sa han.

– Feil retning

Therese Egebakken var ikkje einig.

– Éin million er ein liten sum i nokre perspektiv, men likevel tenkjer eg det er éin million i feil retning, svara representanten frå Stavanger bispedømeråd.

– Det er mange stadar i kyrkja ein kunne bruka den millionen betre enn på Kyrkjemøtet, heldt ho fram.

Men ho fekk ingen med seg, og var den einaste som stemte imot å innføre møtegodtgjersle. Og Kyrkjerådet enda opp med å foreslå at alle medlemmar av Kyrkjemøtet skal få godtgjersle, ikkje berre dei som er tilsette utanfor DNK.

Kirkemøtet 2022. Trondheim. Therese Egebakken.

Det ville med andre ord blitt dyrare enn éin million om Kyrkjemøtet skal vare i seks dagar. Men Kyrkjerådet stemte også for eit forslag der ein skal gjera Kyrkjemøtet kortare. Nærmare bestemt 3-4 dagar, noko som så klart vil redusere kostnaden for møtegodtgjersla.

Meiner summen ikkje kan forsvarast

Saka har vore på høyring, og sjølv om eit fleirtal av bispedømeråda var positive til møtegodtgjersle, kom det også fram andre syn.

Nord-Hålogaland bispedømeråd var skeptiske:

– Demokrati er kostbart, men me meiner likevel at dette er ein for stor sum å bruke på dette. Det vil vera ein budsjettauke på rundt 20 prosent, noko me meiner ikkje kan forsvarast i Den norske kyrkjas økonomiske situasjon og heller ikkje kommunikasjonsmessig ut til alle som driv frivillig arbeid i Den norske kyrkja utan betaling.

Frode Rabbevåg, vara frå Møre bispedømeråd, sa under møtet at han håpa kombinasjonen av eit kortare Kyrkjemøte og møtegodtgjersle ville gjera det enklare for fleire å delta på Kyrkjemøtet.

Frå v.: Karl Johan Kirkebø, Frode  Rabbevåg , Olav Fykse Tveit (preses).
Kyrkjerådsmøte mai 2023. 

Kirkerådet. Kyrkjerådet.

– Ein ser ei utvikling der det i hovudsak er offentlege tilsette, pensjonistar og kyrkjeleg tilsette som møter. Då må me prøve å leggje til rette for at det også skal vera mogleg for andre yrkesgrupper.

Han trur lengda på Kyrkjemøtet i dag er eit viktig hinder for mange yrkesaktive.

Kan dekkje barnevakt

Ut år 2020 hadde medlemmar av Kyrkjemøtet rett til fri frå arbeid for å delta på det årlege møtet, men dette blei ikkje vidareført i den nye trussamfunnslova, trass i protestar frå Kyrkjerådet.

Kirkemøtet 2022. Trondheim. Tove Karoline Knutsen

– Når så mange har uteblitt mellom anna på grunn av arbeidsforhold, så er det ein trussel mot demokratiet. Eg tenkjer at det å gje ein møtegodtgjersle det er å styrke kyrkjedemokratiet. Den kostnaden synest eg me skal ta, uttalte Tove Karoline Knutsen frå Nord-Hålogaland.

I dag kan medlemmar av Kyrkjemøtet få dekt tap av arbeidsforteneste i dei tilfella der arbeidsgjevar ikkje gjev dei fri med løn.

Dersom Kyrkjemøtet stemmer gjennom forslaget om å innføre møtegodtgjersle vil denne koma i tillegg, og er meint å også skulle vera kompensasjon for anna arbeid som fylgjer med vervet som Kyrkjerådsmedlem.

I høyringssvara i saka skreiv Agder- og Telemark bispedømeråd at møtekompensasjonen kan dekke ting som ikkje kjem inn under kompensasjon for tapt arbeidsforteneste:

«For nokre grupper deltakarar kan eit slikt opplegg gjera fråværet frå heime over fleire døgn lettare å handtere med tanke på den bistand som kanskje trengst heime med tanke på barnepass, tilsyn osv.».

Vil ha eigen regelkomité

Kyrkjerådet gjekk også inn for å opprette ein regelkomité med medlemmar frå Kyrkjemøtet som skal vurdere om forslag til endringar under Kyrkjemøtet er tilstrekkeleg greia ut, og om dei let seg kombinere med anna regelverk.

Dette meiner Kyrkjerådet vil vera ein mindre resurskrevjande enn måten ein handsamar slike saker i dag.

Forslaget fekk også brei støtte i høyringa av saka.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion